Vevstolar
Nybyggaren på Sørstrand (Mastolgarden) på inste Longva, Ole (Haram) Longvastrand, hadde to søner som vaks opp. Den yngste av dei var Karl, som reiste til Larsnes og i 1916 grunnla det som i dag er Larsnes Mek. Verksted.

Den andre sonen til Ole frå Haram som levde opp, heitte også Ole. Han gifta seg med Marie frå Olagarden på Nogva, og saman fekk dei elleve born.

Ein av dei elleve fekk namnet Karl. Han og broren Harald starta å lage vevstolar like etter andre verdskrig og heldt det gåande med vevstolproduksjon til utpå 1950-talet. Gamlestova i Mastolgarden var gjort om til smie og verkstad, og der laga dei både treverket og smidde sjølv dei mekaniske delane som skulle til på vevstolen.

Gamlestova

Verkstaden – «Gamlestøvå» – første bustadhuset på Sørstrand

I verkstaden var det to avdelingar, éi for trearbeidet og ei mekanisk avdeling. På treavdelinga hadde dei boremaskin og sirkelsag, men elles vart både høvling og anna trearbeid gjort for hand.

På den mekaniske avdelinga var det esse, dreiebenk og smergelskive i tillegg til ein del handverkty. Alle metalldelane til vevstolane vart smidde og utforma her. Dette var handarbeid og fint handverk, så kvar vevstol tok nok si tid å lage.

Likevel produserte og leverte brørne Longvastrand nokså mange vevstolar, mest til heimemarknaden, men ein del vart også «eksportert» til andre stader. Det finst enno vevstolar laga i Mastolgarden her på øya, og sikkert også andre stader.

byssetopp

Byssetoppen. I holet til høgre stod oljebrennaren.

Bysser
Ein tredje son av Ole og Marie i Mastolgarden, Oskar, hadde òg interesse for og innsikt i mekanisk produksjon. Han reiste til Selje og kjøpte ei sjøbu, bygde slipp og starta reparasjonsverkstad for båtar.

Ikkje alt gjekk så greitt som det skulle, og etter ei tid vende han tilbake til Sørstrand. Sjøbua står framleis på Selje, tett attmed fabrikken der dei lagar Saga-båtar i dag.

Vel heime igjen, starta Oskar å lage bysser til småbåtar, altså ein liten komfyr eller kokeapparat ein kunne få kokt kaffi og andre ting på. Han tok til og med patent på denne byssa, og forsynte mange båtar i området med kokemuligheiter. Også dette produktet vart laga på verkstaden i Gamlestøvå.

Byssene kunne variere litt i storleik, men var om lag 60–70 cm lange og 35–40 cm breie. Dei var forsynt med ein oljebrennar som skaffa kokevarmen, og på toppen var det slingrekantar som kunne justerast etter storleiken på kokekaret.

Oskar smidde og sveisa byssene i verkstaden på Mastolgarden ein periode, men produksjonen kasta vel ikkje nok av seg til eit levebrød i det lange løp. Difor tok han seg arbeid på Nils N. Finnøy Motorfabrikk på Finnøya, og seinare hos Brødr. Rogne i Brattvåg.

Lagnaden for både vevstolar og bysser vart den same som for mykje anna småindustri som blomstra opp det første tiåret etter krigen: marknaden vart metta og etterspurnaden etter produkta minka, og ofte kom det fabrikkar som kunne produsere varene meir effektivt og billegare.


Kommentarer

Vevstolar og bysser — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *