Fram til midten av 1800-talet var det berre sledar som vart brukt til transportmiddel på land – også sommarhalvåret. Frå rundt 1850 tok dei til å montere hjul på sleden, og denne «hjulsleden» var første vogna som kom i bruk på våre kantar. Dermed vart det etter kvart trong for litt betre vegar enn råsene som sleden greidde seg med. Etter utskiftingane på 1850- og 60-talet, då gardsbruka flytta ut av klyngetuna til sine nye jordstykke, vart busetnaden dessutan meir spreidd, slik at det vart trong for vegar mellom dei nye gardstuna.

Første gongen det var tale om veg i Haram heradstyre var i 1870, då prosten etterlyste betre vegar for presten å kome seg fram på. I 1874 oppmoda amtet sin veginspektør, kaptein Gregersen, heradsstyret om å «tage under Overveielse, om ikke visse Bygdeveisanlegg burde undersøges i Harhams Herred». Og i 1875 gjorde heradstyret vedtak om å bygge ei rad vegar i heile kommunen. Før den tid var her ikkje anna enn gardsvegar, mest til bruk for å kome seg til utmarka, torvteigane og sjøen.

Vegen skulle helst ligge på tørraste landet i eldre dagar for å kunne vere farbar i våtver og teleløysing. I tillegg skulle han innom alle gardstuna for lett tilkomst. Husa på garden vart òg som regel plasserte på tørr grunn, og den høgste og beste plassen for begge delar var ofte rimma. Såleis ligg også «hovudvegen» Nogva–Flem, som vart opparbeidd i åra 1876–77, for det meste på ei slik rim – ca. 10 meter over havet – langs gardstuna på Nogva/Rogne og utover Longva til Flem.

Vegen Nogva–Flem

Her på øya skulle den nye vegen gå «fra Nogved om Rogne til Flem» – ei strekning på knapt 10 kilometer. Sjølv om ikkje alle likte tanken på å gjere matjorda om til noko så gagnlaust som veg til å gå og køyre på (med hest og vogn), gav bøndene frå seg både grunn og grus, medan kommunen kosta opparbeidinga. Alt på slutten av 1877 var vegen ferdig.

Sidan den tid er ein stor del av vegen omlagt på Flem, men resten av strekninga – frå Longva om Rogne til Nogva (nedstevegen) – er for det meste uendra. Vedlikehald var det gardbrukarane langs vegen som måtte syte for, og rodeinndelinga vart gjort av vegstyret i november 1877.

Det var fem roder: Nogva med 644 meter, Rogne 2.473 m, Longva var delt i to med a) 2334 m og b) 1746 m og Flem 2.502 meter. Kvar rode vart så utlikna på gardmennene (bøndene) langs vegen i høve til skylda på gardsbruket. Denne stykkedelinga vart gjort av lensmannen i samråd med eit par mann valde av kommunestyret. Rodesteinar med nummer på rodene vart sett opp, og likeins stykkestolpar med namn på gardane. Ein lokal rodemeister hadde tilsyn med at vegarbeidet vart gjort.

Kvar vår måtte bøndene bruke fleire dagar på å gruse og stelle sin del av vegen. Og det endå om her korkje var bilar eller syklar på vegane den tida. Men det vart lettare framkomst med hest og vogn mellom gard og grend etter at vegen var på plass. Den første som skaffa seg sykkel her på øya, var Karl G. Rogne, meiner han sjølv. Det var i 1898, og både vegen og sykkelen kom nok godt med, sidan Karl då budde på Rogne og var lærar på Flem.


Kommentarer

Vegar — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *