Nordøy juniorkorps var i aktivitet ein periode på 1970-talet. Korpset var for dei eldste i Flem og Haramsøy skulekorps, og i tillegg var eit par vaksne med. Dirigent og primus motor var Leif Flem. På Haramstreff i mai 1975 på Haramsøya spelte juniorkorpset Melodie Beguine av Johan Øian, og korpset var også med på Haramstreffet i 1978 på same stad.

Juniorkorpset var som ein forløpar for Nordøy ungdomskorps å rekne. Dersom journalisten har rett i at det var juniorkorpset som spela på Haramstreff i 1978, må ungdomskorpset ha kome i gang same hausten. Iallfall spelte det på adventskonserten i kyrkja dette året. Songkoret Samklang fortel i møteboka si at «Belmonthymnen» og «Ave verum korpus» saman med Nordøy ungdomskorps var den store opplevinga for dei på konserten.

Samklang nemner også ein konsert 1. april 1979 som ungdomskorpset arrangerte på Haramsøy samfunnshus. «Ein flott konsert der Nordøy ungdomskorps verkeleg imponerte, eit korps me vil få høyre meir til», skriv dei i møteboka.

Også her var Leif Flem dirigent, men i motsetnad til juniorkorpset, dette var eit sjølvstendig korps med eige styre og eigen økonomi. Ungdomskorpset kjøpte inn fleire nye instrument til folk som gjerne ville vere med, men som ikkje hadde instrument sjølv. Mellom anna vart det innkjøpt ein barytonsaksofon, som var nytt her på øyane. Denne og andre instrument «arva» Nordøyane storband då det starta.

Lite dokumentasjon finst att etter ungdomskorpset, berre nokre spreidde glimt. Korpset spelte på festen i samband med fylkesårsmøtet som Skuløy og Haramsøy bondelag var vertskap for i juni 1980. Den 15. august 1982 var det speleoppdrag på Ullafjellet i høve avdukinga av eit minnesmerke over fire flygarar som omkom under andre verdskrig då flyet deira styrta i fjellsida.

Ungdomskorpset vart også invitert av NRK ved Svein Smørdal, som hadde vore lærar på Flem skule, til å spele inn musikk som skulle brukast i radioen lokalt. Det skjedde på Våghall i Brattvåg, og mellom andre den vakre Pavane in Blue vart festa til lydbandet.

På dei aller fleste Haramstreffa denne tida var Nordøy ungdomskorps til stades, og likeins adventskonsertane i kyrkja. Korpset spelte på Haramsøy skulekorps sin 25-årsjubileumsfest i 1981 og var gjestekorps på ein konsert som Vatne Hornmusikk arrangerte 3. mars 1985. Ungdomskorpset deltok som oftast på vår- og haustkonsertane som skulekorpsa skipa til, og spelte elles på ymse andre tilstellingar.

Nordøy ungdomskorps var ope for alle spelelystne, men hadde ei nedre aldersgrense. Dei eldste årgangane i skulekorpsa kunne vere med, men berre dersom dei også heldt fram i korpset sitt til dei nådde «normal» sluttalder. Dette for at ungdomskorpset ikkje skulle drage musikantar ut av skulekorpsa.

Fleire av medlemane var heime berre i helgane, og stundom var det med folk frå både Fjørtofta og Lepsøya. Såleis var det øving søndagar kl. 11.00 ein periode. Men medlemstalet gjekk etter kvart nedover, og ungdomskorpset avslutta aktiviteten etter vårsesongen 1987. Seinare same året starta Nordøyane storband opp, og fleire av korpsmedlemane blei med der. Tre av dei – Anders Flem, Knut G. Flem og Evy Hellebust Rogne – speler framleis i storbandet.

Omkring 2000 var korpset «Med orkan i kasta» i drift eit par års tid. Gunn Storås var primus motor, og Knut Flem dirigent. Det er lite informasjon å finne, men vi veit at korpset spelte på tusenårskonserten – stor konsert på Nordøy grendahus 16. januar 2000 for å markere overgangen frå det eine tusenåret til det andre. Det meste av song- og musikkrefter på våre to øyar deltok – om lag hundre aktørar i alt, og 180 betalande vaksne var til stades.

Fleire opplysningar er velkomne! Og eit bilete eller to.


Kommentarer

Ungdomskorps — 4 kommentarer

  1. Hei, kan dessverre ikkje tilføye særleg nytt. Kom på at vi var og gjorde lydopptak på Våghall i Brattvåg ein gong, men hugsar ikkje om det var Flem skulekorps eller Nordøy ungdomskorps (kanskje begge korpsa). Lurer på om det var opptak for nærradio eller noko slikt, men skralt med hugsen, så det stoppar opp der. Nokre andre som var med: Marit Rogne, Astrid Hansen (g. Hermansen), Synnøve Nerland, Ann Kristin Otterlei, Sveinung Flem, Arvid Steen (var med ei stund før det vart oppløyst, spelte baryton) og sjølvsagt fleire som eg ikkje kjem på no. Du skriv veldig godt, Knut, og har ikkje bedd om korrektur. Nemner likevel setninga det du skriv at Leif er dirigent for Nordøy ungdomskorps. Der må du byte om to ord; «det var» til « var det». Så var det verbet spele i preteritum; du skriv som regel «spelte», men i setninga «Dersom journalisten har rett i ….» skriv du spela. Dette er «flisespikkeri», men som lærar må eg pirke litt.når eg ser det.:)

  2. Takk for innspel, nye opplysningar og korrektur!
    Når du nemner det, hugsar eg innspelinga av musikk på Våghall. Det var NRK med Svein Smørdal, trur eg (som hadde vore lærar her) som stod føre, og det skulle brukast på «lokalen». Eg hugsar også eit stykke vi spelte, av Ted Huggens, med nydelege melodiar, men eg kjem ikkje på tittelen. Det var ungdomskorpset åleine, så vidt eg hugsar.
    «Flisespikkeri» er bra, eg jobbar mykje for å få ting så korrekt som mogleg, ikkje minst på innhaldet. Elles skal einkvan korrekturlese heile boka før trykking, så det blir vel nokre rettingar då. Når det gjeld spela/spelte er eg ikkje alltig enig med meg sjølv om kva eg vil bruke (begge er «tillatt»); i dette konkrete tilfellet kjende eg etter kva eg syntest passa best og landa på det resultatet du nemner. Kan hende lèt eg det stå slik..:) Men forslag til rettingar/endringar tek eg gjerne imot.
    Til andre lesarar: ta gjerne del i diskusjonen. Nye opplysningar er sjølvsagt særs velkomne!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *