Ungdomshuset stod på oppsida av nedstevegen (mellom vegen og Kvernhuselva), ca. 50 meter innom brua over elva. Frå UL Samhald si møtebok 9/5-1907: Laget fekk den tomta som dei hadde tenkt, «… den trekanten som strekkjer seg mot nord frå Kvernhusvegen til Nese-kvernhuset mellom bygdevegen og elva.» Leigekontrakt på tufta på 99 år frå 6. mai 1907 vart inngått med Ytsteneset.

Materialar til huset vart kjøpt frå Rena Bruk i Kristiansund og kom til Longva kai 10/9-1907. Men på grunn av eit langdrygt styggevêr kom ikkje steinarbeidet i gang før 2. oktober.

Men frå då av gjekk byggearbeidet kvikt framover, fortel møteboka til ungdomslaget: «Der vart då mint og køyrt stein. Ungdomarne (å ja, dei eldre med) fortener ære, avdi dei var so onnige med dette arbeid. Den 1. november tok timbremennerne til med timbringi. Til jol fekk me taket på huset. Det vart då drive på med innreidsla, og huset vart vigsla laurdag 25. januar 1908.»

Og vigsla var høgtidleg: «Formannen sa fram trui og fadervår; so vart salmen “Å tenk på Gud i ungdoms år” sungen.» Deretter var det talar med kristelege tema. Så takka Ole K. Flem byggenemnda og snikkarane for «truge og velgjort arbeid». Etter eit par fleire talar med korsong innimellom, las formannen til slutt fadervår og lyste velsigninga, og songkoret avslutta med “På Gud åleine eg lit i livsens strid”. Mykje folk frå Fjørtoft og Haramsøy gjorde vigslefesten ekstra gild, står det i boka. Formann i UL Samhald denne tida var Karl G. Rogne.

At det tok mindre enn fire månader frå murarbeidet starta til huset var ferdig, midt på vinteren, skuldast sjølvsagt at mange var «onnige» og stod på til arbeidet var gjort. Så var dette eit enkelt bygg i éin etasje med fire veggar og tak. Inne var det scene og galleri, gang og garderobe. Her var til dømes ikkje elektrisk installasjon, innlagt vatn eller toalett.

Huset hadde ikkje do før det vart bygt ein utedo mange år seinare. Gutane slo lens innom huset, men for jentene var det ikkje så enkelt. Det hende dei sette seg ned bak ein busk, men for det meste var det utedoen i Kristengarden som vart brukt. Folket der sa ikkje noko på dette.

Dei første åra var det ikkje nokon stad å servere mat på ungdomshuset. Like fullt var det mat på mange festar, ikkje minst dei såkalla pakkefestane, der jentene hadde laga pakkar med mat som gutane baud på. Men benkane hadde ei slags hylle bakpå ryggane, som kunne slåast ned, og her vart koppar og fat plassert når det var mat å få. Seinare vart kjellaren gjort i stand og innreidd til matsal.

Etter at Nordøy grendahus vart teke i bruk i 1984, vart huset ikkje brukt lenger og stod til nedfalls. Det blei nedrive i 1992 av Rolf Longva si gravemaskin og køyrt ut i steinbrotet der Camilla og Svein Olav Otterlei seinare har bygt hus. Murane av naturstein vart frakta til Nordøy Stadion og nytta til mur langs øvre kanten innom tribuna.

Ungdomshuset

Ungdomshuset på sine siste dagar.