Alt etter korleis ein definerer industri, kan den første spiren til slik aktivitet på våre trakter seiast å vere tranproduksjon. Fiskarbøndene laga sjølve tran – eller lyse – av fiskelever, som vart brukt til brensel på kola (tranlampa) og smurning på skor, på reiskap av jarn og på båtlunnane. Men etter at Peter Møller – apotekar og driftig industrimann frå Røros – fann opp ein metode for å dampe tran rundt 1850, kom industriell produksjon av tran i gang i Noreg.

«Brenneriet» på Longva

Både norske og utanlandske firma starta tranproduksjon mange stader langs kysten. Eit engelsk firma – Allen & Hanburys – etablerte seg på Longva i 1864 og starta trandamperi.

I boka «The Story of Allen & Hanburys 1715 – 1954» vert det fortalt at firmaet i 1860 sende ein ekspedisjon til Newfoundland for å lage tran (cod-liver oil) i fiskarlandsbyen Quidi Vidi. Men…

«The venture was short-lived because in 1864 medical opinion pronounced the oil from cod caught in Norwegian waters as superior; thereupon, early in that year, Allen & Hanburys set up the first British cod-liver oil factory in Norway. Situated at Langved on the island of Scholarn, sixteen miles from Aalesund, it was in charge of Henry Spindler…»

Firmaet fekk bygsle eit stykke på 60 x 50 alen – ca. 38 x 31 meter – for 20 år til tomt for «Brenneriet» nede i fjøra rett utom Hansengarden. Tomta vart liggande på Ole Larsson Longvanes (bnr. 14) sin teig, men det vart gjort ei form for makebyte slik at tomta vart sameige for Øvre Longva. Ein stor trebygning som husa tranfabrikken vart oppført der. Bygselkontrakten var utferda av lensmann Amund Fjørtoft (far til den meir kjende Olaus) og påteikna av representanten for firmaet, Henry Spindler.

Produksjonen av tran i «Brenneriet» starta altså ca. 1864. Oddmund O. Longva (f. 1904) arbeidde der ein periode rundt 1920. Sonen Oddvin har notert kva faren fortalde om korleis trana vart laga:

«Ved skorsteinen inne i Brenneriet, var der to eldstader, med to panner, 1 meter i diameter. Pannene var doble, og levra vart oppvarma i vassbad. Via kranar på pannene, vart trana tappa, og fylt på tank. Det som låg att i panna, graksen, vart fylt opp i snipposar av seglduk. Posane vart opphengde så resten av trana kunne sige ut. Til slutt vart trana fylt på blekktynner med treverk rundt. Før tynnene vart sende frå Brenneriet, vart eventuelt botnfall soge opp ved hjelp av eit tynt rør. Graksen, eller som vi seier, draksen, vart brend til bruntran. Bruntrana vart mellom anna nytta til husmåling.»

Tranproduksjonen varte heilt fram til 1932. Siste bestyraren på brenneriet var Johan Longvanes (farfar til dagens Johan). Om eigar av fabrikken framleis var Allen & Hanburys, eller om den var overteken av lokale folk, er ukjent.

Det er lite skriftleg dokumentasjon å finne utanom bygsledokumentet og dei få opplysningane i den ovannemnde boka, så kor mykje tran som vart produsert, kven som arbeidde i brenneriet, kvar trana vart selt osv. er det få opplysningar om. Men at tran var big business alt frå midten av 1800-talet er sikkert, liksom Omega-3 er det i våre dagar.

Allen & Hanburys bygde fleire tranfabrikkar på norskekysten, mellom anna ein «at Kjerstad on Lepso Island» i 1884 og ein i Henningsvær i Lofoten i 1897. Denne var i drift til 1952.

Huset i Lars-Ola-garden (Rimmebakken, bnr. 25 på Longva) er sett opp av material frå eit bustadhus Henry Spindler bygde til seg sjølv og/eller arbeidarar på Brenneriet.

Brennerilokala vart seinare brukt av M/K «Fensfjord» til oppbevaring av fiskevegn og utstyr. Seinare vart huset ståande tomt, og ein storm 2. november 1971 la bygget flatt.

Tranlag

Etter at Peter Møller sin metode for å lage tran vart kjend, var det private forretningsfolk som etablerte trandamperi og kjøpte levra av fiskarane. Men etter hundreårsskiftet kom samdriftstanken sterkare fram i fiskeridrifta, og mange meinte at fortenesta av tranproduksjonen burde kome fiskaren sjølv til gode. Såleis vart det mange stader starta tranlag og sett opp eigne trandamperi.

På Rogne/Nogva gjekk fiskarane i båtlaga «Neptun» (Klungrane), «Snorre» (Hansgarden) og «Viking» (?),  saman og sette opp eit lite trandamperi  på Nogva i 1905. Det var i drift til 1918.

I Nymarka, på grunnen der fabrikken til Nogva Trevare no står, stod det tidlegare eit trandamperi. Bygget som husa damperiet var flytta dit frå Sørstrand, der det òg vart produsert tran før dei slutta sjøen og bygde slipp og verkstad.  Om det var Nymark sitt trandamperi åleine, eller om det var eit lag med fleire båtar som stod bak, er ukjent.

Også Ner-Longva-karane bygde seg eit trandamperi i 1920-åra. Det stod mellom bedehuset og Sperragarden, på oppsida av vegen, men var i bruk berre nokre få år. Det vart slutt då fiskarane tok til å «selje fisken or sjøen». Nærare opplysningar om dette tranlaget manglar.

Det som no er Karsten Flem AS hadde også trandamperi i tillegg til klippfiskproduksjon.

Fleire opplysningar om «Brenneriet», tranlag og trandamperi er velkomne!


Kommentarer

Tranproduksjon — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *