Tomas Sjursson Longva (1589–1681) har blitt heidra for å vere den som fann Storegga omkring 1630 og fekk sett i gang det rike fiskeriet der som skaffa mat og stundom velstand til øyfolket gjennom fleire hundre år. Han var kanskje frå Fjørtofta og gifta seg i 1627 med enkja etter Knut Pedersson på Longva. Han bygsla då garden på 18 mellag, som var tre gonger så stort som ein middels sunnmørsgard på den tida. Første gongs bygsleavgift var på 50 riksdalar.

Gjennom giftarmålet fekk han også hand om ikkje så lite jordegods. Mesteparten var i Romsdalen – i Bolsøy, Kleive og Nesjestranda – men han vart også eigar av fire mellag (ein knapp fjerdepart) av bruket som han bygsla. Tomas var 38 år gammal då han gifta seg, så han hadde sikkert vore i teneste nokon stad tidlegare og kanskje og lagt seg opp pengar.

Påstanden om at det var Tomas Longva som oppdaga dei gode fiskeførekomstane på Storegga og starta med fiske der, var det Hans Strøm som kom med på 1760-talet i verket Søndmørs Beskrivelse. Han hadde det frå overleveringar på folkemunne som var levande då han vitja øya. I segna om Tomas heitte det òg at han var ein uvanleg driftig kar både på land og sjø, ein «grislar» som heldt på med noko støtt. Var det ikkje sjøver, spadde han opp nye åkrar eller utvida og stelte dei gamle åkrane. Og på sjøen var han alltid mellom dei første og fremste.

Men Strøm sin teori om at Tomas reiste ut i havet på måfå eller «tulla seg vekk i tåka» held ikkje vatn; han visste både kvar han skulle og kva han skulle der. For engelskmenn og hollendarar hadde drive fiske både på Storegga og norskekysten elles lenge før Tomas fann vegen dit. Dei vart kalla doggerar. Når nordøyingane var til dels langt ute i havet på torskefiske, kunne dei ikkje unngå å sjå dei store båtane ute på Egga og skjøne kva dei gjorde der.

Men ein god grunn måtte Tomas og resten av båtlaget ha hatt for å gjere den vågale reisa 40 nautiske mil (70 km) ut i havet med den vesle, opne båten som vart kalla fjørefar – eit nummer mindre enn åttringen. I første halvdel av 1630-talet var det uår i landet, visstnok på grunn av eit vulkanutbrot av Vesuv i 1631 som sende store mengder oske opp i atmosfæren og skipla vêrlaget i heile Europa i fleire år. På same tid slo det vanlege fisket feil, så det var kanskje nauda som dreiv karane på leit etter nye fiskeplassar.

Som nemnt ser det ut til at Tomas Longva var ein velhalden mann. Til å drive fiske på Storegga skal han ha bygt seg ein større båt – ei skute som kunne laste meir og der dei kunne verke og salte fisken om bord. Dermed kunne han utnytte den lange segleturen betre med å ligge lenger og fiske meir før heimturen. Dette var «et Exempel som med fordel kunne efterfølges», skreiv Hans Strøm. Men dei fleste heldt seg til dei vanlege båtane i minst 200 år til.

Tomas Sjursson dreiv handel attåt gards- og sjødrifta, og han var lagrettemann (meddomar på tinget). Såleis kunne han truleg både lese og skrive og var nok som ein hovding å rekne mellom bøndene. Då Fredrik 3. vart ny konge i Danmark-Noreg i 1648, skulle det vere kongehylling på Akershus slott. Saman med allslags «høge herrar» skulle det møte to lagrettemenn frå kvart prestegjeld, og ein av dei som reiste herifrå var nettopp Tomas Longva.

At garden som Tomas sat på var uvanleg stor, syner dyretalet i ei registrering til bruk for skattevesenet i 1657. Det vart då notert både hest og ukse saman med tolv kyr i tillegg til ein flokk sauer.

Tomas og ektefellen fekk to søner og ei dotter. Den eldste sonen vart døypt Knut etter første mannen til mora, som skikken var. Etter at Knut var vaksen, dreiv han og faren garden i lag. I 1666 flytta dei husa opp på bakken utom Bers, der dei hadde brote opp nye åkrar. Det nye tunet fekk namnet Knutgarden. I 1740 vart bruket delt, og den andre parten vart Bakken.

Med unntak av Bers, som alltid hadde lege oppunder fjellet, låg alle Longva-tuna tidlegare i ei klynge ovanfor nausta, om lag der minnestøtta over Tomas Longva står i dag. Denne bautasteinen, som Haram kulturhistoriske lag stod bak, vart avduka 1. september 1996.


Kommentarer

Pioneren Tomas Longva — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *