Til alle tider har Nogvafjorden vore ein viktig veg til og frå havet utanfor, og difor etablerte styresmaktene tidleg ein kontrollpost i området for halde oppsyn med skipsfarten. I tillegg skulle dei krevje inn toll for skip og varer som vart frakta inn eller ut av landet. Frå 1759 eller noko tidlegare budde tollrorskar Johan Kristian Dornich i Rognegjerdet og utøvde denne kontrollen. (Tollrorskar var lavaste tenestegrad i tolletaten, også nemnt røyert.)

Rundt 1766 flytta Dornich herifrå, og tollstasjonen var ubemanna ei tid. Men 25. mai 1780 vart det oppretta ei stilling som undertollbetjent ved innløpet av Nogvafjorden. Til stillinga vart utnemnt Fredrik Parelius frå Uthaug i Trøndelag. Han busette seg med kone og tre born i Rognegjerdet, truleg same stad som forgjengaren hadde budd.

Stillingane i tollvesenet var relativt godt betalt og var ettertrakta fordi dei gav ei trygg innkome frå statskassa. Av denne grunn var det ofte utdanna og dugande menn som vart tilsett, noko som gav rom for både lokale og statlege bistillingar, samt sosial status. Dette er nok forklaringa på kvifor ein familie frå Trøndelag ville slå seg ned i ein utkant som Rogne trass alt var.

Først i 1791 bygsla Parelius plassen, men før det hadde han alt oppført fleire hus der. Det var vanleg at tollvesenet heldt fri bustad for sine folk, og Parelius søkte no om at tollvesenet skulle overta husa og gjere staden til ein permanent tollstasjon. Dette vart godteke, og det vart halde takst over bygningane. Kva tid kjøpet vart gjennomført er ikkje kjent, men i 1799 vart det halde branntakst over husa som var «Hans Majestæt Kongens tilhørende», så forretninga var gjord før den tid.

I 1801 har Fredrik Parelius fått tittelen Kongelig tollbetjent og frå 1816 overtollbetjent. Dottera Inger Helene giftar seg med ein Nils K. Hess frå Stryn, og familien slår seg ned i Rognegjerdet rundt 1802. Med tida får denne svigersonen stilling som tollbetjent. Men det varer ikkje så lenge, for tollstasjonen på Rogne vert avvikla i 1819 og flytta til Myklebust.

Såleis måtte folket der greie seg som best dei kunne som andre med å drive sjøen og dyrke jorda. Nils K. Hess gifta seg to gonger til, siste gong som 73-åring. Han vart far til 15 born, men «berre» ti voks opp. Dei vart spreidd for alle vindar; berre ein vart att på øya – nemleg Jens, som Nils fekk med Inger Helene. Han tok over bruket etter faren og er den som er opphav til namnet Jensgjerdet (bnr. 12) på Rogne.

Dei som bur i Jensgjerdet i dag er direkte etterkomarar etter Jens Nilsson Hess, og dermed også av overtollbetjent Fredrik Parelius. I 1862 vart bruket delt slik at ein av sønene til Jens, Peder, fekk den delen som no heiter Gamlemgarden, så folket der ættar òg frå den nemnde «tollmannen».

(Kommentarar, synspunkt og nye opplysningar er velkomne.)


Kommentarer

Tollstasjonen på Rogne — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *