Den første telefonlinja på våre kantar vart lagd frå Ålesund og nordover øyane til Steinshamn i 1899. Telegrafstasjonen her på øya var på Ytsteneset med Elias J. Longvanes som stasjonshaldar og styrar. Sentralen var frå starten av i gamlehuset, seinare i kjellaren i nyhuset. Det var eit stort framsteg å få telefon på øya som kunne nyttast «når noko stod på». Etter som telefonen vart meir og meir nytta, vart ei ny linje nordover øyane lagt i 1936 for å auke kapasiteten.

I lengda vart det tungvint og lite tenleg å ha telefon berre éin stad, særleg for dei som budde lengst unna. Trongen for å få bygd linjer utover grendene frå sentralen vart stadig sterkare, og på møte i Haram heradstyre 30/9-1909 vart det med 10 mot 5 røyster gjort slikt vedtak:
«Som bidrag til bygning av lokaltelefonlinjer inden Harams herred bevilges av Harams herredskasse kr. 75,00 – fem og sytti kroner – pr. løpende km for følgende linjer og længder:…»

Her på øya var lengda på telefonlinja sett til 9000 meter. Men korkje kommunen eller Telegrafverket hadde på det tidspunktet planar om å bygge linjer ut til folket frå stasjonen, det måtte skje i privat regi. Dermed vart det nokså tilfeldig når og kvar det kom linjer; det var avhengig av kven som såg seg nytte i å få telefon til huset og hadde ressursar å bruke på det.

For å få samband til stasjonen på Neset, vart det sett opp stolpar og strekt strengar imellom. Men etter kvart som fleire fekk telefon, måtte dei dele på dei få linjene som var, slik at det kunne vere både tre og fleire hus på kvar linje. Berre éin i gongen kunne då ha kontakt med sentralen, men dei på same linja kunne ringe direkte til kvarandre. Det gjekk òg an å lytte på «linjekameratane» når dei snakka med nokon annan.

Å vite kva vêr ein kunne vente seg var svært viktig for den som skulle ut på havet. Vinteren 1927 betalte såleis fiskarlaget telefonsentralen på Longvanes for utvida opningstid om føremiddagen for å ta imot vêrmeldingar. For å dekkje denne utgifta vart det kravt inn ei krone pr. fiskebåt.

Telefonen var ikkje «open» heile dagen dei første åra, og slett ikkje om natta. I 1930 var opningstida 09.00–13.30 og 16.30–19.30 på kvardagar og kl. 8–10 på søn- og heilagdagar. Men det hende seg at folk kom og dundra på døra midt på natta for å tilkalle dokter eller jordmor. I 1938 fekk telefonen utvida opningstida med kl. 16–19 på søndagar, og i 1946 søkte oppsitjarane på øya om full dagteneste ved Longva rikstelefon.

Dette vart imøtekome alt i 1947, då telefonen fekk opningstid kl. 08–21 på kvardagar. Søndagane var som før. Mot eit tillegg på kr 0,25–1,00, alt etter tidspunkt på dag/natt/helg, kunne ein ringe utanom opningstida. Der var ikkje vakt den tida telefonen var stengd, men folket på stasjonen ville svare «dersom dei var til stades».

Frå omkring 1970 var telefonen nattopen, men det var dyrare å ringe etter stengetid. Der var då sovande nattevakt, som måtte opp og svare når alarmen gjekk. På same måten var der vakt i stengetida søndagane. Vaktskifta var elles kvardagane kl. 08.00–14.30 og 14.30–21.00, og i helga frå 14.30 laurdag til 14.30 måndag. Dei to faste landstelefonistane, Eldbjørg Longva og Ragna (Longva) Dybvik, hadde såleis langvakt annakvar helg.

Denne tida var det framleis mange som ikkje hadde telefon i huset. Dersom det kom spørsmål etter ein person i eit hus utan telefon, ringde telefondama til nærmaste nabo og fekk dei til å springe med bod. Vedkomande vart då med tilbake til nabohuset og ringde opp sentralen for å få kontakt med den som først hadde ringt.

Det var dyrt å skaffe seg telefon i desse dagar – minst eit par tusen kroner for å få lagt inn linje, og ikkje alle såg seg råd til eit slikt utlegg dersom dei ikkje hadde mykje bruk for telefon. Dessutan var ventetida lang, opptil eit par år frå bestilling til linja var i hus.

Sjølv på ein liten sentral på landsbygda var det ikkje noko latmannsliv å vere operatør. Enkelt nok var det å knyte ihop telefonane lokalt på øya, men skulle nokon lenger vekk, kunne det fortone seg som eit detektivarbeid å finne fram til abonnenten. Det var først å ringe Ålesund, som sette over til neste sentral i rebusen, og slik kunne det gå i fleire ledd før kontakten var oppnådd. Av og til var det kjeft å få fordi det tok lang tid, og ikkje alltid lykkast det å kome fram heller.

Alle telefonar ut frå øya var rikstelefon, og for desse måtte tida på samtalen registrerast, og både tid og pris førast opp på abonnenten som ringde. Litt lettare for dei på sentralen blei det då heile Haram vart eitt lokalområde. Då måtte til dømes ein som skulle ha tak i nokon i Brattvåg ta seg fram sjølv etter å ha blitt sett over til sentralen på Haramsøya. Mykje greiare vart det òg for telefondamene då dei på ei talskive kunne slå nummeret direkte til dei fleste byane i landet.

Etter kvart som industri og anna næringsverksemd og samfunnsliv tok seg opp frå 1940-talet og utover, auka trafikken på telegrafstasjonen, og dei fekk fleire linjer ut i verda. Handelsreisande og anna farande folk hadde av og til bruk for å telefonere, og på stasjonen var ei telefonboks som publikum kunne nytte og betale kontant for samtalen.

I somme høve var telefondamene også postbod, særleg ved juletider. Då kom det mange telegram frå folk som var langt vekke og ville helse heim til høgtida. Det var mange som var i utanriksfart i handelsflåten eller på fiske i fjerne farvatn, og somme var langt heimanfrå av andre grunnar. Telegramhelsing til bryllaup, gravferd og bursdagar var òg vanleg.

Sentral

Dei første telefonane
Den som først strekte telefonlinje ut frå stasjonen på Ytsteneset og til sin eigen telefon, var truleg Elias P. Flem (Monsgarden) Han er oppført i telefonkatalogen for 1913, som den einaste her på øya. Longva Handelsforening har kome til i katalogen i 1914, og Flemsøens Forbruksforening i 1917.

Telefonkatalogen gjaldt frå 1. januar, så abonnentane som er nemnde her og nedanfor må ha fått telefon installert i huset seinast året før.

I samband med at namnet på postopneriet vart endra frå Flemsøy til Longva per 1. juli 1922, vart også namnet på telegrafstasjonen endra til Longva 30/8-1922.

Etter kvart fekk fleire hus telefon. Men det var få linjer til sentralen, så abonnentane måtte dele på dei som fanst. Såleis var det opptil fem hus på ei og same linje – med same nummer. Sjå elles under dei einskilde gardane nedanfor.

Rogne/Nogva
For å få telefonlinjer ut frå stasjonen, vart det sett opp stolpar «langs land» og strekt strengar mellom dei. Men Rogne/Nogva vart nekta stolpegrunn på marka innover Longva. Dei søkte då fylkesvegstyret om løyve til å setje stolpane i veggrøfta. Løyve vart innvilga, og den lange linja kom på plass.

I starten var det oppretta såkalla talestasjonar på Nogva og Rogne, som folk kunne gå til for å telefonere. Kom det telefon til folk i andre hus, vart dei bodsende så dei kunne kome og ringe tilbake. Talestasjonane hadde ei godtgjersle per gong for dette – 10 øre er nemnt. I telefonkatalogen for 1921*) er desse oppført: Nogva talestasjon ved Knut Nogva, Rogne talestasjon ved Peder L. Rogne, og dessutan Ole P. Rogne (Nymark), som hadde eigen telefon.

I 1926 var ein ny abonnent oppført i katalogen – Karl G. Rogne (Gunnagarden). No var også telefonnummeret notert; det var 13 for alle fire. For å skilje mellom dei, hadde dei kvar sin bokstav frå a til d i tillegg. Der var altså berre éi linje ut til sentralen på Neset. I 1930 var det ingen nye, men i 1947 hadde dei fått ei linje til, og det året var det 10 abonnentar som delte på dei to linjene. Såleis var det fem på kvar på nr. 7 og nr. 13. Dei nye var Nogva Motorverksted, Nogva Trevareindustri, Martinus E. Rogne landhandel, heradskasserar Lars J. Nogva og lærar Ivar Otterlei.

Slike telefonlinjer som det var i dei dagar – stolpar med strengar imellom – var utsett for vêr og vind og var ofte i ustand. «Slyng på linja» var eit velkjent uttrykk der det var fleire strengar. Likare vart det på 1950-talet då det vart lagt jordkabel og nye linjer på Nogva og Rogne. Bygdefolket grov grøftene som dugnadsarbeid medan Telegrafverket stod for den tekniske sida.

Arbeidet tok til i oktober 1956 og var ferdig i mars 1957. Det var bestemt å setje opp ein automatsentral for området, og denne vart plassert i Eliasgarden. Nye apparat med skive og tal vart innkjøpt, og no fekk alle kvar si linje. Det var ein av dei første automatsentralane på landsbygda, sa distriktssjef Ljones på opningsfesten på Rogne skule. På Nogva og Rogne kunne dei såleis ringe til kvarandre med automattelefon meir enn 20 år før resten av øya – og det gratis! Men skulle dei «ta gara» måtte dei om sentralen på Nesa som alle andre.

*) Katalogane for 1919 og 1920 er ikkje undersøkt, så her kan ha kome telefon eit år eller to tidlegare.

Longva
Som nemnt var Longva Handelsforening tidleg ute med å skaffe seg telefon. Flemsøens Forbruksforening vedtok på årsmøtet 12. oktober 1914 å koste seg telefonlinje, og desse to var oppført i telefonkatalogen i 1917 som dei einaste på (garden) Longva.

Nye som var tilkomne i katalogen i 1921, var Elias O. Haram (Sperragarden), Martinus J. (Jogarden) og Andreas J. Longva (Solbakken). Dei hadde alle nr. 14, frå a til c. Tre nye stod oppført i 1926: Gunnar K. (Gunnagarden), Johan P. (Bers) og Martinus K. (Mastova) Longva. Dei hadde ei linje i lag med nummer 3.

I telefonkatalogen for 1930 er det ingen nye på Longva, men i 1947 stod i alt tolv abonnentar oppført med til saman fem ulike nummer. Kristen Helle og Longva Handelsforening var åleine på kvart sitt nummer; dei andre var to eller tre på linja.

Olausgarden skaffa seg telefon i 1948, fortel Oddvin Longva:
Vi hadde bestemt oss for at vi ville ha telefon i huset, og arbeidet tok til i mai. Vi la jordkabel til eit stykke ned på Lars-Ola-marka og strekte streng på stolpar derifrå til sentralen på Ysteneset. Ut i desember kunne vi ta telefonen i bruk. Vi delte på linja med dei i LarsOla-garden. Det å ha eigen telefon var eit stort framsteg. Tidlegare måtte vi ned på Neset når vi ville telefonere, og var det nokon som ville tale med oss, måtte dei vente til einkvan hadde gått med bud, som det heitte. Ein omstendeleg prosess. Om kvelden og natta var telefonen stengd, og var det noko som stod på, måtte ein ned til Neset og banka i utdøra.

Andre stader vart det også lagt kabel i jorda, mellom anna innover langs nedstevegen på 1950-talet. Kabel vart lagt opp til Pegarden og linja ført vidare derifrå på stolpar og strengar opp til Solbakken (Alvestadgarden) og Høgtun.

Flem
På Flem er det ikkje registrert nokon talestasjon som på Nogva/Rogne, men der var fleire som fekk telefon tidleg som naboane kunne gå til. Første abonnenten her (og på øya i det heile) som er registrert i telefonkatalogen, var Elias P. Flem (Mons-Elias) i 1913. Nye abonnentar i 1918 var Peter H. (Rimma), Peter L. (Larstun/Myrane) og Peter P. Flem (Jogarden), og i 1921 var det to til: Lauritz A. (Hildregarden) og Ole K. Flem (Haugen). Desse seks delte på to linjer med nummera 10 og 11.

Det er ikkje nemnt fleire enn dei seks i katalogane korkje for 1926 eller 1930. Men i 1947 er det i alt 9 abonnentar. Då er det framleis berre to linjer til Flem som dei ni deler på – fire på nr. 10 og fem på nr. 11. Dei fem var Monsgarden, Hildregarden, Haugen, Flem Landhandel (Knutgarden) og Vang Møbel og Kunstindustri – i rekkefølgje etter bokstavane (a–d) i telefonkatalogen.

Men i 1952/53 tok Flems-karane seg føre og bygde ut fleire linjer. Dei grov ned kabel frå Neset til Jogarden og strekte fleire strengar på dei eksisterande stolpane ut til Gulagarden og Eiane. Mange fleire fekk seg no telefon, og det var maksimalt tre på kvar linje.

Uri
Det var lang veg for folket i Støene å lage seg telefonlinje over Flemshalsen, men i 1926 er det oppført tre abonnentar i telefonkatalogen. Det var Karl H. (Gjerdet), Laurits G. (Trulsgarden) og Peter K. (Knutgarden) – alle med etternamnet Uri. Dei var saman om éi linje og nummeret 7.

Dei same står i kataogen for 1930, men i 1947 er Uri Møbelfabrikk komen til. Dei er såleis no fire på linja, og har skifta nummer til 5. Det gamle nummeret (7) er flytta til Rogne.

Stø-karane sette altså opp stolpar over Halsane og strekte strengar mellom dei. Vidare frå Flem-sida og inn til sentralen på Neset brukte dei truleg same stolpane som flemslinja låg på.

Kabel og automasjon
I 1968 kom Televerket og grov ned kabel både på Flem og Longva (Nogva og Rogne hadde frå før). Med det vart telefonen mykje meir stabil når ein no slapp alle feila med slyng på linja og andre ting som skjedde når det var uvêr og sterk vind. Dessutan fekk alle hus kvar si linje og eige nummer, og dei gamle apparata vart bytt ut med ein grå telefon med talskive. Men kontakten med omverda måtte framleis gå om sentralen.

I 1979 vart så telefonen automatisert her i området, og for Flemsøy/Skuløy skjedde det 9. mai. Det var eit stort framsteg, og folk kunne no ringe direkte til alle som hadde automattelefon i Noreg, og seinare også til andre land. Sidan har utviklinga gått sin gang, og no kan alle ringe når som helst til kven som helst kvar som helst!

I våre dagar, med mobiltelefon og internett der ein kan kommunisere på alle tenkjelege og utenkjelege måtar, er den «vanlege» telefonen via linjene til Telenor blitt meir og meir avlegs, og stadig fleire kvittar seg med den. Men enn så lenge (i påvente av fiberkabel) trengst Telenor sine gamle linjer for kontakt med verdsveven.


Kommentarer

Telefon — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *