Både før og etter hans død gjekk det gjetord om Store-Knut på Rogne, og det finst mange historier om han som også er nedskrivne av folkeminnesamlaren Peder Fylling (1818 – 1890) frå Skodje. Fullt namn var Knut Karl Jensson Rogne. Han vart fødd i 1792 på det gardsbruket som i dag ber namnet Gunnagarden, men som vart kalla Oppigard på Store-Knut si tid. Som vaksen gifta han seg med Kristi Knutsdotter frå Knutgarden på Rogne og vart bygslar og brukar der.

Som tilnamnet tyder på, var Knut ein stor mann – oppimot to meter høg og svært herdebrei, med kraftige armar og hender. Kallenamnet fekk han gjerne også fordi han hadde slike kjempekrefter; det var knapt nokon i Noregs land som var like sterk i samtida. Alt som 13-14-åring var han mykje sterkare enn vaksne menn. Han var for ung til å bli med på sjøen, meinte dei, og som «hemn» løfta han ein stor stein opp i båten kvelden før utror. Då båtlaget kom og skulle på sjøen om morgonen, såg dei steinen, men vann ikkje å få han ut av båten. Dei skjøna kven som hadde lagt steinen der, og Knut vart henta for å løfte han ut.

Store-Knut var godlynt og fredsæl og brukte ikkje dei svære kreftene sine i utrengsmål eller til å yppe til strid. Ingeborg G. Fjørtoft, f. Longva, som kalla han morbror (men som var dotterdotter til Knut sin bror Hans), fortel til sonen Gunnar:

«Han morbror på Rogne, Store-Knut dei kalla, var ein snill og venesæl mann. Etter han hadde slutta å drive fiske på sin eigen åttring, var han med far på åttringen hans i fleire vintrar. Vi borna gledde oss kvart år til fisket skulle byrja, så morbror kom til oss.
Knut-morbror var ein barnekjær mann, og når han fekk oss borna på fanget, vart han sjølv eit stort barn. Eg synest enno eg kjenner den store kjempeneven stryk meg lett og varsamt ned over håret.»

Ingeborg fortel òg at Store-Knut ikkje likte å vise fram kjempekreftene sine. Tvert imot, han ville til dømes ikkje vere med på kapproing, som var nokså vanleg når båtane skulle ut på eller inn frå fiskefeltet. Men stundom måtte han forsvare seg, for det var ikkje råd å skjule at han var stor og sterk. Såleis var det ikkje til å unngå at han vart utfordra av andre «sterkingar», nokre gonger også av ein heil mobb.

Ei hending det lenge gjekk gjetord om, var på Romsdals-marknaden der det oppstod usemje om ein kistelås som ein isfjording hadde prakka innpå Store-Knut sin nabo. Låsen var av dårleg kvalitet og prisen altfor høg, meinte Knut. Seljaren vart rasande, og snart flokka det seg ein gjeng sambygdingar rundt åstaden. Knut trekte seg unna og ned mot Rognekarane si sjøbud, men flokken følgde etter og hadde no vakse til minst førti mann. Store-Knut greip då åttringsmastra som stod der oppreist og svinga den rundt seg. Dei av mobben som ikkje låg att på vollen, tok til beins det fortaste det dei vann, og etter dette fekk Knut fred der.

Den kanskje mest kjende og dramatiske hendinga gjekk føre seg ute på Rogneholmen og nede på Rogneneset. På grunn av uvêr hadde eit engelsk skip ankra opp på Rogneleira og vart liggande nokre dagar for å vente på betre vêr. For å slå i hel noko ventetid, gjekk skipskapteinen i land på Rogneholmen for å skyte fugl. Dette var ulovleg, noko den norske losen gjorde kapteinen merksam på, utan at det hadde verknad på engelskmannen.

Då Store-Knut høyrde skota, tok han med seg sine to brør og rodde ut på holmen. Der fann han kapteinen og forbaud han å skyte fugl på sin eigedom. Kapteinen truga då med å skyte Knut og sette geværet på brystet hans. Knut greip geværet og rykte det til seg, gjekk tilbake til båten og rodde heim.

Eit par dagar seinare fekk Knut bod om at skipskapteinen var på veg til lands med 16 mann. Han tok med seg sine to brør og kapteinen sitt gevær og gjekk dei i møte. Då dei møttest, kravde kapteinen geværet sitt tilbake, men Knut kravde tre spesiedaler som erstatning for ufreden borte på holmen. I dette spørsmålet hadde han forhøyrt seg med tolloppsynsmann Parelius, som budde på Rogne då. Kapteinen nekta å betale og greip tak i geværkolben, men det var nyttelaust for Knut heldt fast i geværpipa. Seks mann rauk då på og tok fatt i geværkolben, men Knut gjorde ein sving med geværet så karane låg strødd. Attpåtil vart geværpipa bøygd som ein hestesko!

Då skipsfolka fekk denne prøva på Store-Knut sin styrke, la dei på sprang ned til båten og rodde om bord i skipet. Knut rodde etter saman med sine to brør og leverte geværet tilbake til kapteinen. Og sanneleg fekk han sine tre spesiedaler!

Knut og Kristi fekk åtte born; seks av dei voks opp. Den eldste, Karen, gifta seg med Ole I. Kjerstad og tok over garden. Deira eldste fekk namnet Knut etter morfaren. Han gifta seg med Severine Sjursdotter frå Eliasgarden. Dei fekk ikkje born og selde bruket i 1907 til Severin P. frå Bers og Vilhelmine K. frå Gunnagarden på Longva.


Kommentarer

Store-Knut — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *