Folkeskulen
I 1816 kom den første skulelova vedteken av det norske Stortinget, og som tok omsyn til norske tilhøve. Ti år seinare kom nok ei lov, som gjorde skriving og rekning obligatorisk, og det var krav om at det skulle byggjast eit skulehus ved kvar hovudkyrkje (det var presten som var lærar den tida).

Frå 1828 vart Haram sokn delt i tre skuledistrikt: Nordre omfatta Fjørtoft, Uksnøy, Myklebust, Longva, Rogne og Nogva. Midtre distrikt bestod av Haramsøy, Flem og Uri, medan Lepsøy og Hildrestranda utgjorde Søre skuledistrikt.

Kvart distrikt var delt i roder som læraren alternerte mellom. Kvar lærar hadde fem roder, så det tok si tid før han kom rundt. Såleis hadde borna undervisning i tre veker og så fri i tre månader før læraren kom att neste gong. Sjølv om foreldra hadde plikt til å «halde dei til boka» i friperioden, seier det seg sjølv at borna gløymde mykje av det lærte med så lange opphald.

Skulekrinsar
Skulelova av 1860 fastsette at kvart prestegjeld skulle delast i skulekrinsar, og Flemsøy/Skuløy fekk dei tre krinsane Flem/Uri, Longva og Rogne/Nogva. I dei dagar vart det halde skule rundt om på gardane, og Lars Johnsen (Longvanes) var omgangsskulelærar i mange år – frå 1866 til 1891. Kvar krins hadde skule 12 veker i året, men ikkje i éin bolk. Læraren roterte mellom dei tre krinsane i kortare periodar slik at borna fekk «innputt» med jamne mellomrom.

Nye lærebøker og fleire fag
Attåt kristendom og lesing var skriving og rekning faste fag i skulen i Haram. Rekneboka som Olaus Fjørtoft gav ut som 14-åring i 1861, vart nytta til det kom nytt mynt- og vektsystem i 1878. Eit stort framsteg i kristendomsundervisninga var å byte ut «Pontoppidan» med bibelsoge.

Ei ny lesebok som kom I 1863 – «Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet» – var mykje betre pedagogisk oppbygd og hadde eit heilt anna og meir allsidig stoffval enn tidlegare lesebøker. Mellom anna inneheldt boka både historie, landkunne og naturfag, slik at ho vart til stor framhjelp for folkeopplysninga.

Kristendomsfaget hadde framleis heidersplassen i skulen, men det vart lagt stadig meir vekt på andre fag. Det skulle vere skriftlege øvingar i «morsmål» (dansk), og kvar elev skulle ha si eiga reknebok slik at dei kunne øve meir i rekning enn før.

LesebokPå 1890-talet vart Nordahl Rolfsens leseverk teke i bruk. Det var eit framifrå verk både pedagogisk og i innhald, og med Bernt Støylen som medarbeidar kom det med eit godt utval av nynorske tekstar.

Skulehus
Skule og opplysning kom i stadig høgare kurs mellom folk og styresmakter, og mange forstod at ein fast skulestad ville styrke opplæringa. Meiningane var likevel delte, for krinsane (oppsitjarane, folket) måtte sjølve bere storparten av kostnadene med skulehuset. Likevel gjorde både Flem og Rogne krinsar i 1886 vedtak om å bygge skular. På Flem vart eit bygg på 54 kvm oppført i 1887, medan Rogne skule stod ferdig i 1892. Begge skulehusa inneheldt eit klasserom, kammers (lærarrom) og gang.

Etter at «fastskulen» var etablert, hadde Flem og Rogne same lærarane til 1916. To av dei første var Ola P. Longva (Gjerdet) frå 1892 til 1897 og Karl G. Rogne (Gunnagarden) frå 1897 til 1916. Sistnemnde heldt fram som lærar på Rogne til 1929, då han fekk stilling som klokkar og lærar på Åkre.

Framgang med ny skulelov
I 1889 kom ei nokså radikal skulelov med fleire nye obligatoriske fag, og dessutan jamstelling mellom «landsmål» (nynorsk) og «dansk-norsk» (bokmål). Den 23. juli 1893 «afholdtes kredsmøte i Flems kreds for at afgive erklæring angaaende valg af undervisningssprog i skolen», og det vart samrøystes tilrådd å bruke «landsmaal» i undervisninga. Etter forslag frå Ola P. Longva på vegner av lærarane i Haram, vedtok skulestyret at berre ABC-bok på landsmål skulle nyttast frå skuleåret 1896/97, og at nynorsk skulle vere opplæringsmålet i kommunen frå skuleåret 1897/98.

Ein annan viktig ting denne lova fastsette, var at det skulle undervisast i minst to avdelingar etter alder og talet på born. Før var det vanleg at alle borna var i lag på undervisninga, slik at aldersspennet kunne vere frå 6-7 til 14-15 år. I 1892 vart såleis Flem skule 3-delt og Rogne skule 2-delt.

Undervisningstida skulle etter skulelova av 1889 vere minst 12 veker i året. Haram la seg på dette minstemålet, med unntak av nokre krinsar med lågt barnetal, som fekk to veker mindre. Seinare fekk storskulen plussa på to veker til handarbeid og sløyd. I åra frå 1897 til 1920 om lag, var Uri tilgodesett med to skuleveker for seg sjølv kvart år. Truleg for å kompensere for tapte skuledagar på grunn av dårleg vêr.

Ny krinsinndeling
Med overgangen frå omgangsskule til fast skulestad, vart det trong for endring av krinsinndelinga. I 1891, etter at skulehus var oppført på Flem og skulebygg var nært føreståande på Rogne, gjorde skulestyret vedtak om at skuleborna på Longva skulle delast mellom Flem og Rogne krinsar. Delinga skulle vere slik at dei som hadde «deltaget ved bekostningen med skolehus» i Flem krins skulle høyre til der, resten til Rogne. Heradstyret slutta seg til dette, men Longva-folket likte det dårleg og protesterte. Saka gjekk fram og tilbake ei tid inntil Kyrkjedepartementet bestemte at heile Longva skulle høyre til Flem krins.

Etter at skulehusa var tekne i bruk, varierte elevtalet ved Flem skule mellom 82 på det meste (skuleåret 1930/31), og 41 på det minste (1941/42); skulen var for det meste tre- og firdelt. I Rogne krins var det noko færre elevar – 26 på det minste (1910/11) og 52 på det meste (1941/42) – og veksla mellom to- og tredeling.

Frå 1. juli 1966 vart dei to skulekrinsane på øya slått saman, og alle elevane skulle no gå på Flem skule. Men på grunn av plassmangel på Flem, vart Rogne skule i fleire år brukt til handarbeid og heimkunnskap, stundom også andre fag, inntil Flem skule vart påbygd og utvida i 1984–86.

Framhaldsskule
Den aller første vidaregåande skulen for ungdom i Haram vart halden i 1876 for dei som ville og kunne. Det var eit kurs på 9 veker, med 33 skuletimar pr. veke. I 1882 skipa Haram fast framhaldsskule. Den var på 8 veker, og krinsane fekk skulen kvart sitt år etter tur. Frå 1913 var det to åtte vekers kurs i Haram, slik at kvar stad fekk skulen oftare. Denne ordninga stod ved lag minst til 1937. Det vart også skipa kveldsskule for dei som ikkje kunne møte på dagtid. Dei første åra betalte amtet (fylket) halvparten av utgiftene, elevane resten.

Skulelova av 1889 bestemte at alle born skulle gå sju år på skule. I 1946 kom lov om framhaldsskule. Skulen skulle vere vanleg dagskule med opptil 36 skuletimar i veka og opptil 38 veker for året. Dette åttande skuleåret var frivillig, men ved ei lovendring i 1948 fekk skulestyret fullmakt til å gjere det obligatorisk.

Her på øya kom (den nye) framhaldsskulen i gang hausten 1948. I denne aller første klassa var det tre årskull som gjekk i lag – årgangane 1932, -33 og -34. Johan L. Flem (Husdal) var den første læraren. Framhaldsskulen vart halden berre annakvart år, slik at to og to årskull gjekk i lag. Sidan den ikkje var obligatorisk, var det ikkje alle som gjekk. Men stundom kunne nokon av desse hive seg med seinare og ta igjen det tapte. Frå skuleåret 1956/57 var det framhaldsskule kvart år.

Framhaldsskulen var felles for heile øya. Første året heldt han til på Flem (gamle) skule. Sidan gjekk undervisninga føre seg i bedehuskjellaren, men vart seinare flytta til Rogne nye skule, som stod ferdig i 1953. Atter seinare vart den flytta til Flem (nye) skule, så til Rogne igjen. Skulestyret gjorde framhaldsskulen obligatorisk i 1956, og frå då av var han eit naturleg framhald av folkeskulen – med andre ord var 8-årig skule for alle innført.

Då det vart sendt ut mobilisering for å forsvare landet aprildagane 1940, måtte lærarane Helge Hellebust på Flem og Ivar Otterlei på Rogne møte på Setnesmoen. Etter den norske kapitulasjonen i Sør-Noreg i juni kom dei uskadde tilbake, og skulen gjekk nokolunde som normalt under krigen.

Realskule
Etter framhaldsskulen var det ein del som valde å gå realskulen, som kvalifiserte til vidare skulegang på gymnaset. To-årig realskule vart starta i Brattvåg i 1944 og heldt det gåande til 1973, då den 9-årige skulen var innført. Mange ungdomar herifrå øya gjekk realskulen. Denne tida var det skule seks dagar i veka, og elevane frå øyane måtte bu på hybel på grunn av kommunikasjonane. På Fjørtofta kom det i gang realskule hausten 1942, og eit nytt «kurs» frå hausten 1944. Nokre ungdomar herifrå gjekk der.

Ungdomsskule
I 1959 kom ei ny skulelov som opna for å innføre 9-årig folkeskule. Nytt med denne lova var at ho skulle gjelde for både bygde- og byskular. Tidlegare hadde det vore to ulike lovverk, slik at innhaldet i skulen var ulikt for bygda og byen. Vedtak om å innføre 9-årig skule i Haram vart gjort av skulestyret 31. mars 1966.

Leiande skulefolk denne tida ville ha store sentralskular som samla all ungdom i ein kommune. Nemnda som greidde ut dette spørsmålet I Haram, gjekk inn for ein sentral ungdomsskule i Brattvåg. Men det kom mange motførestellingar, særleg vart den lange reisevegen for øyingane trekt fram. Det endelege vedtaket i skulestyret bestemte at det skulle vere tre ungdomsskular – ein på Vatneeidet, ein i Brattvåg og ein på Haramsøya for alle øyane. Kommunestyret slutta seg til dette.

Det endelege resultatet for øyane vart enno betre: kombinert barne- og ungdomsskule på Fjørtofta og Lepsøya og ein ungdomsskule på Haramsøya for dei og Flemsøy/Skuløy. Ullasundbrua som vart opna i 1970 var med på å gjere dette til ei god løysing.

Det vanlege mønsteret var seks år på barneskulen og tre på ungdomsskulen, men for øyane vart det bestemt at det skulle vere 7+2.

Det nye bygget for ungdomsskulen på Haramsøya vart oppført 1971–72, og første 8.-klassa tok til hausten 1972. Dei som gjekk framhaldsskulen 1971/72 fekk tilbod om å gå inn i 8. klasse på ungdomsskulen hausten 1972, noko dei aller fleste takka ja til. I tillegg kom nokre som hadde gått eit år på realskulen 1972/73 og gjekk 9. året på ungdomsskulen. Såleis var det heile tre 9.-klasser på Haramsøya skuleåret 1973/74.

Dei første åra kunne elevane velje mellom ulike kursplanar med ulik vanskegrad. I tillegg kunne dei velje å ha eit andre framandspråk (i tillegg til engelsk), som i praksis var tysk på Haramsøya. Dette med kursplanar vart avskaffa etter ei tid, slik at alle fekk same undervisninga, med unntak av valfaga.

I 1997 vart grunnskulen utvida til 10 år og skulestart for borna samstundes sett til det året dei fyller seks. I skrivande stund (2018) er ordninga hos oss 7 + 3, altså sju år på barneskulen og tre år på ungdomsskulen.

På øyane i Haram er det i dag ungdomsskule berre på Haramsøya; elevane frå Lepsøya går no der, og dei frå Fjørtofta på Harøya. Skulestrukturen er i desse tider under vurdering, og mykje tyder på at det blir berre éin ungdomsskule i framtida på øyane (medrekna noverande Sandøy kommune) etter at Nordøyvegen er fullført.

(Opplysningar, kommentarar og bilete er velkomne.)


Kommentarer

Skulesoge — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *