Jenteklubben «Skomvær» var ei forening som arbeidde for redningssaka ved å samle inn pengar til Redningsselskapet, eller Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning (NSSR) som det fulle namnet lyder.

Det var Agvard O. Longva som fekk i gang foreninga, og medlemer var jenter i 6. og 7. klasse ved Flem skule. Dei hadde møte heime hos kvarandre på omgang, der dei fekk god mat og «søla kakao på duken», som det står i eit møtereferat. Sidan det var 6. og 7. klasse som var med i klubben, skifta medlemene år om anna.

Redningsforeninga starta i 1961. I dei dagar var det mange fleire enn no som hadde fedrar på sjøen, så å støtte redningssaka var viktig og meiningsfylt. På møta arbeidde dei med å lage ting som skulle loddast ut på basar. Til innkjøp av materiell hadde dei med seg ein femtiøring eller så på kvart møte. På basarane som vart skipa til om lag ein gong i året, kom det inn mykje pengar til redningssaka.

Under overskrifta Flinke Longva-jenter skriv Sunnmørsposten 21. april 1964:

«For omkring fire år sidan starta 10 jenter ei redningsforening på Longva. Dei har sidan lagt ned eit stort arbeid for redningssaka. Eit godt døme på det var det då det på ein basar som jentene heldt nyleg kom inn 1200 kroner. Då sekretær Halvorsen med redningsskøyta «Oskar Nibe» vitja Longva, fekk jentene som takk for innsatsen vere med ein tur til Haramsøy, der det òg var basar. Her hjelpte Longva-jentene til med åre- og loddsal. Sekretær Halvorsen gav dei velfortent honnør og nemnde samstundes Agvard O. Longva som har ein stor del av æra for at foreninga deira vart skipa.»

Også 7. juni 1963 fekk «Skomvær»-jentene vere med ei redningsskøyte – RS «Osloskøyta». Den gongen gjekk turen ut på havet i høve kransenedsenking til minne om omkomne sjøfolk. Dei hadde til då samla inn om lag 1500 kroner til Redningsselskapet, og turen ut på havet fekk dei som takk for det gode arbeidet dei gjorde.

Dei laga òg sitt eige dikt om redningsskøyta:

I hamn der ligg det ei skute så fin,
hit gjeng ho inn når sola skin.
Der kan ho liggja og spegla seg i all si prakt,
men når uveret kjem er ho alltid på vakt.

Siste året klubben var i aktivitet, ser ut til å ha vore 1968. Medlemer hadde då vore av årgangane 1949 – 1955.

Jenteklubben Skomvær

Jenteklubben «Skomvær» om bord på RS «Osloskøyta» 7. juni 1963. Frå venstre: Liv Longva, Aud Meltevik, Lillian Meltevik, Johanne Flem, Kirsti Flem, Randi Flem, Margrete Rogne, Herborg Longva, Sissel Flem, Aslaug Longva, Anne Flem.


Kommentarer

Jenteforeninga «Skomvær» — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *