Det var premiere på filmen «Skårungen» i Ålesund i mai 1964. Filmen gjekk også på ungdomshuset på Longva med to forestillingar og overfylt hus.

23. april 2017 vart filmen vist på gamleskulen Flem, og her er klipp frå referatet i Nordre:

Det er ikkje berre på TV og i Lofoten det er skårungar. Søndag hadde vi ein slik både på film og «live» på gamleskulen på Flem. Laget Gamleskulen hadde invitert til framsyning av dokumentarfilmen «Skårungen», som vart innspelt vinteren/våren 1962. Til opplysning for dei som korkje er av fiskarslekt eller har sett på NRK TV i det siste, er (var) ein skårunge vanlegvis ein nykonfirmert gut på 14 – 15 år som reiste ut på fiske for første gong.

Filmen vart spelt inn på fiskebåten Henko av Longva med Harald O. Longva – Henko-Harald mellom øyfolket – i rorhuset. Sjølve skårungen var 14-åringen Peter Drabløs frå Ålesund, også kjend frå barnefilmen «Petter fra Ruskøy» frå 1960. Ein lokal gut, 15-åringen Jan Arne Longva, var med i ei birolle som kamerat til skårungen. Ei noko eldre utgåve dei to var fysisk til stades på Gamleskulen.

Drabløs fortalde om mange dagar med sjøverk, men også at turen på sjøen og filminnspelinga hadde gitt han opplevingar og kunnskap for livet. Det eine var at han fekk innblikk i korleis ein film vart til, noko som har kome til nytte for han som teatermann seinare i livet. Det andre var ein lærdom og eit innsyn i fiskarlivet som gjorde at han fekk ein djup respekt for fiskarane og deira liv og arbeid.

For det filmen viste var ekte vare – ikkje noko filmtriks. Først var det sildefiske med drivgarn utanfor kysten her, og seinare tråling etter torsk både i Lofoten og Barentshavet. Som vanleg var for førstereisgutar, måtte han gjere teneste i byssa og messa. Men han fekk prøve seg litt på dekk òg, med øving i å bløgge og sprette fisk under kyndig leiing av Oddmund O. Longva (Olaus-Oddmund).

Mykje folk var møtt fram for å sjå filmen. Difor måtte publikum delast i to – ein del til å sjå filmen og den andre delen i naborommet med kaker og kaffi, og omvendt i framsyning nr. 2. Slikt går an når filmen berre er på ca. 25 minutt. Kinosjef var Olav Skarstein.

Skårungen - Henko

Frå filminnspelinga. Foto: Ole J. Rogne

Laget Gamleskulen hadde fått tak i filmen og konvertert han til DVD, laga kaker, sveler, vaflar og rundstykke og kokt kaffi og såleis stelt i stand ei solid sosial stund med film- og fiskehistorie samt livat prat og hygge rundt kaffiborda.

Nemnast kan òg at filmen var laga av Norsk Dokumentarfilm og finansiert av oljeselskapet Esso. Regissør var Nils R. Müller, som var ein av dei mest produktive filmregissørane i landet. Han fekk Amandakomitéens Ærespris i 1996.


Kommentarer

Skårungen — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *