vart formelt skipa på eit møte av interesserte 8. desember 1959. Det vart valt eit styre med Jon P. Flem som formann, Anna I.P. Flem kasserar og Jon M. Longva og Elinor Longva styremedlemar. I tillegg skulle dirigenten vere fast medlem av styret. Dirigent var Leif Flem i heile koret si levetid.

Til stemmeførarar vart valde Signe Uri for sopran, Lise (Lovise) Flem for alt, Kjell Flem for tenor og Lars K. Flem for bass. Medlemskontingenten vart fastsett til kr 2,- for året. Til samanlikning kosta permar å ha notar i 4 kroner. Året etter vart det såleis bestemt å setje kontingenten til kr 5,- per år.

Koret sin første konsert vart halden på samfunnshuset Varden på Fjørtofta søndag 27/11-1960. Eit blokkfløyteorkester med borna på Flem skule var òg med. M/s Henko gjekk frå Longva-kaia kl. 14.00, og ved framkomsten vart dei mottekne av Solveig Fjørtoft (Bern-Solveig på telefonen) som baud på kaffi til alle tilreisande.

Konserten vart opna kl. 17.00 av Samklang med «Fjørtoft-marsj» av Gunnar Fjørtoft. Jon P. Flem las ein prolog som var skriven til konserten, og programmet var elles skiftande med korsong, kvartettsong og blokkfløytemusikk, alt under leiing av Leif Flem. Per E. Flem las nokre stubbar, og det vart vist eit songtablå.

Programmet hausta stor fagning av det talrike publikummet som hadde fylt salen til siste plass. Solveig Fjørtoft og Albrekt Nedrelid takka på vegner av forsamlinga for den hyggelege samkoma og bar fram ynskje om at songkoret snart måtte vitje Fjørtofta igjen. Og konserten vart i det heile ei stor oppleving for songarane og alle som var med, står det i møteboka til Samklang.

I 1961 vart det bestemt å gå i gang med songane i operetten «Sommer i Tyrol». Same året hadde dei songarfest for seg sjølve med innbedne, noko som vart ei årleg hending. Elles fekk koret invitasjon til å synge på ulike tilstellingar på bedehuset, på basarar og på 25-årsjubiléet til husmorlaget, til dømes. 31. januar 1961 song koret på minnegudstenesta til Karl Longvastøl, som kom bort i Biscaya på segling med Caribia av Ålesund.

På 17. mai-tilstellingar var sjølvsagt Samklang med i programmet, og i 1962 var dei også på Austnes med song – først i kyrkja og så ved minnesteinen for dei som miste livet i krigen.

Frå 1963 til 1977 ser det ut til å ha vore ein pause, men den 14. oktober dette året var koret igjen samla med 29 gamle og nye medlemar. Som nytt styre vart Ingemund Flem vald til formann, Sigrun Flem skrivar og Herdis Flem, Einar Rogne og Martha Rogne styremedlemar.

Koret melde seg no inn i Sunnmøre Songarlag og deltok heretter på seminar både i Brattvåg og andre stader, og på songarstemne.

Frå 1978 var det med songarar også frå Haramsøya, så då vart det oppdrag på begge øyane både 17. mai og ved andre tilstellingar. Høgdepunktet og det største målet for haustens øvingar i 1978 var Fjørtoft kyrkje sitt 100-årsjubileum 12. november, der koret deltok med fire nummer. Ei stor oppleving var det òg å synge «Belmonthymnen» og «Ave verum corpus» saman med Nordøy ungdomskorps på adventskonserten i Haram kyrkje 10. desember. Leif Flem var dirigent for både kor og korps.

Nordøy ungdomskorps hadde invitert til konsert på Haramsøy samfunnshus 1. april 1979. Koret framførte fem songar, og skriv i møteboka at ungdomskorpset «virkeleg imponerte, eit korps me vil få høyre meir til». 17. mai dette året hadde Samklang songoppdrag både på Framtun, ungdomshuset på Longva og Haramsøya.

Åra 1977–80 var ein svært aktiv periode i koret, med deltaking på så godt som alt som var av konsertar og andre tilstellingar av ulike slag. Men etter den tid minka det særleg med mannlege songarar, og aktiviteten stoppa opp. Etter tjue års opphald møttest det siste styret 12/1-2001 og bestemte at Samklang var nedlagt. Pengane i kassa, kr 6.344 vart gitt til kjøp av piano i Haram kyrkje.


Kommentarer

Songkoret «Samklang» — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *