Føremålet med å skipe småbåtlaget hausten 1982 var først og fremst å skaffe båthamn til medlemene, men elles å ta opp også andre saker som måtte vere av interesse for dei som er med i laget. Småbåthamna er no på plass i Rogne fiskerihamn, og her møtest båtfolket til dugnad, prat og ein fisketur innimellom.

Primus motor for skipinga av laget og formann dei første åra var Oddvar Rogne. Søknad om mudring av hamnebassenget for etablering av småbåthamn i Rogne fiskerihamn vart innsendt i 1986 og godkjend av Kystverket og Haram kommune i 1987. Det var då 17 medlemer som signerte på at dei hadde tinga båtplass i hamna. I dag (2018) har laget 18 medlemer og 20 båtplassar.

Bryggeanlegget har gradvis blitt utvida med nye brygger og båtplassar. I 2011 vart eit større område av hamnebassenget mudra ut og gjorde det mogleg å utvide anlegget med ein ekstra bryggepir og gjestebrygge. Siste større utviding var i 2013 då laget fekk kjøpe brukte brygger og utriggarar frå eit småbåtanlegg på Ryssholmen i Ulstein. Då vart det lagt ut ein ny pir, og samstundes etablert gjestebrygge.

Småbåtlaget har sett opp eit eige lags- og servicebygg ved småbåthamna. Der er det møterom og lagerplass for laget, og toalett og dusj for båtgjestar. Før bygget kom opp har Framtun vore nytta til styremøte og årsmøte. Planane framover er elles å halde ved like og utvikle anlegget til eit moderne småbåtanlegg for medlemene i laget, og å ha attraktive båtplassar med tilhøyrande servicefasilitetar for gjestar.

I desse dagar driv Kystverket og avhendar fiskerihamner her i området, og Rogne hamn er ei av dei som kan bli selt. Småbåtlaget har starta dialog med Kystverket om å få ta over hamna, men dette er ikkje avklart i skrivande stund.

Rogne småbåthamn


Kommentarer

Nogva og Rogne småbåtlag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *