Også folket på Nogva og Rogne såg fordelane med fastskule framfor omgangsskule og bestemte seg for å få på plass ein fast, permanent stad for skulen. Såleis gjorde Rogne skulekrins i 1886 vedtak om å bygge skulehus, men usemje om plassering av bygget og andre ting gjorde at det drogst ut med bygginga.

På møte 12. april 1890 rådde skulestyret til at det vart oppført eit skulehus på Rogne, og året etter rådde dei heradstyret til å støtte nye skulebygg med 300 kr. Om så skjedde er ikkje kjent, men det første skulehuset i Rogne krins stod i alle fall ferdig til bruk i 1892.

Bygget var oppført på jorda til Eliasgarden, hundre meter austanfor husa i Knutgarden, straks nedom vegen. I første høgda var eit klasserom, kammers (lærarrom) og gang. Der var ikkje full kjellar, men i 1908-09 fekk UL Fram utvida kjellaren slik at han kunne brukast til lagsmøte og andre samkomer. Kjellaren vart sidan òg nytta til sløydrom.

Dei tre første lærarane på skulen var Gunder Gundersen (1992–95), Ola Longva (1892–97) og Brita Hauge (1893–97). Sidan kom tre lærarar som fekk lang fartstid her: Karl G. Rogne (1897–1929), Hans A. Rogne (1914–31) og Ivar Otterlei (1931–64). Skuleåret 1891/92 var talet på skuleborn i Rogne krins 37.

Ungdomslaget brukte skulehuskjellaren til lagsmøte, teaterframsyning, festar og dans heilt til nyeskulen vart teken i bruk i 1954. Etter den tid stod gamleskulen ubrukt. Ifølgje avtalen som var inngått då bygget vart oppført, tilfall det grunneigaren når det gjekk ut av bruk. Såleis vart både treverket og murane etter kvart demontert og brukt til andre ting av eigarane. Berre steintrappa står att etter skulehuset i dag.

Nytt skulebygg
Mangt og mykje trong fornying etter andre verdskrig, og alt i 1946 tok lærar og skulestyreformann Ivar Otterlei saman med formannen i Rogne skulekrins, Asbjørn K. Rogne, initiativ til å få bygt ny skule. Kommunestyret gav i møte 10/8-1946 skulestyret fullmakt til å greie ut planar for nytt skulebygg. Men i staden for arkitekt måtte dei nøye seg med å bruke ein av byggteknikarane i kommunen.

Planen vart godkjend først i krinsen og skulestyret, sidan også av skuledirektøren og fylkesskulestyret. På budsjettet for 1947 løyvde kommunestyret kr 20.000 til ny skule i Rogne krins. Men dei første åra etter krigen var det rasjonering på det meste, så det drogst ut med å få byggeløyve. Likevel stod skulehuset ferdig til bruk i 1954 og vart vigsla av skuledirektøren 28. september same året.

På kommunestyremøte i mars 1953 låg det føre skriv frå byggenemnda som melde at Karsten Longvastrand (frå Sørstrand) ville utføre alt trearbeid med tilhøyrande isolasjon og kledning, ventilasjon m.m. for kr 17.500. Han hadde òg fått med seg Johan Solbakken og hans arbeidslag til å utføre mur- og støypearbeidet på timebetaling. Den elektriske installasjonen skulle gjerast av Haram kommunale kraftverk, og byggenemnda bad om fullmakt til å få utført røyrleggararbeidet og målararbeidet «på beste måte». Kommunestyret godkjende alt saman og løyvde like godt 60.000 kroner med det same til dekning av kostnader.

Fjørtoft bygde ny skule i 1940 og Hurla i 1943, medan Rogne krins vart den første i Haram som fekk nytt skulehus etter krigen. Bygget var topp moderne for si tid og inneheldt alt ein kunne ønskje seg av eit skulehus på den tida.

Etter nokre endringar av planane som skuledirektøren tilrådde, vart bygget kostnadsrekna til kr 83.200,-. I sluttrapporten frå byggenemnda til skulestyret, datert 9/11-1959, viser rekneskapen ein kostnad på kr 231.694,65. Overskridingar på større byggverk er altså ikkje noko nytt.

Byggenemnda listar òg opp kva krinsen har fått for pengane:

  • I første høgda: gymnastikk- og sløydsal, rom for skulekjøken, materialrom, dusj og avkledningsrom, sanitærrom (toalett), vaskerom og gang.
  • I andre høgda: to klasserom, grupperom, boksamlingsrom, lærarrom, materialrom, gang og vindfang.
    I tillegg var det vedrom og leskur under trappa. «Leikvollen» var på 90 x 42 m.

Frå 1. juli 1966 vart dei to skulekrinsane på øya slått saman, og alle elevane vart samla på Flem skule. Såleis var det no ikkje lenger ordinær undervisning på Rogne. Men på grunn av plassmangel på Flem, vart Rogne skule i fleire år brukt til handarbeid og heimkunnskap, stundom også andre fag, og dessutan framhaldsskule.

Seinare vart to klasserom i 2. høgda bygd om til overnattingsrom med køyesenger og frå 1976 til 1992 brukt til leirskule. Eit rom vart òg brukt til kursverksemd ein periode. I 1. etasje leigde barnehagen lokale frå starten i 1978 heilt til dei flytta inn i sitt eige nybygg i 2006.

Flem skule vart påbygd i 1984–86 slik at all undervisning vart samla under eitt tak, og leirskuleaktiviteten minka vekk. Såleis hadde kommunen ikkje lenger bruk for Rogne-skulen, og han vart seld til Arnfinn Krogsæter i 1992. Leirskuledrifta var det nesten slutt på; berre Engerdal, som hadde vore her i mange år på rad, kom tilbake endå eit par turar. Elles har andre høgda vore brukt av tilreisande som hadde behov for overnatting. I 2012 vart bygget selt vidare og er no (2018) eigd av Polarbad Vest Eiendom AS.

Kommentarar, nye opplysningar og bilete er velkomne.


Kommentarer

Rogne skule — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *