Meieriet på Rogne var eit felleseige som vart starta i 1896 av alle mjølkeprodusentane på Nogva og Rogne. Det var eit reint smørmeieri utan osteproduksjon eller mjølkesal.

Gardsdrifta vart i 1890-åra lagt om frå korndyrking til mjølkeproduksjon over heile Sunnmøre, og overgangen frå natural- til pengehushald gjekk føre seg i same perioden. Bøndene tok til å sende mjølkeoverskotet til Ålesund, men den store flaumen av mjølk til byen pressa prisane så det vart lite lønsemd.

For å få meir pengar ut av kvar mjølkeliter, vart det no etablert ei mengde meieri (ca. 100) kringom i dei fleste bygdene på Sunnmøre. På Nordøyane var det berre Haramsøya som ikkje hadde eige meieri.

Til å huse meieriet på Rogne vart det oppført ein bygning i Larsgarden, på nedsida av vegen rett overfor kvennhuset. Vasskraft frå Larselva vart brukt til å drage kinna som laga smøret. Ein stor brunn til vassmagasin var bygd ovanom vegen like vest for kvennhuset. Elva kunne så leiast til meieriet eller kvenna etter behov. Etter at elektrisiteten kom på øya i 1923, vart kvennakall og vasskraft etter kvart skifta ut med elektromotor og elkraft frå Tafjord.

For å utføre det daglege arbeidet på meieriet var det tilsett ei meierske. Jobben hennar var først og fremst å separere mjølka og kinne smøret, men sjølvsagt òg reinhald og anna førefallande arbeid. Mjølkekøyraren måtte også hjelpe til, mellom anna med å måle opp mjølka og elles når det var tunge tak som stod føre.

Det var god avsetnad på smøret, og prisane var bra dei første åra. Berre lite av smøret vart selt lokalt; mesteparten vart sendt til Oslo, og ein del vart eksportert vidare derifrå til England. Smøret var pakka i dunkar av bøketre som tok rundt tjuefem kilo. Meieriet på Rogne omsette 110.000 liter mjølk i 1905, og 116.800 liter i 1930.

Dei fleste meierskene kom frå andre stader i landet og hadde husrom i sjølve meieribygget. Mange av dei vart gifte med innfødde ungkarar og sytte såleis for friskt blod i bygda. Det var ettertrakta damer, og dei stod ofte berre kort tid i jobben før dei vart «kapra».

Den aller første meierska var Elisabeth Sandøy; ho var frå Sandøya og vart gift med Karl Ingebrigtsen Rogne. Den siste som kinna smør på Rogne Meieri, var Målfrid Bakken frå Hemne i Sør-Trøndelag. Ho vart gift med Knut S. Rogne i Knutgarden.

Utover «dei harde trettiåra» vart det dårlegare lønsemd for meieriet, smørprisane gjekk ned og gardbrukarane fekk dermed mindre betalt for mjølka. Konkurransen frå Sunnmøre Meieri tok til å merkast, og bøndene kunne no få meir for mjølka ved å levere dit.

Etter kvart vart det klart at meieriet på Rogne ikkje lenger var liv laga, og drifta vart lagt ned i 1937. Inventar, spanner og anna utstyr vart auksjonert bort til bygdefolket, og bygninga vart hus og heim i Vika på Nogva. Separatoren står no på Sunnmøre Museum.


Kommentarer

Rogne Meieri — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *