Elias Ingebrigtsson (1882–1960) frå Gamlemgarden på Rogne starta med handel i stabburet omkring 1908. I alle fall løyste han handelsbrev det året. Elias var med i oppattbygginga av Ålesund frå hausten 1904 og nytta høvet til å gå på handelsskule i byen. Handelsbrev var påkravd frå 1907 for å kunne drive handelsverksemd. Stabburet var felles for Jensgjerdet og Gamlemgarden og stod omtrent der våningshuset på Jensgjerdet står no. Berre halvparten av stabburet vart brukt til handel sidan dei hadde det på samsen.

Elias I. Rogne la ned handelsverksemda i slutten av 1920-åra, og Rogne/Nogva var utan butikk fram til rundt midten av 1930-talet, då sonen Martinus starta opp igjen med landhandel. Som dei fleste gutar her på øya, starta Martinus som fiskar i 14-15-årsalderen.

Men etter ei ulykke i 1932 som kosta han eine foten opp til kneet, var det vanskeleg å arbeide som fiskar. Då han skulle starte motoren om bord i Skjold (Nymark-båten), traff startbolten på svinghjulet foten og slo han tvert av. Han prøvde seg etterpå som stuert om bord, og sidan ei kort tid med flyndretråling på båten i Jensgjerdet, men innsåg at han med kunstig fot ikkje hadde noko framtid på sjøen.

Martinus måtte dermed gå på land og ville no prøve å livnære seg og sine med handel. Han starta oppatt i stabburet der faren hadde drive slik verksemd tidlegare, først med faren sitt handelsbrev. Han tok så handelsskule, dels som heimestudium og dels på Ulvestads Handelsskole i Ålesund, og løyste handelsbrev 27. mars 1936. Firmanamnet Martinus E. Rogne vart også registrert i 1936.

Sidan stabburet stod på Jensgjerdet sin grunn, og dei ville ha det vekk for å kunne bruke jorda til noko matnyttig, måtte nye butikklokale på plass. Eit nytt bygg til å huse forretninga vart sett opp i 1942 på Gamlemgarden, like attmed bygdevegen. Stabburet vart rive etter at butikken var installert i nybygget.

Her dreiv Martinus og kona Klara landhandel og sytte for at folket i bygda fekk både det daglege brød og reiskap, verkty og utstyr til det daglege arbeidet. Likeså kjøkenutstyr, ty i metervis og endå mykje meir. Kunstgjødsel og andre naudsynte varer til gardsdrifta kunne også som regel ordnast gjennom «Martin-buda».

Då Martinus døydde i 1979, tok sonen Oddvar over drifta og dreiv forretninga vidare saman med mora. Ettersom han også hadde ein mekanisk verkstad der han mellom anna laga elektriske anlegg til Nogva Motorfabrikk, var det nødvendig å leige inn hjelp til butikken. Tre butikkdamer som var der i lengre periodar, var Svanhild (Uri) Rogne, Elin Rogne (Myskja) og Inger Marie Rogne (Nygård).

Landhandelen som vart starta omkring 1908 heldt det gåande – med nokre års avbrot rundt 1930 – til 1987, då han vart lagd ned for godt. Det var tre butikkar på øya den tida, og folketalet på Nogva og Rogne hadde minka ein god del, så det var vanskeleg å drive lønsamt.


Kommentarer

Rogne landhandel — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *