Møtebøker eller andre dokument etter Nogva og Rogne helselag har ikkje vore råd å finne. Heller ikkje mange attlevande medlemar, men eit par eldre damer har fortalt at dei var på eit møte eller to før laget vart nedlagt. Det har såleis vore lite dokumentasjon tilgjengeleg for denne historia, men dei arbeidde nok med same sort saker som det andre helselaget på øya.

I Longva og Flem helselag sine møtebøker er det nemnt litt om samarbeid mellom dei to laga:

Årsmøte 6/12-1959: Vedtak om å kjøpe senkeapparat til gravplassen saman med Nogva/Rogne.

Fellesmøte 7/10-1973: Helselaga Rogne/Nogva og Longva/Flem var samla på Kvileheimen og vedtok å sende brev til sosialkontoret for å få utvida heimen eller bygge nytt. Dei som møtte frå Rogne/Nogva var Anna Hansen, Ingebjørg Nogva, Helge Nogva, Kjell Rogne, Einar Rogne, Dagny Rogne og Jorunn Nogva.

Fellesmøte 23/5-1976 mellom Rogne/Nogva og Longva/Flem pluss tilsynet for Haram Kvileheim. Dei ville prøve å få til ein helsestasjon i samband med utviding/nybygg av kvileheimen. Frå Rogne/Nogva møtte Olivia Nogva, Kjell Rogne og Einar Rogne.

Styremøte 11/6-1976: Vedtak om å kjøpe inn ambulansebåre i lag med Rogne/Nogva.

Eit par notisar i Sunnmørsposten fortel at Rogne og Nogva helselag, saman med mange andre slike lag, var med på innsamling av pengar til Finnmark hausten 1945, og at dei gav hundre kroner til ambulansebåten Samaritan i 1963.

I tillegg veit vi at Ljosklubben, som samla inn pengar for å skaffe veglys til bygda, fekk kr 5.000 med Rogne og Nogva helselag i 1973.

Nye opplysningar er velkomne!


Kommentarer

Rogne og Nogva helselag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *