Første posthuset i Haram vart oppretta 1. januar 1861 med namnet Harham. Postkontoret var i prestegarden på Lepsøya med soknepresten som postopnar. Det fungerte slik at presten tok med seg posten til kyrkja og delte den ut der. Så mange breva var det nok ikkje. Den første tida vart posten sendt «ved leilighet», men seinare fekk dei Aalesunds Dampskibsselskab til å gå innom Kjerstad ein gong i veka. Frå 1869 vart det bestemt at Austnes skulle vere stoppestad for rutebåten, og posthuset vart då flytta dit.

I løpet av dei neste 30 åra etter det første posthuset kom det postkontor på alle øyane. Flemsøens Postaabneri vart etablert 1. januar 1891 med Lars Johnsen (Longvanes) som postopnar. Stillinga hadde han til 1919.

Postkontoret låg på Longvanes, i huset som står der i dag (oppført i 1884), i øvste og ytste hjørnet av huset. Då Longva Handelsforening, med Lars Johnsen som styrar, flytta inn i sjøbua som P/L Fremad sette opp nede ved kaia i 1897 (der Longva Servicesenter er no), følgde posten med dit.

Frå 1913 fekk Flem si landpostrute med Petter H. Flem som postberar, og likeins Rogne/Nogva med Jonas P. Rogne som postbod. Frå starten var det ombering tre gonger i veka, men frå 1925 berre to dagar. Frå 1931 var det båtrute og post kvar yrkedag til og frå Ålesund, men postkøyring tre gonger i veka igjen vart det ikkje før i 1936. Folket i Støene måtte hente posten sin hos postomberaren på Flem.

Namnet på postopneriet (og dermed postadressa) vart endra til Longva frå 1. juli 1922.

Postkontoret heldt til i same huset som Longva Handelsforening fram til 1. oktober 1922. Det flytta då inn i eit nytt post- og pakkhus som Longva kailag hadde bygt like innom handelshuset. Dottera til Lars Johnsen, Helga Johnsen Rogne, var poststyrar frå 1919 til 1943. Mannen hennar, Petter Rogne (Klongre-Petter) hadde stillinga nokre månader i 1943 før Emil Nerland tok over i november same året.

I 1953 vart posten flytta til nye lokale i kjellaren til Emil Nerland. Han hadde stillinga som poststyrar til 1967, då kona, Tordis Nerland (f. Longva), tok over. Siste stoppestad for postkontoret her på øya var nybygt hus ved butikken til Geir Kvam (tidlegare A.O. Longva & Co). Der flytta det inn i 1984 saman med Kirsti Ulla Ingelsrud, som vart siste poststyraren.

Longva postkontor vart lagt ned frå 1. oktober 1997, og posttenestene er no på Coop Marked på Haramsøya. Posten kjem hit til øya med landpostrute. I mange år var det postombering seks dagar i veka, men frå 1. mars 2016 har Posten kutta ut laurdagane. Private transportørar køyrer ut aviser den dagen. På grunn av digitaliseringa i samfunnet, har mengda av post gått stadig nedover det siste tiåret. I skrivande stund er det snakk om å redusere postutdelinga til annankvar dag.


Kommentarer

Postvesenet — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *