Opptakta til Øyrådet var eit folkemøte 26.01.2015 for å diskutere korleis ein kunne skape utvikling og optimisme på øya og såleis snu den negative barnetalsutviklinga. Initiativtakarne var ei gruppe personar som hadde samtalt om desse tinga ei stund og fann at heile øya måtte involverast. Denne «startgruppa» bestod av Birgit Fjelle, Arnfinn, Knut og Kåre Flem, Severin E. Longva og Tanja M. Otterlei.

Det viste seg at interessa var stor for den aktuelle problemstillinga. Om lag 150 personar møtte fram på folkemøtet, og heile femti av dei melde seg til teneste i den nye organisasjonen som vart skissert for deltakarane. Øyrådet vart så formelt skipa 25. februar 2015. Ifølgje vedtektene skal det arbeide for å «fremje utvikling og vekst på alle område i lokalsamfunnet for å sikre at øya også i framtida skal vere eit livskraftig samfunn».

Øyrådet vart organisert i seks arbeidsgrupper med eit styre på toppen. Det vart skipa grupper for seks sentrale område:

  • arbeid/næring
  • bustad
  • informasjon
  • tilflytting
  • trivsel
  • økonomi

Seinare er gruppa for arbeid/næring slått saman med tilflyttingsgruppa. Medlemane i Øyrådet kan gå inn i den gruppa dei ønskjer, og gruppene vel sjølve leiar, nestleiar og skrivar. Leiarane i gruppene er faste medlemar i hovudstyret, og nestleiarane er varamedlemar. Styreleiaren vert vald direkte av årsmøtet.

Arbeidsgruppene er stort sett sjølvgåande. Dei arbeider etter ein instruks som gruppa har ein viss innverknad på, men som styret skal godkjenne. Gruppene tek initiativ og set sjølve i gang prosjekt innanfor rammene av instruksen. Leiarane rapporterer så om aktiviteten på styremøta.

Styret sitt ansvar er å leie og samordne aktiviteten i Øyrådet og sjå til at alle arbeider mot vedtekne mål. Det første styret var slik samansett:

Lidvar Rogne – leiar
Mette Krogsæter – tilflytting/nestleiar
Tanja M. Otterlei – informasjon/skrivar
Bjørn Longva – økonomi/kasserar
Arnfinn Flem – trivsel
Joar Haram – bustad
Birgit Kjerstad – arbeid/næring

I eit infoskriv heiter det mellom anna:
«I desse sentraliseringstider vil vi skape ei motvekt til flyttetrenden frå utkantane inn til sentrale strøk. Vi vil synleggjere dei gode kvalitetane på bygda, vise at her er mange muligheiter for arbeid og næring, og tilby eit alternativ til folk som ønskjer å byte ut bylivet med frisk luft, flott natur og eit trygt og roleg miljø.»

Arbeidsgruppene kom nokså snart i gang med aktivitet på sine respektive område. Gruppa for arbeid/næring starta med å kartlegge kva som finst av arbeidsplassar i nærområdet, og å kaste fram idéar om kva slags næring som kunne høve å starte her, eventuelt utvikling av eksisterande næring. Gruppa har også arrangert to seminar – eitt om marine næringar, det andre om reiseliv/turisme.

Det første bustadgruppa gjorde, var å syte for at tomtene i dei eksisterande byggefelta var tilgjengelege for folk som ville bygge. For det viste seg at folk støytte på vanskar med å få seg ei tomt. Bustadgruppa gjekk i dialog med Teknisk etat og fekk rydda vanskane av vegen. Gruppa kartla elles moglege utleigebustader og hus som var eller kunne bli til sals. Ho har også engasjert seg i arealplanen som er under arbeid.

For å ha reiskapar til både informasjon ut i verda og til internt bruk, laga informasjonsgruppa seg både ei vanleg nettside og ei Facebook-side. Dei laga elles både ei brosjyre, t-skjorter og anna infomateriell og har vore aktive også på andre måtar, som på HaNo-messa.

Å prøve å få yngre folk til å slå seg ned på øya, var ei viktig sak for Øyrådet. Tilflyttingsgruppa arbeider  både med å få øya-ungdom til å busetje seg her, og å «lokke» folk utanfrå til å kome hit. Såleis hadde dei eit prosjekt gåande med firmaet Placement, som formidla kontakt med «livsstilsflyttarar» frå utlandet, særleg Nederland. Det resulterte i at ein familie på fire kom og busette seg i Hansengarden, men flytta igjen på grunn av manglande arbeid på øya.

Trivselsgruppa har hatt i gang mange tiltak og arrangement, som kafé, festar, standupshow og meir. Av større prosjekt kan nemnast oppgradering av uteområdet ved skulen hausten 2015 i samarbeid med skulen og kommunen, og oppføring av Skulebua på toppen av Skulefjellet, med opningsfest i høljregn 21. august 2017. Eit tilbygg til butikken med plass til kaffikrok og toalett er planlagt oppført i 2019 i regi av trivselsgruppa.

Pengar til drift og prosjekt er det økonomigruppa som syter for. Prosjekt «Bygdemobilisering» i samarbeid med Fylkesmannen gav bra med inntekt, og elles har gruppa skaffa midlar til oppgraderinga av uteområdet ved skulen, til Skulebua og andre ting.

Øyrådet har engasjert seg i saker som Nordøyvegen, betring av internettsamband (fiberkabel) og Kvileheimen, for å nemne noko. For å prøve å behalde Kvileheimen som han var, vart det samla inn 850 underskrifter, og Øyrådet arrangerte i 2016 folkemøte med ordførar, rådmann og leiarar for omsorgstenestene i kommunen til stades. Engasjementet førte ikkje fram til målet, men bidrog truleg til at resultatet vart så bra som det kunne bli.


Kommentarer

Øyrådet for Flemsøy/Skuløy — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *