I alt fem personar her frå øya omkom i krigshandlingar i dei to verdsskrigane.
1. verdskrig:
Ole O. Rogne (31) frå Storsætergarden miste livet i 1917 då Bergensbåten Algol vart torpedert i Nordsjøen av tyske ubåtar. Han var styrmann om bord.
2. verdskrig:
Olav I. Gamlem (35) frå Nordstrand var i handelsflåten under krigen og kom vekk då båten han siglde med, m/t Ranja, vart torpedert 16. mars 1942.
Erling A. Longva (25) frå Berg var kanonskyttar på minesveiparen Harstad, som vart senka i Den engelske kanal 27. februar 1943.
Karl K. Flem (45) frå Torinagarden miste livet under flyåtaket på rutebåten Eira 24. oktober 1944.
Peder I. Flem (69) frå Knutgarden omkom også på Eira.
Kommentarer
Omkomne i verdskrigane — Ingen kommentarer
HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>