Ei ny bygdesoge for gamle Haram kommune pluss Grytastranda, Søvik og Gamlem (Hamnsund sokn) frå tidlegare Borgund er under arbeid. Bøkene for dei tre Borgund-bygdene er alt ferdige og tilgjengelege for kjøp og på biblioteket. For resten av Haram er bøkene under arbeid eller planlegging (unnateke gamle Vatne kommune, som frå før har relativt nye bygdebøker).

Bygdesoga består av to hovuddelar: 1) allmenn historie og 2) gards- og slektshistorie. Forfattar av dei tre ferdige bøkene er Randi Ingunn Selnes. For dei andre bøkene har Stein Arne Fauske (frå Sykkylven) gjort mykje arbeid med gards- og slektsdelen. På delen med allmenn historie vil det vere ulike forfattarar for dei ulike bøkene. Underteikna skal skrive den allmenne delen for Fjørtofta og Flemsøy/Skuløy, som blir band 4 i serien. (Dei tre før nemnde er band nr. 1, 2 og 3.)

Gamle Haram bestod av dei fire Nordøyane, Hildrestranda og Brattvåg, pluss Myklebust og Uksnøya i noverande Sandøy kommune. For dette området vart det i 1947 laga ei bygdebok om øyahistoria generelt, forfatta av Martinus Rogne. Ei kyrkje- og skulesoge, skriven av tidlegare sokneprest Peter Hove, kom i 1975. Men inga gards- og slektssoge er blitt gitt ut tidlegare.

Etter om lag 70 år er det altså no tid for ei ny bygdesoge. I 2007 vart det skipa eit heileigd kommunalt aksjeselskap, Haram Bygdebok AS, til å stå føre utgjevinga av bøkene. Til styre vart vald Bjørn Sandnes (leiar), Thorleif Marken og Steinar Holmeset. Marken vart engasjert som dagleg leiar. Han døydde dessverre i januar 2017, og ny styremedlem er Torill Haram.

I tillegg er det ei bygdesogenemnd av frivillige, garva lokalhistorikarar som bistår forfattarane med å finne og velje ut stoff: Svein Nilsen, Elias S. Rogne, Gunnar Standal, Gunnbjørg Seth, Anita Hawkes, Jan Ove Stene, Hjørdis Skaar og Arne Vågnes.

Boka «vår» vil vere i to delar – ein for kvar øy – bortsett frå noko felles stoff som vil stå fremst i boka. Kvar del er i to bolkar: ein for den allmenne historia og ein for gards- og slektshistoria. Sistnemnde vil omfatte alle personar som er eller har vore busett på øya, eller er fødd her og flytta herifrå – så langt tilbake ein kan sjå. Denne delen er stort sett ferdigskriven av Stein A. Fauske og vert fullført av Olav Myklebust og blir såleis ikkje omtala på desse nettsidene.

Knut Flem


Kommentarer

Om bygdeboka — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *