Olaus FjørtoftOlaus Johannes Fjørtoft (1847–78) var fødd og vaks opp i Aravika (Arhaugvika) på Nogva. Foreldra var lensmann Amund O. Fjørtoft og Anne Olsdotter frå Helland.

Olaus Fjørtoft var ein av desse sjeldne personane som klarer å fri seg frå indoktrinerte normer og tankesett og å opparbeide ei sjølvstendig tenking uavhengig av autoritetane i samfunnet. Såleis hadde han føresetnadene til å kunne bli føregangsmann og leiestjerne for å skape framgang og vokster både åndeleg og materielt for allmugen i Noreg.

Folk på øyane hugsar han kanskje best for å ha sett på plass sokneprest Barman i ein disputt om reformer i kyrkja ein søndag i 1872. Hendinga var ei heller lita sak for Olaus, men ho førte til at han ifølgje segna ikkje lenger var velkomen heime. Å gå i rette med presten i kyrkjesaker var utilgiveleg respektlaust, meinte faren. Sikkert er det iallfall at Olaus reiste tilbake til Kristiania og vart verande der til han døydde, berre 31 år gammal.

Som tolvåring starta han på Borgarskulen i Ålesund, og alt der tok han til å stille spørsmål ved rådande oppfatningar og «vedtekne sanningar» som vart presentert for elevane. Han godtok ikkje utan vidare det lærarar og andre autoritetar hevda og gav seg stadig oftare til å diskutere med dei og drage i tvil deira påstandar. Slikt var det lite rom for på denne skulen, og etter knapt to år braut han av og reiste heim.

Same hausten tok han til på Molde Lærd- og Realskole, der ein kunne ta studenteksamen (examen artium). Hugen til å la eigne tankar og meiningar vere rettesnor i viktige spørsmål vart ikkje mindre gjennom åra på latinskulen i Molde. I avslutningsforedraget for skuleåret våren 1866 gjekk Olaus til åtak på unionspolitikken; han ville ha Noreg ut av unionen med Sverige. Likeins talte han varmt for å ta i bruk det norske målet i staden for dansk, som rådde i landet på den tida.

Dette fall ikkje i god jord hjå «dei kultiverte» i Molde, og sjølvaste amtmannen slo i bordet og kravde at rektor Brinchman fekk fjerna denne rabulisten frå skulen. Men Olaus var ferdig både med Molde og latinskulen – det vart for trongt! No ville han til Heltbergs studentfabrikk i Kristiania og ta sin studenteksamen der.

Denne opprørstrongen og hugen til å gå sine eigne vegar, setje spørjeteikn ved mangt og mykje i samfunnet og finne svar utifrå sine eigne tankar i staden for å høyre på autoritetane, var det som skulle prege Olaus Fjørtoft sitt liv og alt hans virke. Han gjekk sine eigne vegar for det han meinte var rett og sant og kom meir og meir i opposisjon til «det etablerte».

Og i Kristiania fann han folk og miljø som både var romslegare og meir tolerante enn dei han kjende tidlegare, og som hadde mykje dei same tankane og meiningane om mange samfunnsspørsmål som han sjølv. Det var òg tilfellet med rektor Heltberg, som lét Olaus undervise i matematikk samstundes som han var elev i andre fag.

Olaus Fjørtoft hadde uvanleg gode evner i matematikk, og alt som 14-åring gav han ut ei lærebok i rekning som vart brukt i folkeskulen på desse kantar heilt til det metriske systemet vart innført i 1875. Året før han døydde fekk han gitt ut to band av eit større rekneverk: Lærebog i praktisk Regning efter det nye Mynt-, Maal- og Vægtsystem. Første del for folkeskulen og «Borgerskoler», andre del for vidaregåande utdanning. Manuskriptet til eit band om høgare matematikk var òg ferdig, men han rakk ikkje å få det utgitt.

Ikkje berre var Olaus eit matematisk flogvit, han hadde også gode pedagogiske evner og vart rekna som den beste læraren i matematikk i Kristiania. Såleis sende sjølv dei konservative besteborgarane i byen sønene sine til denne mannen som forfekta radikale meiningar langt ute på venstresida.

For det er som forkjempar for nye tankar og idéar og «nyordning» av samfunnet Olaus har sett dei djupaste og mest varige merka etter seg. I tale og skrift gjekk han til åtak på mykje han såg var skakt og skeivt i samfunnet. Han gjekk i brodden og kjempa for endringar som skulle gjere livet betre for folk flest.

Det var hans store humanistiske frigjeringsprosjekt, er det blitt sagt. Mellom anna ville han frigjere folk frå autoritetstru, frå embetsmannsstyre og frå prestemakta og den strenge dogmatiske kristendomen. Skulle dette lukkast måtte det opplysning til, og difor gav han ut bladet Fram i åra 1871–73. Språket var tillempa sunnmørsdialekt, som Olaus brukte både i tale og skrift.

For å styrke både opplæringa og sjølvkjensla til folket, måtte skuleborna få undervisning på sitt eige mål i staden for dansk, som dei knapt forstod. Lærebøkene skulle vere på eit språk som låg så nært opp til talemålet som mogleg, meinte Olaus. I det heile var opplæring og opplysning avgjerande for at vanleg folk skulle kunne hevde sine rettar og ta del i styringa av samfunnet. Språksaka låg difor hans hjarte nær, og han var ein periode med i styret i Det norske samlaget, som gav ut bøker på landsmål.

Eit fritt, sjølvstendig Noreg, norsk språk, allmenn røysterett og folkestyre var viktige saker som Olaus Fjørtoft streid for. Likeins ein kristendom som var tufta på Jesu ord og gjerningar, ikkje Pontoppidans forklaringar og annan «prestedogmatikk». Han var også oppteken av å betre arbeidarane sine kår og var med på å skipe Norske Arbeideres Forening i 1874. Han var godt kjend med dei nye sosialistiske idéane ute i Europa og prøvde å spreie dei mellom anna gjennom bladet Fram.

Som føregangsmenn flest, møtte Olaus mykje motbør. Ikkje berre fordi idéane hans var radikale, men også fordi han var kompromisslaus og skarp i kantane og såleis støytte folk frå seg. På slutten av livet hadde han derfor svært få vennar att.

Olaus sin kamp for eit meir demokratisk og rettferdig samfunn hadde stor betydning for utviklinga dei neste tiåra. Tankane og idéane hans møtte sterk motstand i samtida, men det aller meste av det han kjempa for vart røyndom etter kvart. Dette fekk han sjølv ikkje oppleve sidan han døydde så tidleg.

Hadde han hatt seg ein tur tilbake og sett det norske samfunnet i dag, ville han vel knapt ha trudd sine eigne augo. Berre éin av visjonane hans er enno ikkje oppfylt: kongedømet lever framleis i beste velgåande. Men kongen si makt er borte og demokrati for lengst innført.

Av konkrete merke etter Olaus Fjørtoft kan nemnast namnet til UL Fram her på øya og minnesteinen på Nogva som ungdomslaget fekk sett opp i 1975. Ein minnestein vart også reist i 1920 på Vår frelsers gravlund i Oslo, der Olaus er gravlagd. Dette var det laget Sunnmøringen, med Anton Flem i brodden, som gjorde.

Elles kan nemnast at Olaus har vore modell for fleire forfattarar, mellom anna som figuren Fram, ein av hovudpersonane i Arne Garborg si bok Bondestudentar. Sonen til Garborg fekk endåtil Olaus Fjørtoft som mellomnamn.


Kommentarer

Olaus Fjørtoft — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *