Nymark-kaia på Rogne vart sett opp i 1950. Ho blei bygd for å lette drifta av fiskebåten Skjold, som høyrde til i Nymarka. Det var Ole P. Rogne og sønene Kåre, Trygve og Øystein som åtte og dreiv båten. Utan kai var det tungvint å frakte vegn og utstyr til og frå båten, som låg i utfar (anker) eit lite stykke utpå, og likeins fisken som skulle til lands. Alt måtte først lastast inn i færingen og så roast fram og tilbake mellom båten og og støa.

Difor bestemte Nymark-karane seg for å få sett opp ei kai som Skjold kunne legge til når vegn skulle skiftast for eit nytt fiskeri, proviant takast om bord osv. Stein vart fylt ut i fjøra og eit firma frå Volda som hadde spesialisert seg på kaibygging, kom og sette opp sjølve kaia. Til fundament brukte dei jernbaneskjener som dei dreiv ned i grunnen og festa nye skjener oppå dei som berebjelkar. Sjølve toppdekket er av trevirke. Eit hus vart sett opp på attraste enden til mellomlager for vegn og utstyr.

Nymark-kaia kom til nytte for andre òg, ikkje minst for Nogva Trevarefabrikk, som låg like ved. No kunne fraktebåtar med material til produksjonen legge til der, og ferdige produkt kunne sendast med båtar som la til kaia. Tidlegare måtte alt roast til og frå båtar som ankra opp utpå, eller hentast og sendast via Longva-kaia.

Rutebåtar tok også til å nytte kaia. På 1950- og 60-talet trafikkerte Molde-båten Legona øyane ein gong i veka, og sjølv om Rogne ikkje stod i rutetabellen, kom båten innom Nymark-kaia på signal når Olav Nogva hadde varer å sende. MRF sin Bolsøy hadde fast anløp her ein gong i veka frå 1960 til 1970 i ruta mellom Romsdalsøyane og Molde.

Nymark-kaia

Foto: Dag Torgrim Nogva

Kommentarar og nye opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Nymark-kaia — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *