Flemseidet ute ved Geita vert kalla Eiane lokalt. Dersom namnet på staden er rett, har det truleg ‘eid’ som opphav (jfr. Tverreidet; uttalen skal vere med stum d). Men opplysninga nedanfor kan bety at vi må revurdere namnet.

I Arnfred Slyngstad si bok «Skjergardsnamn frå Sunnmøre» (Oslo 1951) står det slik (s. 92):
«Heiagrynnet er ein skreifiskeplass. Det har truleg namn etter Heiagarden (eit tunnamn) på Flem. I halvemålet vert det ofte sagt Eiagrynnet og Eiagarden. Det tyder då fiskeplassen som dei brukte på Heiagarden.»

Boka finn du på Nasjonalbiblioteket.

Det kan bety at Heia(garden) eller Heiane er det rette namnet, med ordet ‘hei’ som opphav. Det stemmer i så fall betre med geografien på staden, etter mi meining. Så har (h)alvemålet endra namnet for lenge sidan.


Kommentarer

Nye opplysningar — 2 kommentarer

  1. Arnfred Slyngstad frå (f.19.juni 1897 – d. 1967) har utvilsamt rett. Eg har sjølv lenge tenkt at dette med Eidet må vere feiltolka, og tok kontakt for å høyre om eg hadde fått med meg uttalen korrekt, for eg meinte det måtte vere Hei, og ikkje Eid som ligg til grunn. Då kom du Knut med denne skriftlege kjelda. Arnfred Slyngstad må ha vore godt kjend på Flem og med folk derifrå. I føreordet skriv han: «Denne samlinga inneheld mellom 1050 og 1100 namn frå skjergarden på Sunnmøre. Tilfanget vart samla inn i sumarferiane 1933 til 1935. Elles har eg sjølv for mange år sidan drive havfiske her på ein motorbåt frå Flemsøy. [—]. Bak i boka stend kjeldelista hans, der Ole Flem, Flemsøy er kjelde for namna med nr 183-221. Er dette stortingsmannen Hau-Ole Flem, kan han då ha vore mannskap på Haubåten? Kanskje det kan dokumenterast? Når Slyngstad etter mitt syn må ha rett, er det også fordi namnet EID mest alltid har s-genitiv. Dei som budde på Eia, Eiane (eller slik det vert sagt på Eiå, Eiå med tonelag 2 som i Sola på Jæren; preposisjonen på og fleire føre gir i fleirtal dativforma -å i staden for -ane i Haramsmålet o.fl. st.) har som personar Eia-, ikkje Eids-. Døme: Eia-losen, Eia-Elen. Hadde det vore Eid som låg til grunn ville det vore s-genitiv; Eids-Losen. Jf. namnet Eidsvikja i Tennfjora, ikkje Eiavikja. Og så høver landskapet også godt med hei, slik du skriv, Knut. Urra for alvemålet, ald fram med å seie og skrive Eia, Eiane, Eiå!! Forma Flemseidet har eg aldri sett skrive eller høyrt før bygdeboka kom, men det har kanskje andre? Skulle gjerne visst om eldre kjelder for den samansetninga. Kanskje samansetjinga er laga på grunnlag av namn som naturnamnet Flemsgeita (berre Geita i daglegtale), eller tunnamna Flemsgjerdet, Longvagjerdet, Rognegjerdet o.l. der ein måtte setje til gardsnamnet for å unngå forveksling.

  2. Godt resonnert om namnet, Erling!
    På grunnboksbladet står Eidet. Eg hadde ikkje sett eller høyrt Flemseidet før ved bygdebokarbeidet. Veit ikkje kvar gards-/slektsforfattarane har det frå.

Legg igjen en kommentar til Erling Flem Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>