UL Samhald hadde på fleire møte snakka om å skipe eit idrettslag innanfor ungdomslaget. På eit møte 16. mars 1941 vart det vedteke å opprette eit slikt lag, og det vart valt ei nemnd på fem til å ta seg av det. Dei var Ole J. Rogne, formann, Agvard Longva, nestformann, Kristoffer Flem, Johanne Rogne og Aslaug Longva.

På eit møte 8/6-1941 vedtok styret i idrettslaget (i Samhald) å skipe til fest den 14/6-41. Ei nemnd fekk i oppdrag å forhandle med grunneigarane om kjøp av grunn til idrettsplass. I nemnda var Ole Rogne, Kristoffer Flem og Agvard Longva.

Den planlagde idrettsfesten gjekk av stabelen på fastsett dato. Programmet var som på andre festar i ungdomslaget – foredrag og opplesing, lagsbladet Nissen, spelstykke, stubbar og skrøner ved Anton Flem, utlodding av to kaker og dans.

Noko meir er ikkje å finne i protokollane om dette idrettslaget, men 14. mai 1951 vart Longva og Flem Idrottslag stifta som eige, sjølvstendig lag. Første formannen var Dagfinn Klokk. Dessverre er møtebøkene for dei første 25 åra bortkomne, så det er mangelfull dokumentasjon frå denne tida.

I alle høve vart det skaffa grunn til ei idrettsbane, og på møte i kommunestyret 26/11-1951 vart det bestemt at leikvollen til den påtenkte nye Flem skule og idrettsplassen skulle opparbeidast i lag. Det skulle med andre ord bli ein kombinert idretts- og leikeplass.

I 1952 kom dei så smått i gang med arbeidet på idrettsplassen og mottok i desember dette året kr 4.000 i tippemidlar. Traktoren til Skuløy maskinlag var innhyrt, men veg i vellinga vart det først då bulldosaren til Harald Valen starta opp sommaren 1953. I 1954 fekk dei nye 5.000 kroner i tippemidlar, og Haram kommune løyvde i alt kr 2.000. Gode inntektskjelder elles var marknad og korgafestar.

Men det tok si tid å få fullført bana. I 1957 var Sverre L. Flem (Monsgarden) i sving med si nye gravemaskin, og i fleire år utetter er det ført utgifter til dynamitt, boring og skyting i rekneskapen. Det var stillstand i nokre år, deretter meir sprengingsarbeid frå 1963. I 1966 vart det betalt for lessing og køyring av grus til bana, og for materialar til målstolpar og krokar til målnett.

Før denne grusbana var ferdig, var det Myreplassen som vart brukt til fotball. Det var ei naturleg flate som det var sett mål på, like utom gravplassen. På denne bana vart det spela mange kampar, og kassaboka viser billettinntekter frå fleire slike kampar. I 1957 vart det kjøpt inn 12 stk. fotballtrøyer, og i 1958 «buksetøy til drakter». Desse var i bruk då laget kom med i seriefotball i 1969.

Det var ein gjeng med ungdommeleg entusiasme og pågangsmot som melde laget inn i Sunnmøre fotballkrins og såleis fekk regelmessige kampar både heime og borte. Også publikum var interessert og møtte mannjamt opp på heimekampar. Det syner billettinntektene som låg på 200–400 og opp i over 500 kroner på ein kamp. Til samanlikning var utgiftene til domar frå 50 til 75 kroner.

Men namnet Longva og Flem Idrottslag var det vanskeleg å få gode heiarop ut av. Dessutan femnde det berre om ein del av øya, og laget skifta difor namn i 1970. Først vart Skagge vedteke på eit årsmøte, etter ein Holmgangs-Skagge som skal ha levd på øya i fordums tider. Men mange mislikte namnet, og på eit nytt omframt årsmøte vart Nordøy Idrettslag bestemt.

Den nemnde «fotballgjengen» i idrettslaget var også aktive på andre felt og sette mellom anna opp revyar, ikkje berre for å skaffe pengar til lagsdrifta, men også fordi det var kjekt og samlande. Ein gong drog dei heilt til Lepsøya (!) med ein slik revy. Grusbaner var vanleg denne tida, men med så mangt anna, går utviklinga vidare og lysta på betre forhold melder seg.

Såleis kom tanken om å lage grasbane opp, og i 1974 vart det kjøpt grunn utover av Jon J. Longva for å flytte bana vekk frå skuleplassen. Den nye bana skulle også utvidast oppover for å få større breidde. Same året vart Johan A. Haram med anleggsmaskiner hyrt inn og tok til på sprengingsarbeidet på øvste sida. Året etter heldt Johnny Longva fram med dette arbeidet. Han la molda frå det nye jordstykket i ein stor haug innom bana.

Då Johnny hadde skote og fylt ut på utsida, grovplanert og laga den fine profilen som bana fekk, var det tid for dugnadsarbeid. Med traktor og vegskrape og jernbaneskjene på slep vart vidare planering gjort, og deretter vart drenering lagt ned i grusen i fiskebeinsmønster. Så var det traktordugnad. I fleire dagar stilte tre–fire traktorar med skuffe opp og la den store molddungen i eit 20 cm tjukt lag utover heile bana. Etterpå var det ny omgang med jernbaneskjena som jamna og planerte og til slutt raking, steinplukking og anna handarbeid.

Før grasfrøet skulle i jorda, måtte det gjødslast grundig. Gjødselkjellaren i hønseriet til Jon P. Flem vart tømt og gjødsla spreidd utover bana med traktoren og tankvogna i Jogarden. Mange sekkar kunstgjødsel gjekk også med. Til slutt vart grasfrøet sådd, i juli 1976. Resultatet vart ei av dei finaste grasbanene på Sunnmøre, meinte mange. På årsmøtet seinare same året vart det vedteke at baneanlegget skulle ha namnet Nordøy Stadion.

Straks bana var isådd, tok Nordøy IL fatt på arbeidet med å lage Rogne-bana. Det var krav om at ei grasbane skulle ha ei avlastingsbane å bruke vår og haust, og ein del av tippemidlane til Nordøy-bana vart halden tilbake til dette var på plass. Idrettslaget fekk ein 25-årig leigeavtale på grunn ved Framtun med UL Fram, og i løpet av hausten var grusbana ferdig. Denne vart finansiert av idrettslaget åleine, for det kravdest grunnavtale på 40 år for å få tippemidlar og tilskot frå kommunen.

For å kunne bruke Rogne-bana til trening også i mørketida, vart det sett opp lys som dekte om lag halve bana. Severin E. Longva, Harald Longvanes og Leif Uri (Stø-Leif) drog i 1980 med traktor til Sjøholt og drog med seg fire lange stolpar langs vegen gjennom Skodje heilt til Skjelten, vidare over fjorden og inn til Rogne. Tolmodige bilistar var ein føresetnad for å kunne gjennomføre dette, ikkje minst då dei skulle forsere hårnålssvingen utanfor Skodje. Men fram kom dei, stolpane vart sett opp og lys montert.

Lys Rognebanaa

Lysstolpane står framleis ved Rogne-bana, men no utan lys.

Det var såleis ein formidabel innsats som vart lagt ned av Nordøy IL, både med å skaffe pengar og dugnadsinnsats. Ifølgje årsmeldinga for 1976, hadde laget ved utgangen av dette året utført om lag 5000 dugnadstimar (person) og ca. 1000 traktortimar samla på dei to banene. Dette året vart Nordøy også krinsmeistrar i 7. divisjon fotball – «best av 22 lag», som det står i årsmeldinga. Årsmøtet vedtok elles å kjøpe lutar for kr 50.000 i det planlagde grendahuset.

Mange la ned mykje arbeid i idrettslaget i denne perioden, men nemnast særskilt må Bård Otterlei. Han var leiar i laget frå 1970 til 1979, og brukte mykje av si tid både på banebygging og drift av laget. I tillegg til det synlege resultatet, går det med tallause timar til «usynleg» arbeid både i prosjekt og lagsleiing – møte, skriving av utgreiingar og søknader, brev og telefonar osv. Han var også ein pådrivar for å få i gang friidrett og andre aktivitetar.

Fram til 1977 var fotballen så å seie einerådande i Nordøy IL, men dette året kom det nye aktivitetar til. Særleg må nemnast ei friidrettsgruppe. Dei arrangerte m.a. Nordøy-løpet for jenter og gutar, med 71 deltakarar. Same året vart Nordøy-stafetten for fotballag avvikla for første gong, med 11 etappar og fire deltakande lag. Det vart også sett opp fem trimpostar ymse stader på øya for å auke interessa for turgåing. På årsmøtet vart det såleis valt separat fotballstyre, friidrettsstyre og trimutval.

25-årsjubileumsfesten i 1976 gav meirsmak, og det vart bestemt å skipe til ein lagsfest hausten 1977. Sidan den tid har idrettsfesten vore eit årvisst arrangement i Nordøy IL. Festlokale var Framtun inntil Grendahuset tok over i 1985.

I 1980 vart det i eit samarbeid mellom Flem skule og Nordøy IL og med tilskot av Haram Sparebank, laga opplæringskart for orientering, og idrettslaget vart innmeldt i Norges Orienteringsforbund. Det vart innkjøpt 8 stk. klippetenger, og det var også planar om å lage eit konkurransekart over Halsane-området.

I 1982 vart det lyst ut ein konkurranse med premiar for å få laga ein logo eller emblem til bruk på brevpapir m.m. Denne vann Ivar Hellebust, og emblemet er framleis i bruk i laget.

Framlegg om å slå saman fotballgruppene i Haramsøy IL og Nordøy IL kom opp i 1984. Mellom dei aktive fotballspelarane var meiningane delte. På eit spelarmøte 9. november dette året røysta 12 for samanslåing, 7 mot, og éi stemme var blank. På Haramsøya var det òg fleirtal for, og dei interesserte skipa formelt Haramsøy/Nordøy fotballklubb. På årsmøtet i Nordøy i desember 1984 låg det føre spørsmål frå Møre og Romsdal idrettskrins om laget sitt syn, og årsmøtet gav samrøystes sin tilslutnad til samanslåinga.

Det siste styremøtet i fotballgruppa i Nordøy IL som er notert i møteboka vart halde 29. desember 1984. Styret ville dagen etter halde spelarmøte for å avklare om det var grunnlag for Nordøy å stille lag i serien. Det var det ikkje, og frå 1985 var det Haramsøy/Nordøy fotballklubb – HaNo FK – som stod for all fotballaktivitet for både vaksne og born på desse to øyane.

For å få i gang nye aktivitetar i laget, valde årsmøtet 1984 ei aktivitetsnemnd som bestod av Toralf Klokk, Heidi Midtflå og Anders Rogne. Alt i februar året etter kom dei i gang med både badminton og volleyball i det nyopna Nordøy grendahus. Frå før var ei trimgruppe i sving med ymse aktivitetar utandørs, men no vart det også faste trimkveldar innandørs.

I 1986 skulle skulen utvidast utover, der leskuret stod, og idrettslaget tok over skuret og sette det opp ved øvste og inste hjørne av fotballbana. Mange dugnadstimar har gått med til renovering og vedlikehald av huset sidan då. Styret vedtok elles i 1986 at Rogne-bana skulle rustast opp og leggast gras på, og at planar for tribune på Nordøy Stadion skulle utarbeidast.

Årsmeldinga for 1987 fortel at arbeidet på tribuneanlegget var godt i gang, og på Rogne-bana var det lagt ned nye røyr. Årsmøtet meinte elles at aktiviteten framover måtte fokuserast på trimaktivitetar for alle aldersgrupper, som sykkel, turmarsjar, ymse løp og idrettsmerketaking. Mange tok idrettsmerket i åra som følgde, og fleire har fått statuetten (idrettsmerket 15 gongar) og minst to har fått krus (20 gongar).

I 1987 sykla Bjørn Kåre Høistad og Dag Nogva Trondheim–Oslo som dei første her frå øya. Etter kvart kom fleire med, og i 1989 vart sykkelgruppa oppteken i Nordøy IL. Sidan den tid har det vore jamn sykkelaktivitet i laget med stadig deltaking på ulike stemne og sykkelløp.

Opprusting og omlegging av Rogne-bana til gras hadde vore diskutert lenge, og arbeidet vart fullført i 1990. Banedekket på Nordøy var òg blitt grøfta, og støyping av trinna på tribuna var utført. Tribuneanlegget vart gjort ferdig i 1991 med stolar, rekkverk, trapp og flaggstenger. I 1992 vart Rogne-bana godkjend til seriespel og vart utleigd til fleire treningskampar denne våren, mellom andre Ålesund–Hødd den 5. april. I 1993 møttest Aafk og Rosenborg her til dyst.

Etter at HaNo tok over fotballen, tok trimaktivitetar seg meir og meir opp. På 1990-talet, til dømes, var det høg aktivitet med turmarsjar, fjelltrim, Grete Waitz-løp, sykkel, idrettsmerke, dame- og herretrim og volleyball. I 1998 kom også ei handballgruppe for jenter i gang med Heidi Midtflå Longva i spissen. Same året fekk løpartalentet Jon Henry Otterlei økonomisk støtte for å delta på landevegsløp.

Ei frittståande gruppe leia av Jarle Røsand starta med kampsporten taekwondo, og i 1995 vart aktiviteten innlemma i Nordøy IL. Frå 1997 til 1999 var Morten Hakestad trenar og leiar og dreiv gruppa godt. Etter han hadde Laila Haram og Jannicke S. Rogne treningane fram til sommaren 2000. Då dei reiste frå øya, tok Oleg Ivanauskas på seg trenarjobben, med støtte frå Ålesund TKD den første tida. Ein av støttespelarane var Laila Haram, som i Ålesund utvikla seg til ein topp utøvar og vart noregsmeister seks gonger og tok eitt gull (USA 2004), eitt sølv og to bronse i World Cup (tilsvarande VM).

Taekwondo-gruppa hadde jamn og god aktivitet i mange år og var med på samlingar, stemne og meisterskap både lokalt, regionalt og nasjonalt. Laget hevda seg godt, og mange av utøvarane oppnådde gode resultat. Domas Ivanauskas utmerka seg særskilt med fleire gullmedaljar, mellom anna ved midtnorsk meisterskap i Trondheim i 2005, der også Rolf Inge Rogne tok gull.

Frå 1995 var old boys-fotball med Arvid Tomren som primus motor registrert aktivitet i Nordøy IL. Dei hadde faste søndagstreningar og ein kamp i ny og ne. I 2012 kom det også ei padlegruppe i gang med Uwe Kleinhans som leiar. Dette er eit samarbeid mellom idrettslaget og Gunnabuda.

HaNo FK tok i 2002 initiativ til å få bygt ballbingar på dei to øyane. Av formelle grunnar måtte dei respektive idrettslaga stå som byggarar, og begge sa ja til å vere med på prosjektet. Haramsøy IL og Nordøy samarbeidde nært om planlegglegging, innhenting av tilbod osv. og sparte både tid, arbeid og pengar på den måten. Mesteparten av byggearbeidet vart gjort på dugnad, medan Per Arne Tomren var ansvarleg byggherre for begge bingane og såg til at alt vart utført etter forskrifter og godkjende planar. Finansieringa var tippemidlar, sponsing og innsamling, mellom anna ein stor kulturdugnad som «heile øya» var med på og som gav over 100.000 kroner til ballbingen. Nordøy-bingen vart teken i bruk seinhaustes 2004 og stod ferdig i 2005.

I 2003 vart Nordøy IL kontakta av Flem Vel om samarbeid om ei informasjonstavle og rasteplass på Øyrane ved bruvegen på Flem. Idrettslaget sa ja, og arbeidet tok til i 2004. Oddbjørn Flem gav fri grunn, og ei høveleg «lomme» vart utgraven, planert og asfaltert. Ein mur av naturstein vart sett opp og infotavla montert. Trass i 1300 dugnadstimar kom kostnaden på over 100.000 kroner, som vart delt likt mellom dei to laga. Anders Rogne var leiar for prosjektet, med assistanse av Birgit Fjelle. Plassen var fullført i 2006.

Av andre byggeprosjekt kan nemnast ei speakerbu til bruk ved fotballkampar og andre arrangement på Nordøy Stadion. Idrettslaget stod for fundamentet og HaNo for bygget oppå. Petter Ståle Klokk var byggeleiar, og bua stod ferdig i 2004.

I 2006 kjøpte idrettslaget ei grillhytte som det først var planen å plassere oppe på Halsen, men som vart oppsett i fjøra på Semgarden på Flem. Jan Arne Longva bygde platting ved hytta, som er til fri bruk for alle. Nemnast må òg «finansiell støtte til aktivitetsfremjande formål i nærområdet». Flem skule fekk i 2012 kr 62.000 til innkjøp av nye leikeapparat, og Nordøyhallen 25.000 kroner til bygging av klatrevegg. Og i 2016 fekk Skulebua kr 25.000.

Sykkel har vore ein jamn og god aktivitet i Nordøy IL i mange år, og ikkje minst har det vore bra deltaking på Birken dei seinare åra. Fleire har òg gått Birken på ski og sprunge terrengløp same stad. Ei turgruppe har gått skirennet Ingalåmi på Lillehammer, Jordmormarsjen og andre turar. Laget driv òg med barnetrim, og har eit treningssenter til disposisjon. I 2015 vart volleyball starta på nytt med grupper for born og vaksne.

Det viste seg at turpostkassene som vart oppsett i 1977 – og nokre fleire etter kvart – hadde sin verknad. Besøkstalet auka jamt og trutt og var kome opp i heile 25.000 hausten 2018.

Heilt sidan starten på bygginga av Nordøy Stadion var det planlagt ei løpebane rundt fotballbana, og det vart laga plass for dette på begge langsidene. År om anna har det vore diskutert og lagt planar for fullføring, men det mangla areal for «nordre sving». I 1995 vart grunnen bort til byggefeltet utom bana kjøpt, men lenger er det ikkje kome per i dag.


Kommentarer

Nordøy idrettslag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *