Tysdag 12. oktober 1982 var det halde møte på bedehuskjellaren med føremål å skipe pensjonistlag på øya. Foreininga fekk namnet Nordøy Pensjonistlag, med 13 mot 3 røyster. Til styre vart valde:

Lovise Fet Flem, formann
Kjellaug Nogva, nestformann
Oskar Flem, skrivar
Anna Gunvor Flem, kasserar
Lina Rogne, styremedlem

Hovudtyngda av aktivitetar var månadlege pensjonistmøte, der underhaldning og føde av både fysisk og åndeleg slag var viktige ingrediensar. Av underhaldninga kan nemnast song og musikk, opplesing, filmframsyning, kåseri og talar med både humor og alvor. Allsong var eit fast innslag på møta, og tonefølgje sytte nokon av medlemene for. Nemnast kan Otto Urke på orgel og trekkspel, Petter Nogva og Harald Hansen på trekkspel.

Møta gjekk dei første åra føre seg i bedehuskjellaren, medan styremøta vart haldne på omgang heime hjå styremedlemene. Julefesten i desember 1986 gjekk av stabelen på nye Nordøy Grendahus, og etter den tid vart dei faste lagsmøta haldne i vestibylen der.

Elles var det mange samkomer i lag med pensjonistforeningane i grannelaget, og festar av ymse slag både nært og fjernt. Ein av dei flottare festane var jubiléumsfesten til fordums Sunnmørsbanken i Brattvåg i november 1986. Banken runda då 25 år og bydde alle pensjonistlaga i Haram inn til feiring. Rundt 250 pensjonistar deltok.

Ein minneverdig del av aktiviteten i pensjonistlaget er òg dei mange turane dei fór på. «Den årlege 5-dagersturen er alltid noko som vert sett fram til», står det til dømes i referatet frå turen til Steinkjer i juli 1996. Somme tider reiste laget åleine, andre gonger i lag med andre. Mange turar vart arrangert av laget sjølv, medan andre var «ferdigsydde» anten av Sparebanken eller andre turoperatørar, eller av granneforeningar.

Med månadlege lagsmøte, «pensjonisttreff» og andre tilstellingar, vart det mange gode samkomer gjennom åra. Men fram mot 2010 tok det til å minke på medlemstalet, og på medlemsmøte 25. oktober 2011 vart det bestemt å legge ned laget. Eit innskot på kr 10.000 i Fjellheim aldersbustader vart overført til Longva Vel.


Kommentarer

Nordøy Pensjonistlag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *