Knut Larsson Otterlei frå Johannesgarden på Fjørtofta drog til Nogva i 1891 og gifta seg med Luffa Danielsdotter frå Jogarden og slo seg ned der. I kjellaren hadde han ei smie, der han både laga ulike reiskapar og utstyr til jordbruk og fiskeri og dreiv med reparasjon av slike ting.

Motoriseringa av fiskebåtar i Noreg tok for alvor til etter førre hundreårsskifte. Knut var agent for den danske motoren Dan, som han reiste rundt og monterte – og reparerte når det trongst. Kjellarsmia i Jogarden vart etter kvart for lita, og i 1912 bygde han ein ny verkstad eit lite stykke unna – Nogva-smia eller berre Smia mellom bygdefolket.

Dei fire sønene til Knut gjekk ein god skule med faren og lærte sjølvsagt både om motorar og smedhandverk. Forbrenningsmotorar var nokså nytt i dei dagar, og det er ikkje å undrast over at interessa mellom gutane var stor.

Den første motoren
Med god plass og gjerne nye maskinar og meir verkty i nyesmia, gjekk dei to eldste gutane, Daniel og Lars, i gang med å prøve å lage sin eigen motor. Dei arbeidde no «dag og natt» på denne oppgåva, og 18. juni 1913 var dei klare til å sjå om vedunderet ville gå. Dei hadde avtalt at dersom motoren starta, skulle premien vere at dei kunne reise på eit ungdomsstemne i Ørsta den helga.

Hendinga hadde frettast utover bygda, og mange var møtt fram for å bisne. Motoren vart fyrt opp og starta som han skulle, men «rasa laust» og løsna frå festet og for bortover golvet etter svinghjulet før han la seg til ro i ei krå. Daniel og Lars reiste på ungdomsstemne, og vel heime igjen fekk dei skikk på motoren og selde han i august same året for 500 kroner – inklusive propellanlegg.

Brørne Nogva

Nogva-brørne i smia. Bak Lars (t.v.) og Daniel, framme Johan (t.v.) og Olav

Det tok si tid å få ferdig den neste motoren, som vart seld i mai 1914 for 450 kroner. Desse første motorane var på rundt 3 hestekrefter. Etter kvart kom produksjonen i gang for alvor, og Nogva-motoren opparbeidde seg ry for å vere robust og driftssikker, samstundes som han var relativt lett i vekt og dessutan enkel å reparere. Den egna seg godt til mindre fiskebåtar, og stadig fleire fiskarar installerte ein Nogva i båten sin.

Utvikling
Dei gode tidene i fiskeria i åra framover til 1920 gav grunnlag for investeringar både i motorar og andre ting om bord i båten. Og i Nogva-smia vart det forutan motorar produsert reiskap og utstyr som fiskebåtane trong, noko som gav ei jamn og god inntekt. Også dei to yngre brørne, Johan og Olav, arbeidde ein periode i produksjonen.

Lars kjende trong for å lære meir om motorar og mekanikk, og tok seg difor arbeid på Hatlø Mek. Verkstad i åra 1917 – 1919, sidan skulegang for teoretisk utdanning var vanskeleg å få til. Men så vart han kalla heim, for no var pågangen etter motorar så stor at han trongst i smia. Ein periode i 1929 arbeidde Lars i Brattvåg hos Einar Røsok, mannen som vert rekna som oppfinnaren av den hydrauliske vinsjen.

Utetter 1920-åra vart det svakare konjunkturar, og ein lang nedgangsperiode tok til. Men Brødr. Nogva, som verksemda heitte no, heldt det gåande med produksjon av motorar og reiskap til fiskeflåten, samt montering og reparasjonar. I 1931 måtte Daniel, som var eldst og odelsgut, ta over farsgarden, og Lars vart åleine om å drive smia. Namnet på verksemda vart no endra til Nogva Motorverkstad. Særleg i «dei harde trettiåra» var det vanskelege tider, men Lars greidde å halde drifta i gang til det tok til å lysne i siste halvdel av trettitalet.

På slutten av andre verdskrigen starta to av sønene til Lars – Leidulv og Leiv – som då var i 15-16-årsalderen, å arbeide i smia. I åra framover gjekk produksjonen for fullt, og nede i fjøra laga dei ein slipp slik at båtar kunne dragast opp når motor og propellanlegg skulle monterast.

Flytting til Søvika
Etter kvart tok det til å bli trongt om plassen i verkstaden, så enten måtte smia utvidast, eller verksemda flyttast til større lokale. Lars var i forhandlingar med Jon J. Longva om å kjøpe naustet hans nede ved Longva-kaia. Men Jon stilte som vilkår å bli partnar i bedrifta, noko Lars ikkje gjekk med på, og dermed vart det ikkje noko naustkjøp.

Seinare kom han til at fabrikken måtte til fastlandet for å ha ei trygg framtid. Slippen i Nogva-vika låg svært utsett til for vêr og vind, og kommunikasjonane med omverda var heller ikkje dei beste.

I Søvika var det så smått teke til å kome litt industri, og der var gode hamneforhold. Det vart såleis bestemt å flytte verksemda dit, og i 1948 kjøpte dei ei strandtomt der. Men først på slutten av 1953 stod nye lokale klar til bruk for Nogva Motorfabrikk, som var det nye namnet etter flyttinga. Etter nokså nøyaktig førti års drift på Nogva starta no ei ny epoke for verksemda.

Etableringa i Søvik fall saman med det reinaste «Klondyke» i sildefisket på femtitalet, og under fisket gjekk det for fullt dag og natt med å levere utstyr og gjere reparasjonar for fiskebåtane. I tillegg til motorar laga Nogva utstyr av ymse slag, og ikkje minst var ein spesiallaga sildegarnsrull svært populær denne tida.

At det var godt med arbeid i denne startfasen kom vel med, for det kosta å etablere seg på ein ny plass. Eit lån på kr 30.000 i Borgund Sparebank til nybygg og naudsynt nytt utstyr høyrest kanskje ikkje avskrekkande ut i dag, men når timeløna for ein arbeidar på same tida var kr 1,40, gir det eit inntrykk av storleiken.

Utanom dei tre Nogva-karane sjølve – Lars og sønene Leidulv og Leiv – arbeidde to tilsette ved verksemda då ho vart flytta frå Nogva. Det var Lars og Oddvar, begge med etternamnet Rogne. Lars starta i smia i 1943, Oddvar i 1950. Begge følgde med til Søvika, og Lars arbeidde der til han pensjonerte seg i 1990.

Livskraftig bedrift
I Søvika har verksemda blomstra og ekspandert og utvida produksjonslokala fleire gonger og er i dag ei topp moderne industribedrift. På grunn av mange kundar i Lofoten og distriktet rundt, vart Nogva Svolvær etablert i 1978. Avdelinga eksisterer framleis i dag med om lag ti tilsette. Eit tredje firma i selskapet, ET Hydraulikk på Grytastranda, vart kjøpt opp i august 2012.

Det førebels siste tilskotet til selskapet er Heimdal Propulsion i Molde. Dette er ei bedrift som lagar større gir- og propellanlegg enn Nogva sjølv og passar såleis godt inn i produktspekteret. Nogva overtok 51% av Heimdal i 2017 med opsjon på dei resterande 49 prosenta i 2020. Namnet er alt endra til Nogva Heimdal Propulsion. Til saman på alle fabrikkane er det no (2018) om lag 100 tilsette.

Etter å ha laga over 750 Nogva-motorar, vart det i 1967 bestemt å legge ned produksjonen av eigne motorar. Dei gjekk då over til å hente inn motorar av merke som Nanni, Scania o.fl. og kople dei saman med eigenproduserte gir- og propellanlegg. Og komplette framdriftsanlegg til alt frå fritidsbåtar til større fiskebåtar, ferjer m.m. er i dag hovudproduktet til fabrikken.

Den familieeigde bedrifta har gått utan stans i over hundre år og lever i beste velgåande. I 1976 vart ho gjort om til aksjeselskap, men eigarar ved 100-årsjubileet i 2013 var framleis etterkomarane etter gründerane i Jogarden på Nogva. Smia finst ikkje lenger, og Jogarden er no feriestad for nokon av slekta, men verksemda som vart skapt der lever og blømer.

 

Nogva-smia

Nogva-smia


Kommentarer

Nogva Motorfabrikk — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *