Fleire unge familiar såg etter tomt å bygge hus på i 1987. Det var både folk som budde her og øyingar som vurderte å flytte heim. «Mann og mann imellom» vart husbygging og tomtespørsmål omsnakka, og jula 1987 samlast nokre på Bers hos Geir Longva for mellom anna å diskutere pris på byggegrunn. Til stades utanom Geir var Knut G. Flem, Jan Inge Johannessen, Toralf Klokk, Rolf Longva og Berit Uri Standal.

Dette var det første organiserte møtet mellom folk med byggeplanar, og fleire interesserte melde seg: Terje Slyngstad, Kjell-Bjørn Otterlei, Bernt Longva, Thor Nyheim og Sverre Longva. Seinare gjekk Thor Nyheim og Sverre Longva ut, medan andre kom til: Einar L. Rogne, Leiv Magne Rogne og Jan Petter Urke.

Alle desse var ute etter hustomt. I byggefeltet Flem I var det ein del ledige tomter, men dei mest «kurante» var bebygt. Det vart no halde fleire uformelle møte mellom tomtesøkjarane, og tanken var å få bruke ein del av Flem II, som var ferdig regulert, men ikkje planlagt utbygt. Det var snakk om eit felt på 16 av dei 33 tomtene i byggefeltet. Geir Longva stilte grunn til rådvelde for 13,5 av dei aktuelle tomtene, medan 2,5 av dei låg på to andre grunneigarar.

På eit møte 29. april 1988 vart så Myrane bustadbyggelag skipa, og eit styre på tre vart valt: Knut Flem, formann, Jan Inge Johannessen og Rolf Longva. No vart det «alvor» og ei mengde oppgåver som skulle utførast for å få realisert prosjektet stod føre. Det var semje om at dei tekniske anlegga skulle byggast etter kommunal standard for å få kommunen til å ta over feltet når det var ferdig.

Ein føresetnad for å kome i hamn med ei utbygging, var nemleg å få kommunen med. 3. mai 1988 var difor Nils Arne Standal og Knut Flem i møte med ordføraren og teknisk sjef i Brattvåg for å orientere om planane og drøfte samarbeid med kommunen. Dei stilte seg positive til idéen.

På møte i bustadbyggelaget 27. mai vart det vedteke å få prosjektert den aktuelle delen av byggefeltet. Ingeniør Hallgeir Wuttudal hadde sagt seg villig til å gjere dette for 15.000 kroner. For å finansiere forprosjektet betalte kvar av dei dåverande 9 medlemane inn kr 1.700.

Opparbeiding av tekniske anlegg (veg, vatn, kloakk) i feltet vart så lyst ut på anbod i Haramsnytt 14. juni, og veka etter vart det halde synfaring med dei som ville gi inn anbod. Fristen for anbod vart sett til 5. juli, og same dagen vart det halde anbodsopning på Flem skule. I alt fem tilbod var innkomne. Trippel Transport ved Rolf Longva hadde det lågaste på kr 1.067.633,20 og fekk dermed arbeidet.

Då tilboda låg føre, vart det klart at prosjektet ikkje lét seg realisere utan kommunal medverknad. Dermed vart det skrive søknad til kommunen om økonomisk medverknad, og dessutan om kommunal overtaking av feltet når det var ferdig opparbeidd.

Den 19. august 1988 var det møte i Brattvåg mellom ordførar Svein-Ottar Sandal, rådmann Jan Petter Eide og teknisk sjef Johan Mork frå kommunen, og Knut Flem og Rolf Longva frå Myrane bustadbyggelag. Møtet var kome i stand for å drøfte utbygging av den påtenkte delen av byggefeltet. Dei tre representantane for kommunen var heller negative, så no gjaldt det å få kommunestyret på rett lei.

Om kvelden same dagen hadde styret i bustadbyggelaget eit møte med kommunestyrerepresentant Bjørn Kåre Høistad for å orientere han om saka. Han gav uttrykk for at han ville engasjere seg politisk i saka.

På møte 9. september godkjende kommunestyret planen og gjorde vedtak om at kommunen skulle kjøpe dei fem tomtene som var «til overs» og dessutan ta over feltet når det var ferdig utbygt.

Dermed var det klart at prosjektet kunne realiserast. Berre éin viktig ting stod igjen: vatn. Brev til både Flem vassverk og Longva vassverk var sendt med førespurnad om levering av vatn til byggefeltet. Frå Longva vassverk kom det avslag som var grunngjeve med lite vatn og dårleg trykk. Flem vassverk sa ja til å vere med på utbygginga etter dei planane som låg føre.

Enno var det imidlertid ein viss fare for at prosjektet kunne gå i vasken. Dersom berre éin av dei 11 tomtekjøparane trekte seg, kunne det velte heile utbygginga. Og ettersom nettopp det skjedde, vart det innkalla til krisemøte i styret 18. november. Jan Petter Urke var ny styremedlem etter at Rolf Longva gjekk ut fordi han fekk anbodet på utbygginga. Sistnemnde var likevel med på møtet for å diskutere situasjonen, og det enda med at Rolf og Trippel Transport ville garantere for den 11. tomta inntil ein ny kjøpar var funnen.

På eit tidlegare møte var det bestemt at alle medlemane skulle betale inn på konto kr 85.000, som var stipulert tomtekostnad, innan 28. november. Såleis var det framleis ein viss fare for at nokon kunne trekkje seg før fristen, men på styremøte 27. november vart det meldt at alle tomtekjøparane hadde stadfesta at dei blei med.

Om dei største kneikane på vegen no var forsert, stod det mangt og mykje att for bustadbyggelaget å handtere. På eit styremøte 18. desember, til dømes, er det notert ikkje mindre enn 15 saker i protokollen. Det var alt frå skriftleg erklæring til Geir Longva om at marka skulle stellast til att når arbeidet var ferdig til «Korleis fakturere utgiftene på kloakkanlegget slik at ein får tilbakebetalt differansen mellom mva. og investeringsavgift.»

Kommunen ville ikkje betale for sine fem tomter og ein kanal ned til sjøen før utbygginga var ferdig. For å finansiere dette måtte bustadbyggelaget ta opp eit «ventelån» på 450.000 kroner. Kommunen ville heller ikkje stille garanti for lånet, så alle medlemane kausjonerte.

Entreprenøren starta arbeidet i byggefeltet i slutten av november 1988, og arbeidet gjekk sin gang framover våren 1989. Trippel Transport varsla at dei ikkje greidde å bli ferdige innan fristen, som var 5. juni. Styret meinte at utgraving av tomter til dei som skulle starte husbygginga denne våren, måtte prioriterast, slik at fristen kunne forlengast.

Såleis var det fleire som tok til med murarbeid og husbygging sommaren 1989, og somme kunne flytte inn i nytt hus året etter. I 1990 kom også gatelysa opp, for bustadbyggelaget hadde tilbydd Haram Elverk betalinga i desember året før mot skriftleg garanti for at lysa kom opp «innan haustmørket set inn i 1990».

På styremøte 10/12-1989 låg det føre sluttrekneskap for byggefeltet, utarbeidt av teknisk etat. Styret fann skrivet «svært korrekt», bortsett frå at utgifter som bustadbyggelaget hadde hatt til m.a. prosjektering og administrasjon på om lag kr 20.000, ikkje var med. Rekneskapen viste òg at tomteprisen låg svært nær den kalkulerte kostnaden på 85.000 kroner.

Dermed var prosjektet avslutta med godt resultat, og på 14 av dei 16 tomtene står det i dag bustadhus. Den siste generalforsamlinga i Myrane bustadbyggelag vart halden 6. mai 1990. Då vart det mellom anna vedteke at laget skulle halde fram som velforeining eller liknande, og styret vart attvalt for 1/2 år. Myrane velforeining kom i gang, og i vedtektene heiter det at formålet er «å arbeide med fellessaker som skaper trivsel i bumiljøet i byggefeltet Flem 2.» Mellom anna vart leikeplassen sett i stand med diverse leikeapparat og bordbenkar. Men etter at borna vaks til, sovna laget inn. Siste årsmøtet var i 2004.


Kommentarer

Myrane bustadbyggelag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *