I det gamle «Hønsehuset» i Olausgarden har Oddvin Longva laga seg eit museum. Det starta med ting som var brukt på sjø og i fiskeri, men vart etter kvart utvida med gjenstandar frå både gardsdrifta og hus og heim. Med nokre få unntak har alle dei utstilte sakene vore i Oddvin eller familien si eige, og dei fleste av fiskeriobjekta har han sjølv vore med på å bruke.

Tanken på å ta vare på ein del minne frå yrkeslivet kom i 1987, då Oddvin skulle leige ut sjøhuset sitt nede på hamna til firmaet Trappespesialisten, som skulle starte produksjon der. Huset inneheldt då mykje utstyr og reiskap frå livet som fiskar og båteigar som måtte ryddast ut. Alternative lagringsplassar var naustet og det tidlegare hønsehuset, der Peilo Teknikk heldt til nokre år.

Naustet var alt fullt av gammalt fiskeutstyr, så Oddvin tok til å brenne unna ein del for å frigjere plass. Men etter eit par dagars brenning kom altså tanken om å ta vare på noko av det gamle, som trass alt var dokumentasjon på tider som har vore. Dermed slutta han å brenne og starta å frakte utgått fiskevegn, tauverk, reiskap og utstyr av ymse slag opp i Hønsehuset.

Sjølve namnet på bygget stammar frå hønseriet som broren Hjalmar starta i 1962. Det var eit stort hus oppe ved fjellfoten på heimegarden som vart innreidd til eggproduksjon og inneheldt 4000 høner på det meste.

Rydding av sjøhus og naust var altså starten på museet, og sidan har der kome stadig fleire gjenstandar. Oddvin ville no samle utstyr som hadde vore i bruk både på hans eigne båtar og på båtane til forfedrane. Trass dei to brennedagane er eit stort rom i Hønsehuset no fullt av ting som har vore aktivt med i fiskeria både i sjøen og om bord i båten. Her får ein eit godt inntrykk av ein del av det omfattande utstyret som vart brukt i fiskeria – garn med søkke og kavlar (glaskuler eller kork), tauverk, blåser, rullar til å drage vegna inn over og mykje meir.

Eit par digre strikkavottar er òg utstilt. Slike var brukt i sildefisket og vart etter kvart så tova i arbeidet at dei kom ned i passeleg storleik. I fleire hyller står teknisk utstyr som var brukt i rorhuset. Her er alt frå kompass, slepelogg og sekstant til ekkolodd, radar og radiopeilar. Med VHF- radioen kunne ein snakke med andre båtar utan å måtte seie «over» for kvar setning.

SveivegrammofonSom nemnt inneheld museet mykje anna enn fiskerisaker. I eitt rom er det til dømes ei komplett «bestestove» frå 1960-åra om lag, med salongbord, sofa og lenestolar og ein seksjon fullt utstyrt med bokhyller og musikkanlegg. Eit anna rom inneheld litt av kvart, men mest teknisk utstyr i hus og heim – til dømes ein sveivegrammofon som framleis kan spele, ein miksmaster av gammal årgang, fleire radioar og lydanlegg, spolebandspelar, fleire skrivemaskiner og endå mykje meir. Ei av skrivemaskinene høyrde til Oddvin sin farfar og kan vere opp mot hundre år gammal.

I tillegg er der ein del landbruksreiskap, som torvspader, sigd til å skjere korn med, smørkinne m.m. Til og med ein liten «pikstol» som var brukt til å halde småfuglane vekk frå bærtrea er utstilt, og likeins ei heil kasse med skomakarutstyr som høyrde til på garden.

Like innfor inngangsdøra nede i gangen står det to store gjenstandar som ikkje fekk plass i dei andre romma. Den eine er ei dryftemaskin, som vart brukt til å skilje kornet frå agner og rusk etter treskinga. Den andre er eit retteleg klenodium, nemleg Haram Sparebank sitt aller første «hvelv» – eit stort, solid pengeskap frå 1869.

Oddvin Longva har laga eit svært interessant og lærerikt museum. Eit besøk på dette museet er som ei vandring i ei øyahistorie som ligg relativt nært i tid, men likevel er ukjent for mange. Det er ikkje eit typisk bygdemuseum, men har eit personleg merke av mannen bak.

Fiskerimuseum


Kommentarer

Museum i hønsehuset — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *