Siste tiåret fram mot 1900 var ein bra periode for fiskeria som genererte gode inntekter. Ikkje minst nokre rike sildeår var med på å legge grunnlag for utviklinga av fiskeria utetter første del av 1900-talet. Gode overskot av fisket gjorde det mogleg både å fornye båten, skaffe betre vegn og reiskap, og ikkje minst få sett inn motor i båten.

Frå 1903 tok det til å kome brukbare motorar på 4–6 hestekrefter til fiskebåtar. Det var dei danske motorane Dan, Alpha og Rapp som vart mest brukt på våre kantar. Det var såkalla råoljemotorar, eller semidiesel, med glødehovud. Med oljepumpe, regulator og omstyring (vribar propell) vart dette etter kvart pålitelege framdriftsmiddel.

Dei første som installerte motor i båtane sine på Flemsøy/Skuløy, var Laurits A. Flem, Ole K. Flem, Gunnar K. Longva, Peter H. Rogne og Knut J. Longvanes, alle i 1904. Dei sette alle inn ein Dan motor, med unntak av sistnemnde, som fekk seg ein Rapp. Ei årsak til at så mange valde Dan-motoren her på øya, var at både Ludvig Vestre på Austnes og «far» til Nogva Motorfabrikk, Knut L. Nogva, var agentar for dette merket.

Etter kvart som motorane vart driftssikre, såg alle at tida for segl og årar var forbi, og etter nokre få år var det nesten berre motorbåtar å sjå på sjøen. Motoriseringa av fiskeflåten tok fart for alvor frå 1905, og ordet «motorfeber» var mykje brukt i Haram denne tida. I protokollen for Ulla oppsynsdistrikt vart det under torskefisket 1910 registrert motorbåtar for kvar gard: Flem elleve, Longva tretten, Rogne tre, Nogva to og Uri to.

Dei første motorane var på omkring 5 hk og vart helst sett på som hjelpemotor i tillegg til segla og årane. For å spare drivstoff vart motoren gjerne stoppa når det var høveleg bør. Etter kvart vart motoren både større og sterkare og tok gradvis over som hovuddrivkraft i båten. Med motoren kom òg behovet for nye, større og betre båtar, så det vart store investeringar i fiskeria i åra framover.

På dei første motorbåtane stod rormannen nede i ei luke i dekket. Sidan kom båtar med styrebås som gav livd for vind og sjødrev, og derifrå var vegen kort til styrehuset. Det første rorhuset på ein fiskebåt i vårt område skal ha vore laga i 1905 på Austnes til båten Viking, som hadde eigarar frå Rogne og Nogva. Det var Ludvig Vestre som konstruerte rorhuset.

Ikkje berre erstatta motoren segl og årar som framdriftsmiddel. Den gav også kraft til tekniske hjelpemiddel om bord i fiskebåten – først og fremst spelet, og deretter garn- og linerullar og andre mekaniske innretningar. Det har alltid vore eit slit å vere fiskar, men med innføringa av motoren kom det likevel ei ny tid. Å kunne flytte seg lettare og friare på havet var éin ting; å kunne byte ut ein del av muskelkrafta med motorkraft som utførte ein stor del av tungarbeidet, gjorde fiskarlivet svært mykje lettare.

Garna drog dei frå gammalt av inn over suta eller garnhesten, ein runda stokk av hard ved som var festa på ripa. Mest for å spare ripa for slitasje, men stokken gjorde det òg litt lettare å drage garna. Dei første rullane til å hale garna over inn i båten, kom i bruk omkring 1880. No stod ikkje stokken fast lenger, han gjekk rundt, og det vart mindre tungt å hale garna om bord.

Men det var garnspelet som for alvor letta arbeidet for fiskarane. Handsveiva spel med utveksling tok til å kome i bruk tidleg på 1890-talet, og eit par mann kunne no gjere fem manns jobb med mindre muskelkraft. Etter at motoren var blitt vanleg i fiskebåtane, vart spela drivne med motorkraft via tannhjul og reim- eller kjedeoverføringar. Men drivverket var ikkje heilt ufarleg, og mange fiskarar vart skada når dei kom borti overføringane. Arne Alvestad Longva omkom i 1938 då han vart fast i reima som dreiv spelet om bord på M/k Fensfjord.

Såleis var det eit stort framsteg for fiskeflåten og fiskarane då det hydrauliske spelet vart introdusert i 1937. Det aller første spelet av dette slaget var konstruert og bygd av harøyingen Einar Røsok i samarbeid med Håkon Sønderland og installert i fiskebåten Borg av Myklebust. Her var det ingen mekaniske overføringar, men olje i røyr som var drivkrafta. Einar Røsok hadde då verkstad og slipp i Årsundet i Brattvåg, der han saman med Ingebrigt P. Huse i 1941 etablerte A/S Hydraulik.

På slutten av 1930-åra fekk dei fleste snurrevadbåtane sjølkveilarar om bord. Dei var kopla til spelet og gjorde to manns arbeid ved å kveile drottane (taua som drog nota inn). Dei aller fleste kveileapparata på haramsbåtane var konstruert av Martinus E.K. Fjørtoft og laga på Stonga-smia på Fjørtofta.

For dei som dreiv med garn etter silda, var sildetininga hardaste arbeidet. Å tine sild vil seie å riste ho laus or garnet. Å stå og riste garn som var tunge av sild i time etter time, var ei fysisk kraftprøve. Ikkje før rundt 1960 kom det mekaniske sildetinarar som fungerte bra. Men då var det slutt på dei gode sildeåra, og sidan har det ikkje vore nemnande drivgarnsfiske etter sild.

Det har vore fleire «revolusjonar» i fiskeria gjennom tidene, men overgangen frå segl og årar til motor som framdrift på båten var nok den største. Etter at motoren var blitt påliteleg og sterk nok, skyssa han båt og mannskap dit dei ville utan å vere avhengig av høveleg vêr og bør eller muskelkraft. Den kanskje hardaste delen av fisket – transporten til og frå fiskeplassane – vart no ei kvilestund, eller kunne nyttast til å verke fisk eller stelle vegn. Dessutan auka det effektiviteten i fisket monaleg og gav betre lønn for strevet. I tillegg gjorde motoren saman med dekka båtar sjølivet mykje tryggare.

Med motoren vart fiskeflåten meir mobil og kunne i større grad flytte seg dit det var størst utsikter til fangst. Fiskarane var ikkje lenger stadbundne til dei heimlege fiskeplassane, men kunne bruke heile fiskehavet. Det tok heller ikkje så mange åra før Haramsbåtane fór til Lofoten og Finnmark etter torsken og til Haltenhavet etter storsilda.

Etter kvart vart motoren brukt til så mykje meir enn å flytte båten i sjøen. Nemnt er spelet til å hale inn line og garn. Sidan har det kome eit utal av mekaniske, hydrauliske og elektriske reiskap, apparat og verkty av alle slag på alle område. Det gjeld til dømes navigasjon, kommunikasjon, fiskeleiting, handtering av vegna, tilverking av fisken og meir. Alt dette har redusert det fysiske slitet monaleg, samstundes som tryggleiken på havet er blitt nesten jamgod med den på land.


Kommentarer

Motor og mekanisering — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *