Neste store vegutbygging etter 1877 starta like før andre verdskrig kom. I 1936 vedtok heradsstyret ein omfattande plan for omlegging av gamle og bygging av nye vegar på øya. Men det tok heile 25 år å få realisert alle prosjekta, noko på grunn av krigen.

Omlegging av Flemsvegen

Før omlegginga gjekk vegen frå Gulagarden nedanfor Rimma og Hildregarden, vidare innover og opp mellom huset og løa i Knutgarden. Derifrå heldt han fram ovanfor Mons-løa, men nedanom stova. Ein liten sving opp mot Husdalen gjorde han òg. Lenger inne svinga vegen opp om lag der byggefeltet startar, passerte like ved husveggen til Svenngarden og Andersgarden og svinga ned att på dagens veg like innom Sem-løa.

Omlegging Flemsvegen

Gamle kronglevegen på Flem og ny trasé (raud).

Omlegginga var kalkulert til kr 17.000 for knapt to kilometer veg i 1936. Arbeidet var påbegynt før 2. verdskrig, men stoppa opp då krigen kom. Vegen vart fullført først på 1950-talet, og siste biten frå Rimme-stabburet til Skarleet vart utført i 1952 under leiing av ein Ole Hargaut frå Averøya. Elles var arbeidsfolket for det meste lokale menn, og Arthur Rogne (Eiane) var arbeidsleiar for ein del av vegen.

Lyngsteinen–Nogva

På heradsstyremøte 31. oktober 1934 låg det føre ein søknad frå mange underskrivarar på Longva, Rogne og Nogva om å få «uppstaka» og planlagd ein veg i Longva- og Rogne-myrane. Vegen skulle gå frå Lyngsteinen i Bakkemyrane (vegskiljet innom skulen) innover øvre Longva og gjennom myrane til bygdevegen på Nogva. Det vart vedteke å sende søknad om dette til vegstyret i Møre fylke.

I 1936 vart det så utarbeidd planar og teikna ned ein trasé for den nye vegen frå Lyngsteinen via gravplassen til Nogva. I eit skriv til kommunestyret tok oppsitjarane på Longva, Rogne og Nogva på seg å gi fri grunn pluss «distriktstilskot» til denne vegen. Det drogst imidlertid ut med å kome i gong med bygginga fordi det var vanskeleg å oppnå semje mellom oppsitjarane på Longva om linevalet.

Heradsstyret fekk i desember 1939 melding frå vegkontoret i fylket at Haram var tildelt kr 20.000 av løyvinga til «vegar i sjøbygdene». Dei rår til at kr 7.000 vert brukt på vegen Longva–Nogva. Heradsstyret utset saka for å tinge om grunn m.m. På møte 2. mars 1940 ligg det så føre fråsegn frå dei fleste grunneigarane om fri grunn, gjerdehald osv. for veganlegget. Men så kom krigen til Noreg, og det skjedde ikkje meir på mange år.

Men etter krigen tok folk saka litt i eigne hender. Nokre oppsitjarar søkte i 1946 om forskotsløyving til parsellen Legerimma–Peder Gamlem sin eigedom (Moland), og nokre søkte om pengar til grusing av ca. 300 meter av vegen frå gravstaden mot Legerimma. (Legerimma er der vegen forbi Framtun kjem opp på øvstevegen.) Og på heradsstyremøte i desember 1948 låg det føre søknad frå Severin E. Longva m.fl. om kr 3.000 til fullgrusing av ein opparbeidd parsell på 500 meter ved gravstaden. Det vart då løyvt 1.500 kroner til den nemnde parsellen og 300 kr til grusing frå Lyngsteinen og innover.

Hausten 1950 løyver så kommunestyret 10.000 kroner for å kome i gang for alvor, og parsellen Nogva–Legerimma vert bygd ferdig i 1950/51. Seinare kjem vegsjefen med forslag om endra lineval for strekninga Lyngsteinen–Sandgotelva (ved gravplassen) som kommunestyret sluttar seg til på møte 26/11-1951.

Lyngsteinen - gravplassen

Øvre heile line er traséen som først var planlagd, nedre line er ny trasé 1951. Stipla line er den gamle gardsvegen.

Nokre av oppsitjarane langs vegen protesterer mot den nye traséen fordi den er ulagleg for dei. Ein grunneigar legg i 1952 ned forbod mot å føre vegen over hans eigedom. Kommunestyret vedtek i mars 1953 likevel å løyve kr 55.000 til å bygge ferdig vegen der grunnspørsmålet er avklart, og arbeidet går sin gang med folk frå fylkesvegstellet. Etter kvart løyser floken seg med den siste grunneigaren, og parsellen frå Lyngsteinen til gravplassen er fullført i 1956.

Siste delen, frå gravplassen til Legerimma, ligg på myrjord med eit lag sand og grus oppå. Arbeidet starta i 1958 med lokale karar som arbeidsfolk og vegvaktar Elias E. Longva (Bakketun) som formann. Dei første 300 metrane var planert frå før, som veg til torvteigane i området. Derifrå vart det som skulle bli vegbana innover myra jamna og planert med spader og slusketriller. Grøfter på over ein meters djupne og breidde vart spadde opp på begge sider og molda brukt til vegfyll. Somme stader traff dei på digre fururøter som måtte vekk. Då var det å stille opp steinbukken på plankar og sveive til rota kom klar av myra.

Alt arbeid vart gjort med handemakt. Berre nærast krysset Legerimma/Oskevegen, der det var hard aurgrunn, vart gravemaskina til Sverre L. Flem (Mons-Sverre) hyrt inn. Oppå myrmolda vart det lagt eit 60 cm tjukt sand- og gruslag som «berelag». Grusen vart henta frå ulike sandtak i nærleiken. Sverre leste med gravemaskina, Steinar Nogva sine to lastebilar køyrde og tippa, og bakkemannskapet planerte etter kvart.

Arbeidet med planering, grusing og stell av skråningar var ferdig omkring 1960. Etter det låg vegen eit års tid for å sette seg og fastne, før det vart lagt på eit lag med skikkeleg veggrus.

Bersvegen – frå øvstevegen ned til Longva kai – var ein del av veganlegget og vart opparbeidd same tida som hovudvegen. Det same gjeld sambindingsvegen ved gravplassen, som vart bygd i 1959.

Midtrimvegen

I vegplanen av 1936 gjekk heradsstyret inn for at vegen Sandgotelva–Oska skulle takast med som «bygdeveganlegg med vanleg fylkes- og statstilskot». Sandgotelva rann like vest for gravplassen, og Oska er i nærleiken av Framtun. Vegen skulle vere 1.348 m lang og koste 9.200 kroner. Frå før var der torvveg eit stykke av strekninga. I dag vert han kalla Midtrimvegen.

I «gamle dagar» vart vegane gjerne lagt på ei rim, som var tørraste plassen i området. Ei rim er ei stripe land, høgare enn terrenget rundt, som vart laga av sjøen og vart liggande att etter kvart som isen trekte seg tilbake og landet steig. Heile nedstevegen frå Nogva til Flem ligg på ei slik rim – omkring 10 meter over havet.

Vegdirektøren varslar i 1938 at han ikkje kan tilrå at Midtrimvegen får vanleg statstilskot som bygdeveg, men rår til at det vert søkt om tilskot som bureisingsveg. Fylkesagronomen uttalar seg positivt, og heradsstyret bestemmer seg for å søkje om midlar til slik veg.

Kommunen får hausten 1940 midlar til naudsarbeid, og Midtrimvegen fekk tildelt 225 dagsverk. Attåt vart det gjort ein god del frivillig arbeid av interesserte. Dette var starten på vegarbeidet her, og sjølv om det vart mindre gjort i krigsåra, var 900 meter av vegen planert ved utgangen av 1945. Hausten 1946 fekk kommunestyret melding frå vegkontoret i fylket at vegen kom til å koste meir enn tidlegare kalkulert. Dei søkte difor om å få meir statstilskot enn lovnaden på kr 4.500 og alt i desember låg det føre melding frå Landbruksdepartementet om auka tilskot med kr 1.250. Arbeidet heldt fram og var ferdig i 1948. Til saman 298 dagsverk var utført som frivillig arbeid. Kostnaden elles kom på om lag 19.000 kroner.

I juli 1948 var det synfaring på det ferdige anlegget med vegsjef, lensmann og ordførar, og vegen vart godkjend. Kommunestyret søkjer no fylkesvegstyret om at vegen vert oppteken som offentleg bygdeveg. Eit vilkår var å få skriftleg avtale om fri grunn med alle fjorten grunneigarane på Longva og Rogne. Det vart ordna, og godkjenning som offentleg veg kom i 1949.

Kåre O. Rogne m.fl. søkjer i skriv av 2/1-1950 om at Midtrimvegen måtte bli forlengd frå Oska til Rognestrand (Nymark). Kommunestyret vedtok å sende søknaden til vegkontoret i Møre og Romsdal med oppmoding om å planlegge og kostnadsrekne denne veglina. Veg til Rognestrand vart oppstaka i 1950, og eldre folk hugsar at stikkene stod i traséen, men denne vegbiten vart aldri bygd.

I dag vert Midtrimvegen mest brukt til turgåing og har ikkje vore farbar for køyrety på mange år. Interesserte personar har den seinare tid utført ein god del renovering og vedlikehald på vegen, mellom anna grøfta og opna stikkveitene på heile strekninga. Grunneigarlaget på øya gav i 2018 35.000 kroner til opprusting av vegen.

Oskevegen

Namnet Oska kjem av at der var så fin sand, nærast som oske å sjå til. Sanden vart brukt både til støyping og veggrus, og såleis var der tidleg køyreveg opp frå Larsgarden. Det var også torvveg for dei Rogne-gardane som hadde torvteigar i området, og skuleveg frå 1954, då nyeskulen vart teken i bruk.

Også Legerimma–Oska–Rogne var ein del av 1936-planen. Dette er sambindingsvegen mellom øvste- og nedstevegen forbi Framtun. Legerimma er området der denne vegen i dag kryssar øvstevegen. Arbeidet tok til på slutten av 1930-talet med midlar til naudsarbeid og elles innsats av interesserte jordeigarar. Som bureisingsveg fekk det også statsstøtte frå landbruksdepartementet.

I 1942 var den 922 meter lange vegen ferdig, og etter befaring 10/5-1942 med ingeniør frå fylkesvegstellet, ordføraren i Haram med fleire, vart vegen godkjend og tilrådd oppteken som kommunal bygdeveg. Heradstinget (som var namnet på heradsstyret under krigen) vedtok då å ta vegen opp i kommunen sitt vegnett og overta vedlikehaldet av denne.


Kommentarer

Meir veg — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *