I boka «Minne og meiningar» har Karl G. Rogne fortalt om matstellet på gardane i hans barndomstid – han var fødd i 1873.

Den tida var det lange arbeidsdagar med til dels tungt fysisk arbeid heile dagen, og såleis var det trong om mykje drivstoff til kroppen. I den lyse årstida var det jamt fem måltid om dagen, medan det heldt med fire måltid vinterhalvåret, då det var kortare dagar.

Rundt kl. 6 om morgonen var det morgonbete, som oftast ei eller to flatekaker av bygg- eller havremjøl, eller det kunne vere potetkaker. I fisketida gjerne også rognkaker. Smør var det til brødet, og mjølk til drikke.

Midmorgon var kl. åtte eller halv ni, og då var det gjerne oppattvarma graut frå kvelden før med havreflatbrød, steikt flesk og poteter. I staden for flesk kunne det vere tørka hå som dei «bræste» på glørne. Det kunne også vere «soppa» til midmorgons, laga av sundbrote flatbrød med varm, sprengt mjølk over om vinteren, eller vanleg skyr om sommaren.

Til middag kl. 12.00 var det alltid kokamat. Det var ofte salta eller fersk fisk med poteter og flatbrød. Fisk og poteter fekk alle ete det dei ville av, men brødet vart «tiletla». Matmor delte ut til kvar så mykje brød ho meinte var høveleg, med ein tilmåta smørklatt på. Av og til var det kokt flesk og kjøt i staden for fisk. Laurdagane var det oftast spekesild, eller kams om dei hadde fersk fiskelever – kokt anten som ball eller i torske- eller brosmehovud. Søndagsmiddagen bestod ofte av «mylje», laga av sundbrote flatbrød bløytt i kjøtkraft og med kjøtfeitt på. Somme karva nedpå fisk og poteter. Litt sirup oppå gjorde susen. Alternativet til mølje var kjøt og flesk med flatbrød, poteter og kjøtsodd. Attpå middagen var det suppe dei fleste dagane.

Nonsmaten i halv fem-tida var mykje godt den same som til midmorgons, men oftare «soppa» i staden for graut med flatbrød, flesk og poteter.

Til kvelds var det jamt «velkokt graut» av byggmjøl med skyr til drikke. Grauten var ikkje «etla» (utdelt), men servert i eit stort fat, og kvar åt frå fatet på sin kant med tre- eller hornskeier.

Kaffi kosta pengar og var ikkje i vanleg bruk på gardane. Foreldra til Karl Rogne kjøpte ikkje kaffikjel før rundt 1880. I staden for «ekte» kaffi vart det brukt brent bygg som erstatning. Dei brende byggkorna vart knust med kjevle på ei bakstehelle.

Kor viktig maten var for folk, fortel tenarvilkåra på gardane mykje om. Den som ville halde på ein flink dreng, måtte passe på at han fekk god mat og ikkje minst nok mat. Det var mange stader vanleg at matmora «tiletla» (porsjonerte ut) maten til kvar einskild, og alle var nok ikkje like rause. For tenarane var matstellet viktigare enn løna.

I den tida vi snakkar om her, var det stort sett naturalhushald. Maten var ikkje berre laga frå grunnen av, den var også dyrka på åkeren, henta utor sjøen eller alen opp på garden. Det var dette livet handla om, og folket brukte størstedelen av tida si på slikt arbeid.


Kommentarer

Matstell i gamle dagar — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *