Ludvig UriLudvig Uri (1884–1907) var frå Gjerdet i Støene og vaks opp som nr. 9 av dei elleve borna til Hans Jonsson Uri og Severine Olsdotter frå Nystova på Rogne. Gjerdet er det første tunet ein kjem til frå Flem (nedom vegen). Huset som står der er oppsett i nyare tid, men det står på tuftene etter barndomsheimen til Ludvig.

Ludvig viste tidleg at han hadde evner utanom det vanlege. Han hadde lett for å lære og likte å finne ut av ting. Sjølv om han kom frå små kår i ein fiskar- og småbrukarheim, vart det råd med vidare skulegonge etter folkeskulen. Først tok han handelsskuleeksamen, truleg i Ålesund, og deretter gjekk han middelskulen i Volda.

Svært ung kom han inn på lærarskulen i Volda og gjekk ut derifrå som 19-åring med særs gode karakterar. Og då hadde han attpåtil hatt permisjon ei tid for å tene til livets opphald på torskefiske.

Etter lærarskulen fekk Ludvig lærarpost først i Nordland, og seinare på Modum. Etter to år som lærar hadde han lagt seg opp litt pengar og søkte seg inn på Hauges Minde i Oslo for å ta studenteksamen (examen artium). Men etter tre månader gjekk han tom for pengar og måtte bryte av studia og reise heim.

Etter ein periode på heimtraktene der han truleg livnærte seg av fiske, ville han på nytt prøve å ta examen artium. I 1906 kom han så inn på Hambros Skole i Bergen og fekk sin studenteksamen der etter berre 9 månaders studietid.

Romanen som gjorde Ludvig Uri kjend både i samtida og for ettertida, «Evig fortabt» – ei livssoga, skal òg ha blitt til i studietida i Bergen ifølgje tradisjonen. Men det er ting som talar for at han starta å skrive på boka ein god del tidlegare, kanskje alt då han var lærar i Nordland. Sikkert er det iallfall at boka låg føre ferdigtrykt då han tok sin eksamen i Bergen i 1907, og han hadde med mange eksemplar heim for å prøve å få selt romanen.

Boka tek utgangspunkt i den religiøse brytningstida på Sunnmøre kring hundreårsskiftet og har med mellom anna framifrå skildringar av havet og fiskarlivet, og skildrar også godt det indre kjenslelivet, særleg til hovudpersonen Einar.

Men det som gjorde Ludvig vidast kjend, var eit dikt i boka som vart til salme då det vart teke inn i Nynorsk salmebok i 1925. I boka ligg mor til Einar på dødsleiet, og han og ei syster sit ved senga. Mora seier då: «Bed, Anna!» Og dottera formar då ei bøn slik:

Jesus, Jesus, ver du hjå meg,
stå ved lægjet, gå ‘kje frå meg
no mi avferd stundar til!
Lat ‘kje Satan meg få gjera
noko vondt, du meg må bera!
Det er heim til deg eg vil.

Jesus, gløym i nåde ordi
som eg i mitt liv på jordi
tidt hev tala deg imot!
Gløym alt vondt eg gjorde, tenkte,
det som tidt din kjærleik krenkte,
læk mi sjuke hjarterot!

Alt som vil mitt hjarta tyngja,
tak det bort, så eg kan syngja
fri og frelst min siste song!
Jesus, Jesus, gå ‘kje frå meg,
stå ved lægjet, ver du hjå meg
no eg sovnar siste gong!

Det laga seg så Ludvig kunne ta til som student ved Universitetet i Kristiania hausten 1907. Dit reiste han via Bergen saman med Ole P. Flem frå Gjerdet på Flem, som skulle til Voss på treskjerarskule. Til semesterslutt før jul fekk Ludvig toppkarakterar både i filosofi og fysikk, noko som var heller sjeldsynt. Det låg no til rette for ei lysande framtid for den unge studenten frå Støene.

Så skulle han reise heim til jul, og sidan jernbanen ikkje var ført fram til Åndalsnes enno, tok han toget til Trondheim og hurtigruta til Ålesund. Men på båten vart han så sjuk at han skalv, og det vert fortalt at ei dame breidde kåpa si over han. I Ålesund vart han lagt inn på sjukehus med «nervefeber» (tyfoidfeber). Åtte dagar seinare – på veslejulaftan 1907 – døydde Ludvig Uri, berre 23 og eit halvt år gammal.

Ludvig er skildra som ein hjartevarm, stillfarande ungdom, men òg som sterk og uredd. Boka hans fekk heiderleg omtale av fleire i samtida, og Anders Hovden skreiv både minneord og eit dikt om han etter hans bortgang. Ungdomslaget Samhald fekk i 1908 reist ein minnestein på grava hans ved Haram kyrkje på Austnes. Der er det innmeisla:

Her kviler student Ludv. H. Uri, 1884-1907. Dit liv var rigt og stutt. Høgt var du elska. Sårt er du sakna.


Kommentarer

Ludvig Uri — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *