Kai-Aktieselskabet paa Flemsøen vart skipa i 1896 med føremål å bygge og drive kai og damskipsekspedisjon. Det vart teikna 86 aksjar som lydde på Kr. 25,00 kvar. Storparten av partshavarane var frå Longva og Rogne/Nogva, nokre få var frå Flem.

Men det var strid om kvar det skulle byggast kai, både før kaiselskapet var skipa og etter. Somme ville ha kai i Nese-fjøra, der rutebåtanløpet på Longva var då, andre ville bygge kaia der ho ligg i dag. Strid vart det òg om stoppestadene for rutebåten, og ei kortare periode var det tre stoppestader på øya: ved Longva-kaia, i Nese-fjøra og på Flem.

Då staden var bestemt, vart det fylt ut med stein eit stykke ned i fjøra, om lag så langt som til øvste og inste hjørnet på det som no er Longva Servicesenter. Dette var ferdig ved utgangen av desember 1896. Frå fyllinga vart det bygt ei trekai på pålar så langt ut i sjøen at rutebåten og andre større båtar kunne legge til.

Inntektene kaiselskapet måtte ha for å kunne drive verksemda, kom frå avgifter folk betalte for å sende eller ta på land varer over kaia. På møte i «Flemsøy keilag» 13/11-1919 vart det til dømes vedteke slike satsar:

Vaksen hest kr. 2,00
Mindre hestar kr. 1,50
Kyr kr. 1,00
Mindre kyr kr. 0,75 – 0,50
Slakta gris kr. 0,50
Spekalv kr. 0,15
Fulle oljefat kr. 0,50, tomme kr. 0,15
Fulle sirapsfat kr. 1,00
Mjøl kr 0,30 pr. 100 kg
Mjelk kr. 0,15 pr. 100 liter
Torskhaud kr. 0,30 pr. tusen stk.
Iskasser 10 øre pr. kasse
Andreas T. Longva betalte kr. 50,- for å losse opp all sin lømaterial på kaia i 1922.
Jonas P. Rogne lossa opp ca. 60 tynner sement og ca. 2000 takstein og betalte kr. 15,00 for det.

Litt etter kvart vart det fylt ut meir stein langs den store sjøbua som kom på plass i 1897 (der Longva Handelsforening heldt til). Trekaia vart korta inn tilsvarande, men ho stod der lenge og måtte reparerast fleire gonger. Ei ny vøling måtte til i 1941, og det var trong for 33 nye kaipålar. Under krigen var det ikkje alltid like lett å skaffe det ein trong. Severin E. Longva reiste difor til Romsdalen med M/k Knut for å få tak i pålar, men greidde berre sju, for dei måtte hogge trea sjølve. Det vart bestemt å sende ein ny ekspedisjon med fleire hogstmenn.

Dei første 25 åra brukte kailaget lokale i den nemnde sjøbua til ekspedisjon og lager for varer som skulle ut eller kom inn. På årsmøtet 29/1-1921 vart det vedteke å bygge pakkhus med posthus på det vilkår at poststyrar Helga Johnsen svarte ei årleg leige på kr 200 i fem år. Huset skulle vere 10 x 12 alen, men vart på eit seinare møte utvida til 10 x 20 alen (ca. 6,25 x 12,5 m).

Jakob O. Rogne hadde utarbeidt eit grunnriss for bygget som styret vedtok å bygge etter, og han og Ole O. Longva tok på seg å bygge huset for kr 550, som styret godtok 2. juli 1922. Den 28. august vart det halde styremøte i det nye posthuset, og 1. oktober flytta Helga Johnsen inn.

Dei siste fem åra før 1920 var det ei kraftig pris- og lønnsauke i landet, men derifrå tok det til å gå nedover, noko utviklinga i lønna til kaimannen (ekspeditøren) viser. I 1920 fekk Johan P. Longva ei årleg godtgjersle på 900 kroner. I 1923 var godtgjersla kr 800, og i 1927 fekk Elias O. Haram kr 550. Utpå 1930-talet gjekk lønna vidare ned, og Peder E. Longvanes vart betalt kr 450 i 1933 og kr 360 i 1937, som lønna låg på før det svinga oppover igjen under 2. verdskrig. Såleis var årsbetalinga 540 kroner både i 1942 og 43, og kr 720 i 1945. I 1946 nærma det seg 1920-nivå, då Peder Longvanes fekk kr 840 – pluss 8 dagar ferie. I 1947 tok Severin E. Longva over som kaimann med ei årslønn på 1.200 kr og 8 dagar ferie.

Den lange trekaia låg utsett til for vêr og vind, og stundom støytte båtar inn i treverket og gjorde skade, som D/S Møringen både i 1929 julaftan 1931. Såleis vart det mykje arbeid og kostnader å halde kaia i stand, og på styremøte 25/4-1953 vart det gjort slikt vedtak: «Det vert å rause stein heile kailengda. Grunnmur på austsida vert å mure til hjørnepelen.» På vestsida skulle det vere vanleg raus. Dermed vart trekaia i løpet av eit par år bytt ut med stein og betongplate, men med ei trekai på enden.

Den nye kaia vart noko kortare enn den gamle, så det måtte mudrast for at større båtar skulle kunne legge til. Det vart også mudra på innsida, slik at rutebåten og andre kunne legge til der i staden for på enden. Etter at kaiarbeidet var ferdig, vart det også sett opp eit pakkhus i betong attrast på kaia.

Det var betimeleg å få opp nytt pakkhus, for no var det planar om å byte ut rutebåten med ferje, og kommunestyret vedtok i 1956 at ferjestaden skulle ligge aust for kaia, like ved. Dermed stod det gamle pakk-/posthuset i vegen og måtte fjernast, noko som vart gjort i 1959. Posten var alt i 1953 flytta til Emil Nerland sitt hus.

Sjølv om storparten av Longva kai var stein og betong, vart trekaia på enden utsett for skadeverk fleire gonger, både av båtar og storm. Eit hardvêr i 1988 gjorde mykje skade. Men skadane vart reparert, før storstormen 1. januar 1992 ramponerte trekaia fullstendig. Kaiselskapet bestemte seg då for å byte ut treverket med stein og betong, noko som var fullført eit par år etterpå.

Etter at ferja og varebussar tok over mykje av varetransporten frå hausten 1963, vart kaia mindre brukt, og driftsgrunnlaget for kaiselskapet minka. Ekspeditøren vart òg overflødig, og Sjur-Søvrin vart pensjonert frå 31. august same året. Trafikken over kaia vart stadig mindre, og i 2005 tok Longva småbåtlag over både kaia og pakkhuset.


Kommentarer

Longva kai — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *