Tidleg i 1970 byrja Hamnevesenet med mudring og rausing av molo til Longvahamna. Stein til moloen vart køyrd frå Langholen på Flem, same staden som steinen til bruvegen var henta frå. Mudderapparatet Skotten starta å mudre hamnebassenget i april, og det vart køyrt ut ein lang molo. Deretter vart det bygt to kaier, støypt dekke på moloen og sett opp eit brystvern i betong. Hamna var ferdig i 1971, men noko meir mudring vart utført i 1975.

Oddvin Longva bygde kai og sjøhus oppe i fjøra i hamneområdet, like ved dagens Longva Servicesenter. Grunn fekk han leige og seinare kjøpe av kommunen. Den 20 meter lange kaia vart teken i bruk i 1976, og sjøhuset på vel 300 m2 stod ferdig i 1978. Her vart det kaiplass og lokale til vegn og utstyr for båtane hans.

«Tidens tann» tærer på betong i sjøvatn, og difor la Kystverket i 2015 på eit lag med storstein på utsida av moloen like høgt som brystvernet. I 2018 fekk Longva småbåtlag kjøpe moloen med kaier av Kystverket, og dei kommunale strandareala inni hamna av Haram kommune. Det har tidlegare vore vanskeleg å få bygge nye naust der på grunn av manglande reguleringsplan, men planen er no ferdig og godkjend.

Longva hamn

Longva hamn 2019. Foto: Knut Flem


Kommentarer

Longva hamn — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *