Der var ein eigen Ljosklubb som hadde til føremål å få sett opp lys langs vegane på Rogne og Nogva. Dei som var med i starten i 1964 var Svanhild Rogne, Ragnhild Nogva, Ester Rogne, Ingebjørg Rogne (Nyvang) og Ingebjørg Rogne (Solbakken). På kvart klubbmøte vart det i starten av kvar medlem samla inn 1 krone  som skulle gå i lyskassa. Noko om senn steig «kontingenten» og var på 10 kr då alle lysa var oppkomne etter ein del år.

Etter kvart kom fleire folk med i klubben og dei starta å skipe til basar for å få inn lyspengar. På klubbmøta vart det arbeidt på ting til utlodding, og elles fekk dei gevinstar på bygda og nokre vart kjøpt. Basar vart halde på Framtun minst ein gong i året, og seinare kunne det vere andre former for utlodding, som tombola og bingo. Og folk var flinke til å møte fram og støtte den gode saka. Ljosklubben fekk også ei gåve på kr 5.000 frå Rogne og Nogva helselag i 1973.

Dei som var med storparten av tida i tillegg til dei ovanfor nemnde, var Sigrid Nogva, Frøydis Otterlei, Anna Hansen, Dagny Rogne (Knutgarden) og Borgny Rogne.

Ingen hugsar i dag kvar det første lyset vart montert, for lysa vart ikkje sett opp etter ein bestemt orden. Det vart nokre her og nokre der, kanskje etter kven som hadde størst behov eller var mest frampå. Lysa vart stort sett monterte på eksisterande kraftstolpar, men nokon stader måtte nye stolpar opp. Litt motstand var det mot å få stolpar på jorda si, men det ordna seg til slutt alle stader. Kommunen skaut til halvparten av kostnaden, som den første tida var 500 kr for kvart lys.

Etter nokre års trufast arbeid, var det i 1986 kome veglys ut til Johnsengarden og nord til Nogva. Men framleis mangla det litt på øvstevegen, og folk langs den lyslause vegen ville også gjerne ha gatelys. Dermed arrangerte klubben ein bingo i 1987 og fekk inn pengar til å få opp dei siste lysa til jul same året.

Såleis var oppdraget fullført, og basarar og anna pengeinnsamling tok slutt. Men klubben heldt fram som ein vanleg dameklubb med sosialt føremål i mange år. Den gamle tradisjonen med å legge ti kroner i kassa på kvar samling heldt dei imidlertid fast på, og då dei slutta av i 2014, var det om lag 10.000 kr i potten. Pengane vart donert til UL Fram.


Kommentarer

Ljosklubben Rogne – Nogva — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *