slik vi ser det idag er forma gjennom millionar av år. Den yngste biten av landskapet er det geologane kallar strandflata. Det er ikkje (berre) den stranda vi ser ved sjøkanten, men ei stor flate som startar nokre titals meter under havnivå og går opp til 60–70 meter over. Der stoppar denne flata gjerne ved ein fjellvegg.

Strandflata startar ute ved kanten av landbakken, eller landméen, som er nemninga fiskarane gjerne brukar på området (fiskemarka) utanfor øyane. Dette området går ut til kontinentalhylla, som er havbotnen frå landméen til Storegga. Denne flata er resultat av det kalde klimaet dei siste 2,6 millionar åra.

I denne perioden (Kvartærtida) har klimaet skifta mellom istider med brear som dekte landet og mellomistid med klima som i dag. Kvar av istidene har vart i om lag 100 000 år og mellomistidene ca. 10 000 år. Under istidene har breane grave ut dalane og fjordane, men sjølv om breane somme tider rakk heilt ut til eggakanten, var det lange periodar då kysten låg utanfor brekanten.

Men klimaet var kaldt med frost og lokale isbrear, strandis og fjordis delar av året. Dei lokale breane grov og sprengde seg inn i fjella og laga botnar (små, grunne dalar).

I fjøra fraus fjellet sundt og vart vaska vekk av isflak og bårer i stormperiodar. Såleis flytta fjellfoten seg innover i landet, og svake og oppsprukne parti i fjellsida vart også lett vaska ut av bårene. Der sprekkene var ekstra svake, grov sjøen ut fjellet og laga hellarar som den på Rønstad og Hamnsundhellaren. Då dei vart utgravne må havet må ha stått ca. 60 m høgare enn i dag. Fjellet på Fjørtofta er blitt flata ut til same nivået. Storparten av Fjørtofta er med andre ord ein del av det som vert definert som strandflata.

Rimmer
Eit typisk trekk i landskapet er rimmene som er så tydelege på dei fleste øyane. Ei rim er ei stripe land, markert høgare enn landet nedanfor, som ei terrasse i terrenget. Dette er anten strandvollar eller strandhakk som vart laga av bårene når sjø og land i lengre periodar vart liggande på same nivå.

For ca. 15 000 år sidan vart øyane isfrie, og landet tok til å stige i forhold til havet. Strandhakk vart laga av sjøen når landet låg i ro ei stund så bølgjene fekk tid til å «hakke» seg inn i stranda før landet steig vidare. For rundt 9 000 år sidan var havet rundt øya ca. 7 meter lågare enn i dag. Men då vart det så sterk issmelting særleg i Nord-Amerika at havet tok til å stige fortare enn landet. Bårene kasta stein og grus framfor seg etter kvart som havet rykte inn over landet og laga ein strandvoll der sjøen stoppa opp. Sidan har havet trekt seg tilbake igjen og ligg no omkring ti meter nedanfor denne strandvollen.

Øya med rimmer

Tala tyder antal år før vår tid.

På Flemsøy/Skuløy har vi tre tydelege rimmer på land og ei i sjøen (sjå biletet). Den sistnemnde er marbakken. Dei tre på land har også tydelege namn: Øvsterimma, Midtrimma og Nedsterimma. Dei to øvste er strandhakk og den nærast sjøen er altså den nemnde strandvollen. Langs denne ligg både mykje av den eldre busetnaden på øya og nedstevegen frå Nogva til Flem. Årsaka er at dette var tørraste og beste plassen for både hus og veg.


Kommentarer

Landskapet — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *