Heilt fram til midten av 1900-talet var fiskarbonden ei av dei vanlegaste «yrkesgruppene» på øyane og kysten i det heile. Nemninga «fiskarbonde» gjeld ikkje berre mannen i huset, men femner om heile huslyden. Mannen var fiskaren, medan kvinna ofte hadde både ansvaret og arbeidet med gardsdrifta. Borna måtte også delta i arbeidet så langt dei rakk. I tillegg hadde garden gjerne både dreng og tenestejente.

Heilt fram mot førre hundreårsskiftet var det vanleg å dyrke korn her på øya. Fleire faktorar gjorde det etter kvart gunstigare å trappe ned med korn og legge meir vekt på fedrift: korndyrking var arbeidsintensivt, og det vart knappare og dermed dyrare med arbeidshjelp fordi mykje ungdom reiste til Amerika. Betra kommunikasjonar auka tilgangen på billeg korn frå Europa og Amerika, samstundes som folk fekk meir pengar mellom hendene p.g.a. gode tider i fiskeria.

Kornåkrane vart såleis lagt om til grasmarker, og det vart større mjølkeproduksjon på gardane. Mjølka vart sendt til Ålesund med mjølkebåten «Skyr-Anna», «Ternen» og andre båtar. Frå 1920 med MRF/Fjord1 sine ulike rutebåtar og ferjer. I 1970 tok Sunnmøre Meieri til å hente mjølka på gardane på øyane med eigne tankbilar.

På Fjørtofta vart det starta meieri i 1894 og Nogva og Rogne bygde sitt meieri i 1896. Der vart mjølka omsett til smør som for største delen vart sendt til Bergen og eksportert derifrå til England via Newcastle. Fjørtoftmeieriet vart lagt ned i 1917, medan Rogne/Nogva dreiv på til 1937.

I tillegg til kyr var det vanleg å ha sauer og høner på garden, ofte også nokre geiter og ein gris eller to. Det var så vanleg å ha hund til å gjete dyra i utmarka at ein eigen hundeskatt vart innkravd. Den var på kr. 12,- per år i 1925.

Dei fleste gards- og småbruk her på øya måtte ha inntekter attåt det garden kasta av seg. Mange bønder deltok på vinterfiske etter sild og torsk, eller det kunne vere sesongarbeid av ymse slag. På 1960-talet vart landbruket i Noreg gitt eit løft; gardane fekk økonomi til å bygge nye driftsbygningar og ta i bruk nytt teknisk utstyr, som fôrhaustaren i samband med nye, store grassiloar. Ei tid framover gav no dei største gardsbruka livsgrunnlag for ein familie.

Seinare, når øya fekk fleire arbeidsplassar både i industri og på andre område, var det ikkje uvanleg at kvinna tok seg arbeid «utanfor heimen» medan mannen var hovuddrivaren av garden. I dag er det vanskeleg sjølv for dei største gardsbruka å greie seg åleine, og mange har lagt ned drifta medan eit par samdrifter har oppstått.

I desse tider (2018) er det stordrift som gjeld for å overleve som bonde. Alice Farstad og Erling Rogne i Gunnagarden på Rogne har teke konsekvensen av det, og hausten 2016 opna dei sin nye, flotte og automatiserte storfjøs med kapasitet til 50-60 mjølkekyr og ei mengd ungdyr. Fjøsen ligg på Nystova, rett ovanfor småbåthamna på Rogne.

Fjøs Nystova

Nyfjøsen til Alice og Erling i Gunnagarden på Rogne


Kommentarer

Landbruk — 1 kommentar

  1. Siste kornåkeren til modning som eg kjem i hug var i 1958. Stykket vest for gamleskulen. Det var havre.
    Atle Longva

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *