Alt i 1912 kom det framlegg i heradstyret om å bygge ein gamleheim, og Karl G. Rogne og Elias K. Ostnes fekk i oppdrag å arbeide med saka. Så kom 1. verdskrigen 1914–18, og gamleheimen kom i skuggen av viktigare ting. Under krigen var det godt fiske, og fordi dei krigførande partane hadde stort behov for den norske fisken, var prisane så høge «at ingen på langt nær hadde drøymt om slike prisar».

Såleis var det mange som tente mykje pengar, og brørne Ingvald og Johan J. Longva frå Jogarden bygde seg eit stort hus, «nærast som eit hotell» på heimejorda, like ved dagens Kvileheim. Men så vart det nedgangstider på 1920-talet, og brørne fann det best å selje huset, om det det var råd å finne ein kjøpar.

For tidene vart berre dårlegare utover, og Haram kommune var saman med fleire andre sunnmørskommunar bankerott rundt 1930. Årsaka var for det eine at kommunen måtte innfri garantiansvaret for mange lån til fiskebåtar og landbruket, for det andre at deltakinga i Tafjord Kraftselskap kosta mykje meir enn pårekna. Haram hadde såleis i 1931 ei gjeld på nesten 1,5 millionar kroner, som dei ikkje på nokon måte kunne handtere. Fleire andre kommunar var i ei liknande stode, og fylkesmannen sette seg føre å få sanert gjelda slik at kommunane kunne kome seg på fote. For Haram vart resultatet ein reduksjon av skulda til kr 350.000.

Men Haram hadde ein reserve i bakhand som dei greidde å halde unna akkorden. Under krigen (1914–18) vart det oppretta provianteringsråd i alle kommunar. Dei skulle passe på at folk hadde nok mat og at prisane ikkje skaut i veret. I Haram kjøpte dei mellom anna inn så mykje brødkorn at det var nok til heile kommunen. Etter at krigen var slutt og provianteringsrådet nedlagt, sat kommunen att med 18.000 kroner i forteneste. Desse pengane vart avsett til gamleheim – «Gamleheimsfondet».

På møte i kommunestyret 16. april 1932 gjorde Severin E. Longva framlegg om å velje ei nemnd til å førebu kjøp av gamleheim for heradet. Valde vart Emil Korsnes (formann), Karl J.O. Ostnes og R.L. Risbakk.

Alt på neste møte 2. mai 1932 kom den valde nemnda med framlegg om å kjøpe eigedomen «Jotun», som var namnet på det store huset til Jo-brørne. Prisen var avtalt til kr. 10.500, og kommunestyret gjorde vedtak om å kjøpe. Med noko vøling og omarbeiding kom det opp i 15.000 kroner totalt. Huset vart vigsla til «eldrebustad» 28. desember 1932 med ei festleg tilstelling.

Heimen hadde plass til rundt 20 eldre. Den vart sett i drift frå nyttår 1933 med Anna Driveklepp som husmor. Det første styret bestod av Johan P. Longvanes (formann), Johan K. Flem og sjukesyster Anna Flem. Nemninga gamleheim vart seinare bytt ut med kvileheim etter framlegg frå Severin E. Longva, som kom med i styret i 1936.

Femti år etter starten var det tid for fornying, og det kom planar om nybygg. Det var diskusjonar om plasseringa av den nye kvileheimen. Mange meinte at den burde ligge meir sentralt, til dømes i lia ved idrettsplassen. Men dei nådde ikkje fram, og nybygget vart plassert like ved gamle Jo-tun.

Det vart ei ny tid for både bebuarar og tilsette etter at huset stod ferdig hausten 1983. Særleg var det ein lette å få alt på éi flate i staden for å måtte springe i trapper. Her var 12 rom, men det kunne vere fleire enn tolv bebuarar i dei tilfella ektepar delte rom. Elles var her alle fasilitetar – ei stor felles stove med matsal, aktivitetsrom, kjøken som laga god mat og bad på kvart rom.

Ein sjølvoppnemnd utsmykkingskomité med Birgit Fjelle i brodden gjorde eit stort og flott arbeid med å gjere det nye huset fint og triveleg. Dei gjekk ut til alle tenkjelege og utenkjelege sponsorar og glade givarar og fekk inn ein god del pengar til føremålet. Opphenging og utplassering av kunst var dugnadsarbeid, og dørskilta laga dei sjølve. Fleire lokale kunstnarar kom med måleri, vevnad, rosemåling og meir. Også skuleborna laga kunstverk. Ute opparbeidde hagelaget plen og planta busker og blomster.

Seinare vart det bygt på ein fløy med leilegheiter for eldre som stelte seg sjølv. Det var gjerne enklare og tryggare å bu der enn i heimehuset for somme eldre. Desse kunne få middag i lag med dei andre bebuarane, men ordna seg elles sjølv.

Kommunestyret vedtok i 2015 å legge ned kvileheimen i den form han hadde. Dei 12 romma for lett pleietrengande skulle gjerast om til 6 leilegheiter, og huset skulle vere utan fast bemanning. Det utløyste ramaskrik på øyane fordi dette omsorgstilbodet var høgt verdsett av bebuarar, pårørande og folk flest. I tillegg ville det bety tap av arbeidsplassar.

Det vart stort engasjement med underskriftskampanje, avisskriving og demonstrasjonar for å behalde kvileheimen som han var. Det nystarta Øyrådet engasjerte seg og arrangerte folkemøte på grendahuset der ordførar, rådmann og leiarar for omsorgstenesta måtte forklare seg. Protestane og aksjonane førte ikkje fram, og kvileheimen vart lagd ned frå 1. mai 2017. Bebuarane vart flytta til omsorgssenteret på Vatneeidet tilliks med nokre av personalet.

Det folkelege engasjementet var likevel ikkje forgjeves, for det hadde truleg ein god del av æra for at basen for heimebasert omsorg med nattevakt vart plassert i kvileheimbygget. Det betyr både arbeidsplassar på øya og tryggleik for dei som bur i leilegheitene. Ombygging og oppussing vart gjort, og dei seks nye husværa stod klare for innflytting 1. mai 2018.

Kvileheimen

Kvileheimen på tidleg 1950-tal


Kommentarer

Kvileheimen — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *