I Nogvafjorden
KvalfunnEin dag i 1726 fann Jetmund Eriksen Rogne ein daud kval i Nogvafjorden og tok han på slep etter færingen sin. Ole Hansson Ura som stod og banka korn (treska) på låven til Ole Knutson Nogva, såg at Jetmund Rogne rodde og slepte på ein kval. Men då han kom til Vikahaugen, vart kvalen for tung i motvinden, og Jetmund måtte snu til Nogvastøene. Der fekk han folk med seg til å drage kvalen opp i fjøra, og så vart han avspekka der.

Ole K. Nogva og dei andre som hjelpte til gjorde krav på andel i kvalen, mest fordi dei meinte han var funnen i deira fjøre langt ute. Saka vart stemnd til tings, og der vart Jetmund tilkjend eigedomsretten på kvalen fordi han fann han i open sjø. Men dei som var med og hjelpte han, skulle få betaling for arbeidet.

I Støene
Den 4. januar 1742 var lagretten samla på Flem for å synfare ein kval som låg ved Flemsvorane. Alle mann på Flem og i Ura var til stades. Urakarane fortalde at då dei skulle ut på fiskemarka, fekk dei sjå ein kval som låg i fjøra i Støene (her budde ikkje folk den tida). Dei rodde straks til Flem og fortalde om kvalen, fordi han låg i Flem si utmark.

Flemskarane rodde til Støene og tok kvalen på slep til vorane på Flem, der dei batt han fast. Melding om kvalfunnet vart sendt til futen. På spørsmål frå retten om Støene var Flem si utmark og om vitnemåla var sanne, vart det svara ja. Så gjekk retten ned i fjøra for å synfare kvalen. Han var 22 alner (ca. 14 meter) lang, og spekket var ½ kvart (ca. 8 cm) tjukt. Det vart berekna at dei kunne få 24 tønner spekk utanom det som gjekk med til bergingsløn. Retten dømde då 12 tønner til kongen og 12 tønner til jordeigarane. Resten av kvalen tilfall dei som fann og berga han.


Kommentarer

To kvalfunn — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *