Etter krav frå Molde skifterett vart det 9. januar 1865 halde registrering av konkursboet etter konsul Jacob Jervell, som åtte ein part i Uri (Støene) og i fiskeværet der.

1. Gardsbruket Uren, L.nr. 39 (Knutgarden), med skyld 2 ort 15 skl., brukt av leiglending Ole Jensson Uren.

1 gammal stove tekt med never og torv, verdsett til 35 Spd.
1 korn- og høyløe av stav- og bindingsverk, tekt med never og torv, 15 Spd.
1 kufjøs av gråsteinsmur tekt med never og torv, 10 Spd.
På bruket vart avla 18 tønner korn, fødd 1 hest, 4 kyr og 10 småfe.
Kårplikt til Ingebrigt Lasseson og Anne Jonsdotter med 5 tønner korn, fôring til 1 ku og 4 sauer. Dertil fritt hus og brensel.
Jordeige med utmark etter skyld verdsett til 120 Spd.
Bruket med hus og «herligheter» i alt verdsett til 180 Spd.

2. «Fiskeværet Uren med de på stedet henhørende husebygninger som tilhører konsul Jakob Jervels bo med løse eiendele.»

1 einhøgdes stovebygning av timber, tekt med never og torv, 20½ x 10½ alen, 5¾ alen til rafta. Med «Krambodkammer», sengestader og alt innbu verdsett til 500 Spd.
1 einhøgdes sjøbu av timber tekt med bordtak, 13 x 9 alen og 4½ alen til rafta, med tilhøyrande flatbrygge verdsett til 40 Spd.
1 einhøgdes sjøbu eller «sjøpakkhus», tekt med tegltak, bygd av nytt timber, som består av «underbod og ditto overbod og med svalgang rundt det hele». Bygningen er 20½ x 16 alen og 4½ alen til rafta, med tilhøyrande langbrygge verdsett til 550 Spd.

Buet var «taxeret og signeret» av (lensmann) A. Fjertoft, Daniel Jonsson Nogva m.f.P. og Ole Karlsson Nogva m.f.P.

Forkortingar:
skl. =skilling
Spd. = speciedaler
1 alen = 62,75 cm
m.f.P. = med ført penn

Konsul og kjøpmann Jacob Jervell i Molde kjøpte i 1848 Knutgarden av Jetmund Pedersson Longva for 120 Spd. Han må såleis ha bygt ut eigedomen og investert mykje for å ha kome opp i ein verdi av 1.270 Spd. i 1865. Truleg var det Jervell som bygde opp fiskeværet.

Kjøpmann Johan Olsen i Dryna overtok bruket «med tilliggende herligheter» og dreiv fiskekjøp der ein del år. I 1879 er han død, og enkja sel garden til Knut Andersson frå Torinagarden på Flem. Han og Torine Karlsdotter frå Hildregarden vart stamforeldre til dagens etterkomarar frå Knutgarden.

Jacob Jervell (1817-70) var son til ein innvandrar frå Oulu (Uleåborg) i Finland, Jacob Järvelä, som kom til Molde omkring 1800. Grunnen til at han flytta dit, var at faren Josef og broren Johan kom til Molde først. Dei var eigarar av og om bord i handelsskipet Marchaden, som skulle frakte ein last eikeplankar frå Hamburg til Gøteborg hausten 1794. Men storm og uvêr dreiv det store seglskipet nordover norskekysten. Etter fjorten dagar, den 3. desember 1794, passerte skipet tett oppunder «øjlandet Scholøen kaldet» og fekk los om bord og kom seg inn til Harøya. Seinare drog skipet til Molde der far og son Järvelä slo seg ned, og den yngre sonen Jacob kom sidan etter saman med to søstrer.


Kommentarer

Konkursbu i Uren — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *