Øyfolket var fiskarar og sjølvsagt svært båtvant. Og sjøen var viktigaste ferdselsåra heilt fram til midten av 1900-talet, då bilane tok til å gjere sitt inntog også her på øya. Det var sjøen som batt grender og øyar saman, og båten var transportmiddelet. Såleis var søre delen av Harøya – Myklebust – ein del av Haram kommune heilt fram til 1965.

Flemsøy/Skuløy har alltid høyrt inn under Haram kyrkjesokn. Før 1838, då ny kyrkje var bygd på Austnes, måtte folket herifrå reise ut til kyrkja på Haram for å delta i gudstenester eller kyrkjelege handlingar som barnedåp, giftarmål og gravferd. På fineversdagar kunne folk på Flem ro utom Ulla til Haram, og likeins kunne folk på indre delar av øya segle forbi Austnes og ut til kyrkja. Elles var det å ro til Austnes og gå over fjellet til Haram. Etter at øya fekk bedehus i 1920 og eigen gravplass i 1926, vart det monaleg mindre strabasar for folk å delta i kyrkjelege handlingar, og endå mindre etter at Ullasundbrua opna i 1970.

Før utskiftinga på slutten av 1860-talet, budde øyfolket i små landsbyar, eller klyngetun, og levde stort sett livet sitt der – iallfall den delen av det som var landbasert. Trafikken på land gjekk for det meste ut til teigane og den korte vegen ned til sjøen. Sjølvsagt var det eit visst hopehav mellom klyngetuna på øya, men i lange tider var gangråser og sjøen gode nok transportårar. Dei tok like gjerne båten dersom det var eit stykke å fare sjølv om det var landfast.

Av opparbeidde vegar fanst berre gardsvegen frå husa til utmarka for køyring av mold og torv. Slede vart brukt til dette, og den trong ikkje så gode vegar, så også desse vegane var mest som råser å rekne.

Annleis vart det etter utskiftinga då gardsbruka låg spreidd utover heile grenda. Behovet for ein bygdeveg for at folk skulle kunne kome seg «gardimellom» vart større, og det vart etter kvart arbeidd fram vegar som gjekk innom alle gardstuna.


Kommentarer

Kommunikasjonar — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *