På 1920-talet kom den kommunale økonomien i «trongsteg» og vart stadig dårlegare. Årsakene var for det eine dei skrale tidene generelt etter at økonomibobla frå første verdskrig (1914–18) sprakk, og i fiskeria spesielt. Kommunen hadde særleg i det siste tiåret fram til 1920 gitt trygd for lån til investeringar i fiskeria, og mange av desse garantiane måtte innfriast då botnen datt ut av fiskenæringa etter 1920. For det andre vart kostnadene med utbygginga av Tafjord Kraftselskap frå 1917 mange gonger høgare enn rekna med, samstundes som salet av kraft vart mykje mindre.

Difor vart det på kommunestyremøte 26/9-1927 valt ei nemnd på tre mann for å reise til Oslo for å tinge om kommunen si økonomiske stilling. Ein av dei som vart valt, var Knudt O. Otterlei, tidlegare stortingsmann (1913–21) og no fiskeriinspektør. Han sa frå at han ikkje ville reise om ikkje også stortingsmann Ole K. Flem vart vald til å vere med. Det vart ordna på møte 10/10-27.

Denne tida var det stor arbeidsløyse i mange delar av kommunen, og på neste kommunestyremøte vart ordføraren, Martinus E. Otterlei, pålagd å vende seg til departementet om stoda i von om hjelp.

Om dei fekk hjelp i Oslo er ikkje kjent; iallfall vart økonomien berre verre dei neste åra, og kommunen var i røynda bankerott. Haram hadde såleis i 1930 ei gjeld på nesten 1,5 millionar kroner, som dei ikkje på nokon måte kunne handtere. Fleire andre kommunar var i ei liknande stode, og fylkesmannen (Trygve Utheim) sette seg føre å få sanert gjelda slik at kommunane kunne kome seg på fote. Med hjelp av m.a. Justisdepartementet og kanskje også rimelege kreditorar, vart resultatet for Haram at skulda vart sett ned til kr 350.000, altså ein reduksjon på omkring 75%. Men nokon leid store tap på grunn av akkorden; Haram Sparebank åleine tapte 237.500 kroner.

Det var ordførar Karl G. Rogne som på vegner av kommunen forhandla med fylkesmannen. Kravet var at kommunen skulle utbetale kontant kr 350.000, som skulle dekkje den samla kommunale gjelda. På møte 21/3-1931 godtok kommunestyret forslaget samrøystes og vedtok at eit lån på beløpet skulle takast opp med avdragstid på 40 år. Dei fekk eit lån i Kommunalbanken på kr 250.000 og kr 100.000 i Haram Sparebank.

Ordførar Rogne hadde truleg gode forhandlingsevner, for «Gamleheimsfondet» på 18.000 kroner fekk kommunen behalde. Fylkesmann Utheim sa først at alt skulle med i akkorden, men gav seg likevel på det. Dette var pengar som kommunen hadde tent gjennom forsyningsnemnda under 1. verdskrigen og som var avsett til å bygge ein gamleheim. Og i 1932 vart det store og flotte huset «Jotun» på Longva kjøpt og gjort om til gamleheim til ein kostnad av 15.000 kroner.

Sjølv med den rundelege akkorden hadde Haram anstrengt økonomi dei komande åra. Det var no dei mørkaste trettiåra med lite pengar mellom folk og skral skatteinngang. Eigarskapet i Tafjord Kraft tyngde ein god del, ettersom det var lite straumforbruk og dermed lave inntekter. Såleis fekk kraftverket i 1935 mynde til å selje komfyrar svært billeg. Same året løyvde Staten direkte tilskot til «vanskeligstilte kommuner», og Haram fekk kr 6.000. Frå Sosialdepartementet kom kr 5.000 til naudarbeid for å hjelpe dei som var hardast råka av arbeidsløyse.

I 1936 fekk Haram tildelt kr 7.642,- av renteskatten og nye kr 5.000 i dagsverktilskot. Same året vart renter på lån som kommunen var skuldig i Haram Sparebank og Kommunalbanken ettergjevne. Med Justisdepartementet fekk Haram i 1937 kr 27.000 til delvis dekning av budsjettunderskot. Likevel må det ein ny gjeldsakkord til for kommunen i 1938. Gjelda, som var på kr 456.900, vart då nedsett til kr 50.400. Dette vart finansiert ved lån i Finansdepartementet og Haram Sparebank. I siste halvdel av 30-talet tok det så smått til å lysne i økonomien generelt, men kommuneøkonomien var framleis skral i 1940.


Kommentarer

Kommuneøkonomien i mellomkrigstida — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *