Før jordskifta på 1850-, 60- og 70-talet budde tyngda av folket i små landsbyar, eller klyngetun. Før utskiftinga var det teigblanding; gardsbruka var delt i små stykke som låg spreidd utover og blanda med kvarandre. Kvart bruk hadde mange teigar på ulike stader, slik at det skulle vere nokolunde lik fordeling av jord med ulik kvalitet. Og alle måtte ha torvteigar, som var viktig for å skaffe brensel til heimen.

Så lenge gardsbruka låg i klyngetun med teigblanding, var jordbruksdrifta tungvint og lite effektiv. Teigane kunne vere så små at det var vanskeleg å drive dei godt. Det vart lang veg til dei teigane som låg lengst vekke, og ofte måtte ein gå eller køyre over andre si mark. Arbeidet på jordstykka måtte samordnast slik at brukarane gjorde dei ymse arbeida på same tid. Det var ikkje uvanleg at bruk var oppdelt i 20–30 teigar, og somme av dei kunne vere smale strimlar på 2–3 meters breidde.

For å gjere gardsdrifta lettare og meir effektiv, la styresmaktene til rette for utskifting av jorda. Det innebar at ein teikna «gardskartet» på nytt og samla all jord som høyrde til eit bruk på éin plass. Men kvart bruk fekk etter utskiftinga eit heilt og udelt stykke jord tilsvarande det samla arealet på alle teigane som høyrde til bruket. Dersom eit bruk til dømes åtte 20 teigar à 2 mål, ville det no få eitt stykke på 40 mål.

Jordskifte av ymse slag og i ulike former har gått føre seg i fleire hundre år og er også behandla i fleire lover gjennom åra. Men ikkje før ei ny lov om «Udskiftning af Jord og Skov» kom i 1857, vart det fart på utskiftinga på våre kantar. Etter denne lova var det nok at éin gardeigar kravde jordskifte for å starte prosessen.

Alt i 1736 vart det halde åstadrett på Flem (gnr. 9) og gjort ei justering av eigedomane, slik at storleiken vart meir i samsvar med matrikkelskylda. Men det var framleis teigblanding, og klyngetunet vart ikkje endra. Der var då 7 gardbrukarar. Den store utskiftinga i 1866 starta med at Peter K. Flem og Andreas L. Gjøsund, høvesvis brukar og eigar av Gulagarden, sette fram krav om utskifting.

Der var då 12 gardsbruk og om lag 70 bygningar, og ved utskiftinga vart heile innmarka til Flem delt i tolv stykke etter storleiken på bruka. Såleis fekk kvart bruk alt sitt innmarksareal samla på éin stad, slik dei ligg i dag (Monsgarden er seinare delt i to). Etter utskiftinga var det mykje som skulle gjerast for å få den nye garden i drift; mellom anna måtte alle husa rivast, flyttast og setjast opp igjen på det nye gardstunet. I mange tilfelle vart det bygt nye og større hus.

Utskifting av innmarka på Longva (gnr. 8) vart gjort i 1868. Sjølve utskiftingsforretninga med oppmåling, fordeling av areal og «utsteining» (oppmerking av grenser) vart avslutta 27. juni 1868. Før utskiftinga låg fem av tuna ovanfor Longva-nausta – i området der minnestøtta over Tomas Longva står. Bers hadde alltid lege for seg sjølv oppe under fjellet, og husa i Bakken/Knutgarden (som var eitt bruk til ca. 1740) vart flytta opp ved sida av Bers i 1666. Etter utskiftinga av 1868 og ei «Overudskiftning» i 1869 vart resten av tuna etter kvart flytta ut av landsbyen nede ved sjøen og opp dit dei ligg i dag.

Rogne (gnr. 7) var det ei «lita» utskifting i 1854. Den kom i stand fordi det var blitt uklart kva og kor mykje av den dyrka jorda som høyrde til kvart bruk. Jorda vart no delt på dei åtte bruka etter matrikkelskylda. Dette gjaldt berre engmarka, ikkje åkeren. Den «blev udlagt med det samme Areal som enhver før havde». Men systemet med teigblanding heldt dei ved lag, og kvart bruk fekk fleire teigar spreidd omkring på ulike stader. Også Rogneholmen vart skifta i 1854 mellom dei seks hovudbruka som åtte den. Kvart av bruka hadde fleire teigar på holmen.

Etter jordskiftet flytta alle bruka etter kvart (i løpet av 25 år) husa sine om lag 500 m lenger opp – til dei nye teigane sine oppe på rimma. Såleis vart det slutt på klyngetunet nede på Rogneneset. Ved eit meir omfattande jordskifte i åra 1921–25 fekk alle bruka samla jorda si i eitt stykke med rette byteliner, slik dei ligg i dag.

Heile garden Nogva (gnr. 6) var eitt bruk fram til 1788, då det vart delt i to bruk. Seinare vaks det fram eit bruk til ut frå ein husmannsplass i Arhaugvika ved grensa mot Rogne. Det var her lensmann Amund Fjørtoft slo seg ned i 1839 og etter kvart fekk utvida plassen til å omfatte det som no er Stabogarden, Rimma og Vik.

Husa til dei to opphavlege bruka låg samla i eit klyngetun nede ved sjøen om lag der Olagarden ligg i dag fram til det vart gjort ei minneleg utskifting i 1878. Dette var ein avtale utan medverknad av rettsvesenet. Utskiftinga gjaldt Jogarden og Olagarden. For lensmannsgarden (kalla Harthaugvik) var det berre snakk om ei grensejustering i høve til dei to andre bruka.

Utskiftinga var sluttført 8/10-1878, tinglyst 31/10 same året og tredde i kraft etter tre månaders ankefrist den 7. januar 1879. Protokollen vart opplesen for partane «i Nærværelse og paahør af Lensmand Fjærtoft, Daniel Johnsen Nogved, Ole Karlsen Nogved og Gunder Berntsen Nogved.» Grensene for dei to bruka vart då om lag slik dei er i dag.

Han som måtte bygge nytt tun på ny plass, fekk fem års frist på å flytte alle husa. Han som vart verande att måtte bidra til flyttinga med både pengar og arbeid. 120 kroner skulle han betale i tre avdrag à kr. 40,- over tre år. I tillegg måtte han stå til teneste 20 arbeidsdagar «med Hest, Mand og Kjøreredskaber paa egen Kost» på dagar og tider utflyttaren forlangte det.

Uri (gnr. 5) starta ikkje som gard slik som dei ovanfor nemnde, og der var heller ikkje klyngetun. Grenda starta meir som plassebruk ved at folket i Gamleura fekk lov til å slå seg ned i utmarka i Støene. Desse to plassane vart seinare til matrikulerte bruk – Knutgarden og Trulsgarden. Dei andre bruka i Støene er gått ut frå desse.

Utmarka
låg i sambruk for alle oppsitjarane på kvar gard og vart brukt i fellesskap. Det einaste kunne vere at kvart bruk hadde sine eigne torvteigar. Elles vart utmarka for det meste brukt til beite. Dette stod ved lag til utskiftinga av utmarka vart gjort.

I 1863 rekvirerte Bakkekarane på Longva utskifting av utmarka. Men ikkje før i åra 1871–76 vart det gjennomført utskifting «…af Udmark til Skoløen (Flemsøen)…» som det står i skifteprotokollen. Utskiftinga rakk likevel berre opp til fjellrøra, slik at store delar av fjellet framleis (i 2018) er sameige.

Såleis er Bergedalen (Flemsdalen) m/omland felleseige for Flemsbruka; Longvadalen og vestre del av Skulefjellet høyrer til Øvre Longva, og søre delen av Skulen er det Nedre Longva som eig. Derifrå og nesten til fjellrøra i nordaust er sameige for Rognegardane, medan den stupbratte fjellsida mot Fjørtofta høyrer Nogva til. Nogva har dessutan sams grunn utover mot Uri, som også har eit stykke fellesareal der dei to gardane møtest. Hytta på fjelltoppen – «Skulebua» – står på Ner-Longva sin grunn, nær grensa til Rogne.

Gjennom skylddelingslova vart det lagt ned forbod mot å lage nye fellesskap – altså teigblanding. Men det var ikkje forbod mot å dele gardsbruket i to eller fleire delar, berre det vart gjort slik at kvar del vart ei sjølvstendig og klart avgrensa eining.

Særleg i dei skrale 1920- og 1930-åra vart somme gardar delte på to eller fleire søner. I desse dårlege tidene for fiskeria var det godt å ha ein jordlapp attåt. Men i nyare tid med arbeid i industri eller andre næringar med god inntekt, er det få som balar med småbruket lenger. Og det er få gardar igjen som er store nok til å gi levebrød til ein familie. Jordlova frå 1950-åra sette forbod mot deling av bruk utan samtykke frå jordstyret.

Nye opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Klyngetun, teigblanding og utskifting — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *