Her på øya, som elles langs kysten, livnærte folket seg av fiske og jordbruk. Dette var dei to viktigaste næringane i mange hundre år, heilt fram til 1950 og kanskje enno litt til. Begge delar var like viktig for å skaffe mat til folket, men fiskarbonden utmed havet brukte nok mest krefter på fisket fordi det kunne skaffe pengar attåt maten.

Folk budde i små landsbyar, eller klyngetun, og hadde tett hopehav i det daglege. Før utskiftinga var det teigblanding; jordstykka til dei ulike gardsbruka låg spreidd utover og blanda med kvarandre. Kvart bruk hadde mange teigar på ulike stader, slik at det skulle vere nokolunde lik fordeling av jord med ulik kvalitet. Og alle måtte ha torvteigar, som var viktig for å skaffe brensel til heimen.

Bøndene dyrka korn, særleg bygg og havre, i tillegg til poteter. Til vinterfôr åt dyra vart det tørka høy. Dei fleste hadde kyr og sau, kanskje også geiter og ein gris eller to og dessutan høner. Såleis produserte dei sjølve stort sett det dei trong av mjøl, mjølk, kjøt og egg. Og i sjøen var det fisk, så folket her ved havkanten hadde bra med mat. Det var langt på veg naturalhushald som rådde til godt ut på 1900-talet.

Så lenge gardsbruka låg i klyngetun med teigblanding, var jordbruksdrifta tungvint og lite effektiv. Teigane kunne vere så små at det var vanskeleg å drive dei godt, og å få til grøfting, til dømes, var nesten umogleg når det berørte mange teigar med ulike eigarar. Dessutan vart det lang veg frå husa til dei teigane som låg lengst vekke.

For å gjere gardsdrifta lettare og meir effektivt, la styresmaktene til rette for utskifting av jorda. Det innebar at ein teikna «gardskartet» på nytt og samla all jord som høyrde til eit bruk på éin plass. Dvs. jorda vart ikkje flytta, men kvart bruk fekk etter utskiftinga eit heilt og udelt stykke jord tilsvarande det samla arealet på alle teigane som høyrde til bruket. Dersom eit bruk til dømes åtte 10 teigar à 3 mål, ville det no få eitt stykke på 30 mål.

På Rogne var det ei «lita» utskifting i 1854. Den kom i stand fordi det var blitt uklart kva og kor mykje av den dyrka jorda som høyrde til kvart bruk. Jorda vart no delt på dei åtte bruka etter matrikkelskylda. Dette gjaldt berre engmarka, ikkje åkrane. Men systemet med teigblanding heldt dei ved lag, og kvart bruk fekk fleire teigar spreidd omkring på ulike stader. Etter jordskiftet flytta alle bruka etter kvart (i løpet av 25 år) husa sine om lag 500 m lenger opp – til teigane sine oppe på rimma (der vegen går no). Såleis vart det slutt på klyngetunet nede på Rogneneset. Ved eit meir omfattande jordskifte i åra 1921-26 fekk alle bruka samla jorda si i eitt stykke slik dei ligg i dag.

På Flem vart det gjort ei justering av eigedomane i 1736. Men det var framleis teigblanding, og klyngetunet vart ikkje endra. Utskiftinga av klyngetunet vart gjort i 1866. Der var då tolv gardsbruk, og  ved utskiftingsforretninga vart heile innmarka til Flem delt i tolv stykke etter storleiken på bruka. Såleis fekk kvart bruk alt sitt innmarksareal samla på éin stad, slik dei ligg i dag. Etter utskiftinga var det mykje som skulle gjerast for å få den nye garden i drift; mellom anna måtte alle husa rivast, flyttast og setjast opp igjen på det nye gardstunet. I mange tilfelle vart det bygt nye og større hus.

Nogva, Longva, Uri?


Kommentarer

Klyngetun, teigblanding og utskifting — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *