Det tradisjonelle vinterfisket etter torsk med opne båtar gjekk føre seg i februar–mars. Då strøymde det båtlag innafrå fjordane til øyane, og likeins unge menn frå Romsdalen og Nordfjord og andre stader som skulle hyre seg som rorskarar. Dei hadde fast lønn uansett kor mykje eller lite fisk som kom på land. Dette fisket hadde stor økonomisk verdi for mange.

Når båtane kom inn frå havet med fangsten om kvelden, møtte både kvinner og born opp nede ved vóren for å hjelpe til med å bere fisken opp i naustet. Grytidleg dagen etter reiste mennene ut på nytt, og det var kvinnfolka sin jobb å stelle fisken i naustet – sløye, flekkje og salte fisken som skulle bli til klippfisk. Saltinga av den flekte torsken måtte gjerast rett for å få god klippfisk, og derfor hadde kårmannen den jobben, om han var arbeidsfør.

Var det kaldt i vêret, kunne torsken vere stivfrosen om morgonen når dei kom for å verke han. Då vart det kalde fingrar og naglebit, men når dei hadde hatt naglebit tre gonger og nevane var tilklint av fiskeblod og sleipe, kjende dei lite til kulden, er det fortalt. Siste arbeidet var å skjere tunger og magar, rydde alt på plass og skylje golvet så det var klart for ny fiskelast til kvelden.

Var det godt fiske, kunne det vere mange hundre torsk som venta på behandling om morgonen. Det var gjerne kona på garden som flekte fisken medan ei tenestejente og kanskje ein halvvaksen gut sløgde. Rogna vart salta i tynner, og var der eit trandamperi i nærleiken, skulle levra fraktast dit. I motsett fall vart ho lagt i store kar for å bli til tran. Rygg og hovud av fisken vart lagt utover markene til gjødsel.

Etter at fisket var slutt om våren, vart den salta fisken vaska og lagt ut på berga eller steinmòlen for å tørkast til klippfisk. Dette fall gjerne saman med vårvinna på garden, og alle måtte vere med i arbeidet. Klippfisken var det mest kvinner og born som tok seg av. Svaberg eller steinområde til klippfisktørking høyrde med til ein gard like naturleg og var like viktig som ein åker eller torvteig.

Klippfisksnurr

Klippfisklad

Den salta og vaska fisken vart lagt utover om morgonen dersom det var bra vêr. Om ettermiddagen før det kom fukt i lufta var det å plukke saman fisken og legge han i lad. Det same gjorde ein om det teikna til nedbør. Ved å legge fisken side om side same vegen, vart det danna ein runding, slik at lada vart runde, med sporden i midten. Den kvite sida låg opp. Som vern mot nattedogg og regn vart det lagt ein flake (eit «tak») av tre på toppen.

Neste morgon var det å legge fisken utover igjen, og slik heldt dei på nokre veker til fisken var tørr. Soltørkinga gjorde han lys og fin. Så vart han flytta inn i naustet og sidan og selt til ein fiskehandlar. Handelshuset Rønneberg i Ålesund kjøpte mykje av klippfisken som vart produsert.

Etter kvart vart det meir vanleg å «selje fisken or sjøen» til fiskekjøparar. Men heimetilverking av særleg torsken til klippfisk heldt seg langt utover 1900-talet på våre kantar. Det auka verdien og kasta meir av seg enn å selje fisken fersk.

Seinare vart klippfiskproduksjonen industri. På 1930-talet starta Karl G. Flem (Dale-Karl) i fjøra på heimegarden, der det var både berg og stein å legge fisken utover på. På Gunnabuda starta Karl G. Longva å lage klippfisk i 1939. Her vart fisken tørka ute på hjellar som kunne vippast opp og ned i høve til sola på himmelen. Begge stader vart det sidan laga innandørs tørkeri med elektrisk varme og ei vifte som bles varmlufta over fisken.

(Meir informasjon og bilete er velkome.)


Kommentarer

Klippfisk — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *