Kva tid det første trandamperiet på Flem vart skipa, er ukjent. Men Flems tranbrænderi ved Peder E.P. Flem (Monsgarden) er oppført i Handelskatalogen for 1910. I 1915 festa sonen Elias bort «det jordstykke hvorpå Flems tran- og bruntranbrenneri og damperi nu står» til Flems Tranlag. Festetida var inntil 50 år mot årleg avgift på kr 25. Med litt velvilje kan ein seie at dette tranbrenneriet var starten på det som no er Karsten Flem AS.

Bror til Mons-Elias, Karl Gustav, kom heim frå Amerika med kone og fem born i 1928 og fekk ta over halve farsgarden i 1929. Det nye bruket fekk namnet Dalen. Etter at han hadde sett seg opp hus og fått garden i drift, starta han med produksjon av klippfisk og tran.

Karl kjøpte saltfisk frå Lofoten og vaska den i ein båt fylt med sjøvatn i Mons-naustet. Fisken vart så tørka til klippfisk på berg og steinmòlar i området. Borna måtte hjelpe til i arbeidet med å legge fisken utover og plukke han saman i lad om ettermiddagen. Saltfisk vart elles også kjøpt av lokale båtar, som Henko i 1953.

Han tok også over drifta av damperiet til Flems tranlag. Båtane som hadde partar i tranlaget, leverte torskelevra hit. På 1930-talet styrde Arthur Rogne damperiet. I 1940 vart eigedomen med tranbrenneri og «korgehus med innretninger og feste» skøytt over frå Flems tranlag til Haram Sparebank for kr 1.150. Året etter fekk Karl skøyte på trandamperiet av banken for kr 800. I krigsåra leverte han tran til Flem skule. Borna hadde med skei, og læraren delte ut.

Brenneriet låg nede i Dale-fjøra og bestod av to mindre hus med nokre meters avstand. I det eine huset var ein stimkjel som vart fyrt med torv og seinare med kol. I det andre huset stod den doble panna der tranen vart dampa. Dampen gjekk gjennom røyr mellom husa.

I 1946 kjøpte Karl saman med Ivar L. Omenås og Ingemann Grønning, begge frå Valldal, eit fiskebruk på Høgøya ved Svolvær. Dei oppretta firmaet Høgøya Fisk- og Tranforretning og dreiv produksjon av tran og saltfisk, særleg under lofotfisket. Både Karl og etter kvart sonen Karsten arbeidde der i mange år, mest i vintersesongen. Den andre sonen, Per, var der òg innimellom.

Etter krigen trappa Karl ned trandampinga på heimebane og flytta all tranproduksjon opp i det minste huset («brenneriet»). I det andre huset installerte han klippfisktørkeri i siste halvdel av 1950-talet. Det bestod av ein elektrisk omn og ei stor vifte som bles varm luft over fisken, som låg på brett på vogner som kunne trillast inn og ut av tørkerommet. Sjølv om fisken måtte på og av vognene nokre gonger før han var ferdig tørka, var denne metoden mykje meir effektiv enn sol og vind, og dessutan uavhengig av vêret.

Per og Karsten hjelpte nok til på garden og nede ved sjøen i oppveksten, men etter konfirmasjonen gjekk dei sine eigne vegar. Per utdanna seg til kokk og gjorde teneste på fiskebåtar. Karsten vart bakarlærling, fekk sveinebrev (fagbrev) i desember 1949 og arbeidde ei kort tid som bakar i Ålesund. Men han fekk astma-allergi av mjøl og måtte slutte. Vegen gjekk då til Nordfjordeid på handelsskule, og deretter eit år på Statens fiskeindustriskule i Vardø.

Sidan arbeidde han saman med faren i fiskeverksemda med firmanamnet Carl Flem & Son. Då faren døydde i 1962, fekk Karsten skøyte på fiskebruket, medan eldstebror Per tok over garden. Karsten bygde på og utvida huset i fjøra i fleire omgangar, og det vart no brukt til å vaske og tørke saltfisken, til lagring av både saltfisk og klippfisk, og til pakking.

Dei første åra kjøpte Karl saltfisk som han tørka til klippfisk. Etter at Flemspiren var fullført i 1949, tok han til å ta imot ferskfisk frå lokale båtar. Frå kaia på enden av piren vart fisken køyrd med hest og vogn eller dregen på ei tralle. Då det kom traktor i Dalen, vart den brukt til fisketransport. Til vintersesongen 1964 skaffa Karsten ei lita kran som han brukte på kaia til å losse fiskebåtane med.

Monsnaustet (som Dalen åtte halvdelen av) vart brukt til å stelle fisken. Her vart han sløgd, flekt og salta. Når det var godt fiskeri, kunne fiskedungen strekkje seg langt oppover frå naustet. Det var gjerne røynde fiskarar som stod for flekkinga.

Etter at fisken var saltmoden etter ei tid i lake i store betongkummar, vart han vaska, tørka og pakka for utskiping. Dette gjekk føre seg i huset der tørka var installert. I mange år var det fire–fem damer som hadde jobben med å vaske og tørke fisken: Kista (Kristine), Lise (Lovise), Lolle (Lovise), Palma og Sigrid Flem. Fiskekjæringane vart dei kalla. Unggutar fekk seg jobb med å spikre kasser, og ferdige kasser med klippfisk vart frakta att på piren og rent på fjøler ned i ein lekter.

Karsten bygde vidare ut nede i fjøra til der ikkje var plass til meir hus på tomta. Men verksemda ekspanderte vidare, og i 1966 fekk han løyve av hamnedirektøren til å bygge eit hus for fiskemottak med grunnflate 12 x 30 meter på vestsida attrast på piren. Asbjørn J. Rogne var byggmeister, og eit hus i tre høgder stod ferdig hausten 1967. I første etasje var det mottak, flekking og salting av fisk, i andre tørking, pakking og lager, og i tredje høgda kontor, pauserom og lager.

Med det nye huset kom nye tider for verksemda, med gode, moderne lokale og store golvflater. Ikkje minst var mykje spart med å redusere transporten opp og ned piren. Men forretninga gjekk godt, og huset som i utgangspunktet var stort og flott, måtte snart få hjelp til å ta unna auken i produksjonen. Det gjekk såleis ikkje lang tid før tanken om utviding melde seg, og då Hamnevesenet forlengde moloen med 35 meter i 1970, låg tilhøva til rette til å bygge på austsida. Mekvik Maskin køyrde stein og fylte ut byggegrunn, og Sverre J. Austnes sette opp eit betongbygg på 1.000 kvadratmeter.

Neste hustomt i sjøen var det Johan A. Haram sine maskiner som fylte ut. Oppå vart plassert eit lagerbygg på 1.200 m2, utført av Vestlandske Spennbetong i 1974.

Meir byggegrunn vart køyrt på plass av Johnny Longva og eit nytt bygg oppført i 1977. Her installerte bedrifta ei ny klippfisktørke, som nærmast revolusjonerte heile tørkeprosessen. Før måtte dei skifte tørke, som det heitte, som var å trille vognene med fisk ut frå tørkerommet, legge fisken i lad og fylle på med ny fisk som vart køyrt inn i tørka. Same fisken måtte på denne måten fleire omgongar i tørkeriet før han var ferdig klippfisk.

Ifølgje Karsten Flem var den nye tørka det beste som var å få, og det var den største som var bygd i Noreg til då. No var det slutt med å skifte tørke, fisken vart køyrt igjennom berre éin gong, og dermed var mykje arbeid spart. Der er plass til seksti tonn saltfisk i slengen, varme og vifter er automatisk styrt, og det er eit lukka system slik at lite varme går til spille.

Makrell og sild

I 1980 starta verksemda ny produksjon. Bladet Fiskaren kunne 4/12-1978 melde at Karsten Flem hadde fått lån og tilskot frå DU på 1,6 millionar kroner til investering i fryseri og kai. I januar 1979 tok Johan A. Haram til å køyre ut stein til ei ny fylling på Karsten, som er det gjengse namnet på bedrifta. Noko skulle bli parkeringsplass, men storparten vart byggegrunn for eit moderne mottaksanlegg for makrell.

Sorteringsanlegget var det første av sitt slag i landet og sorterte automatisk makrellen i fire storleikar. Deretter vart fisken frosen i 25 kilos plastkasser og sidan pakka for utskiping. Kapasiteten var på hundre tonn innfrysing i døgnet til minus 30 grader, og fryselageret med kapasitet på 2000 tonn heldt same temperaturen. Men «kunsten stig» etter som tida går, og større og meir effektive anlegg har erstatta det første.

For at makrellbåtane skulle kunne losse lasten sin, vart det bygt ei 40 meter lang djupvasskai saman med makrellanlegget. Denne vart etter kvart i minste laget, så i 1985 frakta Longva Maskin meir stein på plass, og kaia vart forlengd med 25 meter.

I 1990 fekk Vestlandske Spennbetong oppdraget med å setje opp eit tilbygg på 1.700 kvadratmeter til eksisterande fryseri og produksjonslokale. Tusen rutemeter var til fryselager og resten til produksjon.

Stadig større båtar kom for å losse eller laste fiskeprodukt, så med ytterlegare 30 meters påbygg i 1992 og 25 meter i 1995, ligg her no ei 120 m lang djupvasskai. I 1995 vart det også bygt eit nytt hus til fryselager og produksjonshall.

Nok ei utviding av fryse- og produksjonskapasiteten kom i 1997, då Spenncon AS i Hjørungavåg sette opp eit tilbygg på 1400 kvm. Fire år seinare vart det oppført eit bygg på 700 rutemeter for kjølelager til klippfisk. I 2005 kom endå eit nytt kuldeanlegg med frysemaskineri og -tunellar installert i eit nybygg. Total frysekapasitet i dag er 500 tonn i døgnet, og dei tek imot båtar med last på opptil 900 tonn makrell.

Dei neste ti åra var det rolegare på byggefronten, men i 2014/15 vart eit nytt mottaksanlegg oppført for pelagisk fisk (sild og makrell). Denne gongen var det mindre husbygging, mest installering av nye maskiner. Av pelagisk fisk er største delen makrell, som for det meste går til den asiatiske marknaden. Silda er det stort sett Aust-Europa som kjøper, saman med litt lodde. Åtte–ti tusen tonn pelagisk fisk går gjennom fryseanlegga årleg.

I tidlege tider tok Karsten mot fersk fisk frå dei lokale fiskebåtane, flekte og salta fisken og tørka han til klippfisk. Seinare, etter kvart som fiskeflåten forsvann frå dei nære områda, vart det kjøpt saltfisk, mest frå Nord-Noreg. I dag er det frosen fisk som er råstoffet, fiska i Barentshavet (torsk), fiskebankane langs kysten (sei) og andre stader. Fisken vert tint og laga til klippfisk på vanleg måte. 1.000–1.500 tonn klippfisk vert produsert per år.

Karsten Flem AS har vore ei familiebedrift heilt sidan den spede starten, og familien er framleis eigarar sjølv om verksemda no er aksjeselskap. Karsten Stig, sonen til Karsten, tok over som dagleg leiar i 2000. Forutan han sjølv arbeider i dag både kona Lillian og sonen Joachim på fiskebruket saman med åtte–ti andre tilsette. Omsetninga i firmaet dei siste åra har lege på omkring 130 millionar kroner.

I dei gamle bygningane i Dale-fjøra vert det ikkje lenger laga klippfisk. Heller ikkje det første bygget attpå piren vert brukt direkte i produksjonen. Folk trudde det skulle halde i lang tid, men etter berre to–tre år var det for lite. I staden inneheld andre høgda no to kontor, matsal, dame- og herregarderobe med tilhøyrande toalett og dusjanlegg, og hyblar med tekjøken. Første og tredje etasje vert nytta til lager.

Karsten Flem AS


Kommentarer

Karsten Flem AS — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *