Jonas Rogne i Jonasgarden på Flem vart enkjemann i 1922. Han gifta seg oppatt i 1931 og flytta med borna til Bærum, der den nye kona var lærar. Den nest eldste i flokken, Kåre, gifta seg med Jenny Olsbø frå Olsvika i 1941 og flytta heim til Jonasgarden same året.

Der starta dei oppatt med småbruket og skaffa seg lastebil i staden for hest både til å pløgje og køyre høy med, og dessutan til transport av torv, grus og andre ting som skulle fraktast både til seg sjølv og andre.

Men småbruket og lastebiloppdrag var ikkje nok å leve av, så Kåre Rogne installerte seg med ein verkstad i kjellaren der han reparerte slåmaskiner og anna jordbruksreiskap, båtmotorar, symaskiner, syklar og meir. I Oslo hadde han gått både middelskule (realskule) og handelsskule. Såleis hadde han høve til å løyse handelsbrev, som var påkravd for å drive forretning. I tillegg arbeidde han fem–seks år på bilverkstad, som kvalifiserte til fagbrev som bilmekanikar. Formell teknisk eller mekanisk utdanning hadde han ikkje, men var rikeleg utstyrt med innsikt og handlag.

Dei første åra fanst det nokre enkle maskiner i kjellarverkstaden, som boremaskin og smergel (slipemaskin) og dessutan ei esse for å kunne smi jarndelar. Seinare kom også sveiseapparat og anna verkty. På slutten av 1940-talet starta Kåre å lage jarndelane til ein vevstol som han og svogeren Oskar Flem produserte i lag. Sistnemnde laga delane av tre, og så blei bitane sett saman til eit komplett produkt. På same tida tok Vang Industri til å produsere kinostolar, og metalldelane til seta vart laga her på verkstaden.

Eit stort oppdrag denne tida var å bygge ein buss til Peder I. Longva (Støls-Peder). Understell og motor vart kjøpt inn, og Kåre laga overbygget av ein annan, kassert buss. Men «nasen» – frontpartiet – bygde han frå grunnen av. Resultatet vart ein kombinert vare- og passasjerbil. Kjellarverkstaden var i minste laget for dette prosjektet, så bussen vart bygd ute i hagen like nedanfor huset og var ferdig på ettersommaren 1954.

Med aukande arbeidsmengde og fleire arbeidsfolk vart trongen for meir plass enn det kjellarlokala kunne by på meir og meir påtrengande. Rogne starta difor arbeidet med eit nytt verkstadbygg nedanom vegen våren 1954. Harald Valen skava av jorda og grovplanerte tomta med bulldosar, og utpå hausten same året var huset oppe.

Her var det mykje betre plass til både folk, maskiner og utstyr, så aktiviteten kunne utvidast på ymse felt. Utover femtitalet tok også bilar og traktorar til å gjere sitt inntog på øya, og desse trong både reparasjonar og andre tenester. Viktig var det då at verksemda fekk offentleg autorisasjon som bilverkstad.

Innunder jul 1954 vart Kåre og tre av borna sjuke med tuberkulose, og alle fire hadde eit opphald på Reknes sanatorium i Molde. Kåre vart verande der i 6–7 månader, og sidan han hadde folk i arbeid i verkstaden, fungerte Oskar Flem som dagleg leiar i denne perioden. Både far og born vart friske igjen av sjukdomen.

På 1950- og 60-talet skjedde det store endringar i landbruket. Mellom anna vart hesten skifta ut med traktor, noko som etter kvart skaffa verkstaden mykje arbeid. Ikkje berre traktoren sjølv, men også reiskap måtte reparerast innimellom. I tillegg produserte dei ymse reiskap til traktoren – ikkje minst ei skuffe som dei fleste traktorar på øya vart utstyrte med, og som vart «eksportert» både til andre øyar og fastlandet. Mange traktortilhengarar vart òg laga på verkstaden.

Dessutan dreiv Kåre Rogne med import av traktorar denne tida og henta eit 20-tals brukte Ferguson dieseltraktorar («Gråtass») frå England. Dei måtte kjøpast usett – Kåre slapp ikkje ein gong inn på tollbua i Ålesund for å sjå dei før alle formalitetar var ordna. Traktorane vart selde til gardbrukarar her på øya og dei næraste bygdene.

Innføringa av traktoren med høveleg reiskap var som ein liten revolusjon i landbruket, og i siste del av 1960-talet kom ein ny revolusjon – i måten å slå og lagre grasfôret på. I staden for å tørke det til høy blei det no bygt store siloar, og graset vart slått med fôrhaustar. For å få graset opp i siloen vart det mange stader installert transportband, og desse var det Kåre Rogne Mek. Verksted som produserte. Då bøndene la om til blautgjødsel om lag på same tid, fekk dei laga seg gjødselpumper her.

Kåre Rogne hadde også autorisasjon som røyrleggar og utførte ein god del større oppdrag her på øyane. Mellom anna alt arbeidet med røyrlegging på Flem og Haramsøy skular (begge fullført i 1959), kraftverkbygget på Austnes og Haramsøy kafé. Det var ofte å ro over fjorden til Håneset på jobb om morgonen og tilbake om kvelden. Oddbjørn Flem, som arbeidde på verkstaden i 10–11 år, utførte mykje av røyrleggararbeidet. Ein heil del oppdrag hadde dei òg med å montere bad, toalett og septiktankar til private hus, og dessutan installasjon av oljekaminar.

Mange ulike produkt av metall vart laga på verkstaden, mellom anna portar og rekkverk av smijarn. Rogne vart også ein viktig underleverandør til Vang Industri som laga kinostolar. I samarbeid med Anton Flem utvikla han dei mekaniske delane som seta vart monterte på og som fekk dei til å gå i loddrett stilling. Det var brakettar i aluminium og spiralfjører og aksar av stål – alt saman utforma og laga på verkstaden. Slike delar vart produsert her til 15.000–20.000 kinostolar i løpet av ei god tiårsperiode frå rundt midten av 1950-talet.

Ei kortare periode i 1960–61 leverte Rogne også mekaniske delar til Peilo Teknikk. I starten hadde ikkje Peilo utstyr til å lage ventilar og andre mekaniske delar som måtte dreiast, borast eller gjengast, så dette vart gjort ute på verkstaden. Utforminga av delane vart også gjort her i samarbeid med Per M. Flem.

Frå omkring 1960 auka talet på bilar jamt og trutt på øya, og vedlikehald og reparasjonar av køyrety vart meir og meir ein hovudgeskjeft. Som nemnt var verksemda også autorisert bilverkstad, noko som innebar at alt slags arbeid kunne utførast på bilane. Og Kåre hadde både verkty, kunnskap og innsikt til å handtere det meste – frå reparasjon av motor og gir til oppretting og lakkering av karosseri.

Alt dette kunne han sjølvsagt ikkje rekke over utan arbeidshjelp – attåt arbeidet som dagleg leiar av bedrifta. På det meste var det seks tilsette på verkstaden, som såleis var ein ikkje ubetydeleg arbeidsplass og delvis «opplæringsanstalt» for unge gutar som var interessert i bil og mekanikk. Somme arbeidde her i mange år, andre i kortare tid.

Gjennom ein tidbolk på nærmare førti år var Kåre Rogne mek. Verksted ei viktig verksemd for bygda. Dit kunne ein gå og få reparert det meste som var laga av metall, og når det gjaldt å finne tekniske løysingar og konstruere nye ting det var trong for, stod Kåre sjeldan fast. Og når folk bad om assistanse til eitt eller anna var det sjeldan nei å få. Men etter som åra gjekk kom det meir ferdige produkt på marknaden, og med betre økonomi kunne folk kjøpe nytt i staden for å reparere. Såleis minka aktiviten litt om senn, Kåre nærma seg pensjonsalderen og vart råka av sjukdom, så verksemda vart avvikla omkring 1980.


Kommentarer

Kåre Rogne Mek. Verksted — 3 kommentarer

  1. Hei. Er ikkje sikker på at lastebilen «Jonas_Forden» blei brukt til å kjøyre høy med, der var ikkje slik veg opp til låvebrua. Blei nok heller ikkje brukt til å pløgje med.Trur dei av og til lånte Børstov-hesten.
    Her var ikkje så mange bilar på øya den gongen, så eg trur Kåre hadde diverse kjøyreoppdrag, bl.a. kjøyre grus til vedlikehald av vegane

    I tilleg til handelsskule hadde Kåre middelskulen (realskulen). Eg har forstått det slik at han gjekk i bilmekanikerlære i Oslo, og han soleis hadde fagbrev. Han arbeidde som bilmekanikar i mange år på Austlandet før han kom tilbake til Flem. Det at han var utlærd mekaniker var nok også grunnen til at kunne sete opp skiltet «Autorisert bilverkstad» på verkstadbygget.

    PS.

    Grunnen til at Jonas flytta til Bærum, var at han gifta seg oppatt med Margit, som var lærainne på Stabekk. Han kjende henne frå mange år tidlegare, då dei begge gjekk på folkehøgskule.

    DS.

    • Takk for innspel og nye opplysningar! Dei blir innarbeidd i historia.
      Det med pløgjing og høykøyring er nemnt av Kåre sine etterkomarar, så det får stå (ikkje så viktig heller for denne historia som først og fremst handlar om verkstaden og aktiviteten der).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *