Topografi og klima
Flemsøy/Skuløy er ei av øyane som utgjer øyrekkja Nordøyane på kysten nord for Ålesund. Øya har eit areal på 14,3 km2 og eit innbyggartal på 475 i 2018. Folketalet har gått sakte, men sikkert nedover dei siste tiåra. Ved folketeljinga pr. 1/12 1950 var folketalet 668, fordelt med 217 på Nogva/Rogne og 451 på Flem/Longva/Uri.

Høgste fjellet er Skulen med sine 492 meter over havet. Frå toppen er det eit fantastisk utsyn i alle himmelretningar. Næraste granneøyar er Fjørtofta og Harøya i nordaust, Haramsøya, Lepsøya og Vigra i sørvest.

Det går ein fjellrygg langs storparten av øya med det høgste punktet (Skulen) i søraust og så blir fjellet stadig lågare til lenger ut mot havet ein kjem. I nordaust stuper fjellet nesten loddrett ned, med berre ei smal stripe flatare land mot sjøen.

I sør og aust er det store areal med flatt land mellom fjellfoten og fjorden, og mesteparten er dyrka mark, bortsett frå nokre myrområde. I tidlegare tider var øya heilt snau for skog, og knapt eit tre var å sjå. Seinare har det blitt planta mykje skog, og særleg etter andre verdskrigen skaut skogplantinga fart. Såleis er store delar av dei lågare fjellpartia no skogkledd, liksom mykje leplanting er gjort over heile øya. Sommaren 2018 var her store hogstmaskiner frå firmaet Allskog i sving og tok ut mykje skog fleire stader på øya.

Klimaet er typisk vestlandsklima – skiftande mellom sol, regn og vind. Vêret byr på store og fascinerande kontrastar – frå dagar med speilblank fjord og sol frå knallblå, skyfri himmel via nesten vassrett piskande regn og sludd til «spektakulære» stormar med nyttårsorkanen i 1992 som det desiderte «høgdepunkt» i nyare tid.

Fordi havet styrer klimaet, og temperaturen i sjøen varierer med berre 4–5 °C gjennom året, får vi relativt milde vintrar og kjølige somrar på våre kantar. Nedbør er her rikeleg av, for det norske Vestlandet er faktisk av dei våtaste områda i heile Europa. Trøysta får vere at det regnar mest i indre strok.

Folk i 8000 år
I samband med bygginga av Nordøyvegen, gjorde arkeologar frå Universitetsmuseet i Bergen i 2015 utgravingar på fem lokalitetar langs nedstevegen på Longva frå litt innom krysset Bersvegen/fylkesvegen til like innom Sperragarden (ca. hundre meter utom bedehuset). Vegen ligg på toppen av ein strandvoll, eller rim, som havet laga for fleire tusen år sidan.

Slike rimmer har vi fleire stader (jfr. Midtrimma i Longvamyrane), og dei er opphav til gardsnamnet Rimma, som finst både på Flem, Longva og Nogva. Den nemnde strandvollen, som nedstevegen stort sett ligg på, er den yngste og mest markante rimma. Her låg havet og landet på om lag same nivå i over 3000 år, slik at bårene fekk god tid på å legge opp masse av stein, sand og grus.

Denne strandvollen, om lag 10 meter over dagens havnivå, har i fleire tusen år vore ein ettertrakta stad for folk å opphalde seg på. Grunnane kan vere at plassen var tørr, at det var nært sjøen med god utsikt, og at vollen kunne gi ly for vêr og vind. Arkeologane fann mange spor etter menneskeleg aktivitet i området, mellom anna restar og spor etter eldstader og bustader. Likeins var der reiskapar som økser og meislar, pilespissar og fiskesøkker av stein. Dessutan store mengder flintavslag – fliser og restar etter tilverking av slike reiskapar. I alt samla dei nærmare 100 000 gjenstandar og steinavfall frå produksjonen av reiskap.

Undersøkingane til arkeologane viser at folk har opphalde seg på denne strandvollen frå ca. 6000 f.Kr. til 550 f.Kr. Dei budde her truleg ikkje fast, men heller periodevis og kanskje helst i sommarsesongen. Funna tyder på at det var særleg stor aktivitet i perioden 5600–4900 f.Kr.

(Meir informasjon om utgravingane i HKL-skrift nr. 67, 2017.)

Den første spede starten på eit landbruk i Noreg var fehald for om lag 6000 år sidan. Med husdyr kunne folket spe på føda attåt jakt og fangst, som var hovudnæringa enno eit par tusen år. Men frå rundt 2000 f.Kr. vart korndyrking stadig viktigare, noko som gjorde menneska meir stadbundne.

Nøyaktig kva tid folk gjorde bønder av seg og vart fastbuande her på øya, veit ingen. Truleg starta det med at ei gruppe menneske slo seg ned ein stad og starta å dyrke korn og halde husdyr attåt fiske og fangst. Når folketalet auka og det vart trongt om plassen, drog kanskje nokre av dei til ein ny plass og «starta for seg sjølv». Slik vaks det etter kvart fram fire gardar her på øya – Flem, Longva, Rogne og Nogva, og dessutan Berg (Bers) og sidan også Uri (Støene).


Kommentarer

Innleiing – generell omtale av øya — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *